Skip to content

Kristi himmelfartsdag

mai 14, 2015

image

Dette har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Eg feirer dagen med desse himmelblå blomane som minner meg veldig om bestemor. Ho elska akkurat den blåfargen, og forglemmegei var den absolutte favorittblomen hennar. Dette er ein hageblom, men fargen og storleiken minner om forglemmegei.

Dagen var via til å koma i havn med boka frå skapande skriving. Målet er ikkje nådd, som det heiter på IOP-språket. Eg har halde på med det mesteparten av dagen, men på grunn av problem med å få til å bruka programmet eg skulle laga boka med, så gjekk det grueleg seint i starten. Det er nå godt begynt i alle fall, eg får prøva å gjera meg ferdig i løpet av dei første dagane i veka som kjem. Dei er langdagar, men det blir vel litt tid om kveldane. Det viktigste er at eg får det til nå, og at boka blir fin. Eg gleder meg og over at arbeidet er utruleg kjekt når eg har kome så langt som nå. Eg gløymer frå år til år kor utruleg mykje arbeid det er med å få prosjektet vel i havn, det må jo bety at eg synest det er bryet verd. Det er veldig spennande å jobba med tekstar skrivne av barn og ungdomar.

Ein liten tur ut på sykkelen vart det. Eg fekk endeleg gratulert Tonje skikkeleg med forlengst overstått 18-årsdag, og det var koseleg at presangen fall i smak. Kaffi og sjokolademuffins med Tonje, Borghild og Gerd, vart det og. Nå må eg takka for meg her inne for i kveld, for i morgontidleg hoppar eg på toget til Oslo, og eg har ikkje begymt å pakka. Pakking inneber i dette tilfellet ein del stryking, så det er bare å koma i gang…

Lenge såg det ut som om me skulle sleppa unna 17.-mairegnet dei lovar her på Jæren, men siste oppdatering lovar regn i Oslo og. Det ser ut som om nissen fylgjer med på lasset.

Til rors Columbus…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: