Gå til innhald

Luke 21 – Skitnesundag

desember 21, 2014

 

image

Før hugsar eg at dei kalte den siste sundagen før jul for skitnesundag. Då var det ikkje så nøye med om ein haldt helgefreden, som innebar minst moglegkvardagsarbeid på sundagane. Nå gjaldt det å bli ferdig før jul med alt som gjerast skulle. I dag trur eg me kan seia at me har hatt skikkeleg skitnesundag i moderne forstand. Rett nok så høyrde eg på ei fin messe på P2 i dag morges medan eg gjorde ferdig forskjellig.

Så begynte galskapen. I dag var det sundagsopne butikkar, og me fann ut at me ville inn til Forus for å kikka etter ein bestemt julegave me ikkje hadde fått tak på heime. Det var kø innover på bilvegen, skikkeleg valfart til butikkane. Då me kom fram til kjøpesenteret var det lange køar for å få parkeringsplass og inne kokte det av folk. Det var julemusikk og nissar og Whitney christmas, og ute høljeregna det. Vatnet øste ned som frå opne himmelsluser. Det er den mørkaste dagen i året, og det vart i grunnen aldri lyst ute.

Då me kom heim, kom Odd Christian vandrande i regnet og lurte på om eg og han kunne kjøra til Klepp for å henta noko han hadde bestilt. Dermed vart det endå meir kjøpesenter, men me oppdaga at me hadde frykteleg dårleg tid. I kassen på Mega hadde eg plutseleg ikkje bankkortet. Odd Christian var gentleman og betalte for meg og sa at eg måtte ta det med ro, dette ordna seg. Eg endevende lommebok og lommer, men ingen bankkort. Eg kom på at eg hadde brukt det i ein bokhandel og tenkte at eg måtte ha lagt det igjen i bankterminalen. Eg såg at dei var i ferd med å stengja, sprang inn for å rekkja det før gitteret gjekk ned, og sprang rett på eit gammaldags tiliters mjølkespann som stod i opninga med kvistar og kuler i. Spannet gjekk i golvet med eit brak og kvistane skvatt, eg unnskylde meg, rydda og spurde etter kortet omtrent samtidig, og såg meg sjølv litt utanfrå som ei hysterisk stressa » kåna på julehandel» av absolutt verste slaget. Dei forstod ingenting og hadde ikkje sett bankkortet. Eg fann det til slutt liggjande laust i veska, og kunne forlata senteret med rett rygg og ein tålmodig son i det dei stengde.

Vel heime bakte eg og Sunniva dei siste fire bretta med peparkaker, og eg laga uhorvelege mengder med risbollar. Nå er det nok baking for i år…

image

 

Og her er svigermor sine salt- og peparnissar som eg har arva. Ho var nok meir glad i nissar enn meg, så nå har me fått oss ei samling, mellom anna ein gammal stor piperøykjande nisse som heng fast i eit fat dei alltid hadde nøter på. Det må eg kanskje kjøpa for at det skal bli rett? Gammaldagse julenøter til å knekka med nøtteknekkar.

image

 

Heidi

 

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: