15.mai
Dette må vera den heilt optimale dagen for ein togtur mellom Bryne og Oslo. Plutseleg hugsa eg korfor mai alltid har vore ein av favorittmånadane mine. Himmelen var intenst blå og naturen intenst grøn. Nå, før me venner oss til synet, så er det heilt overveldande kor vakker den norske naturen er. Eg blir nesten overvelda av eit slags mjukt og varmt vemod. Eg brukte rett og slett litt av tida til å fotografera ut av togvindauget, sjølvsagt er det håplaust reint fototeknisk, men bare for å gje eit inntrykk av naturen med eit bjørkegrønt slør frå trea ved vindauget, så tek eg med eit par av dei.
I tillegg så hadde eg verdens beste reisefylgje i Borghild, så turen gjekk veldig fort.
Med eit felles gen for hypokonderi, så opplevde me det veldig trygt å finna oss ein plass rett under hjartestartaren.
Vel framme i Oslo vart eg galant teken i mot av Leif som til og med tok kofferten og det store biletet eg hadde med til Oslo. Han og resten av familien min i form av mor, far, syster, bror, svoger og svigerinne ankom hovudstaden med fly tidlegare i dag. Som svoren NSB- entusiast, og av det eg kan velgja å kalla miljøvernhensyn, sette eg meg heller på toget.
I Oslo var det nesten full sommar. Det var knallblå himmel og ein varme me ikkje har kjend til nå i vår der vest. Det er nesten ufatteleg at det i fylgje meteorologene skal slå om til skikkeleg regnver i morgon. Med eit innlagd stopp på ein fortausrestaurant, ankom me hotellet. Om fem minutt skal me ut og eta middag. Me blir tolv til bords inkludert Borghild, Sunniva, Vilde og Halvard. Det blir kjekt å sjå att ungane.
Heidi