Skip to content

18.mai

mai 18, 2015

17645949379_9ef727622c_o

Nokre dagar er ekstra fullmøblerte. Dette er ein av dei. Etter undervisninga gjekk me rett i gang med planleggjing av neste skuleår. Det kjennest nesten surrealistisk å vera der. Nokre menneske er alltid i forkant. Eg er ikkje eit av dei. I beste fall held eg perfekt fylgje med meg sjølv, i verste fall diltar eg fem steg bak. Men nå er planleggjinga godt i gang. Me skal nok finna ut av det denne gongen og, og det skal nok bli bra.

Nå har eg brukt kvelden til å redigera inn tekstar i boka frå skapande skriving. Ho skulle helst ha vore send inn før helga, men eg rekk det nok. Eg har akkurat innsett at eg ikkje kjem til å rekkja å gjera det ferdig i kveld heller, men i morgon, i morgon… Det viktigaste er at eg er godt fornøgd og synest at ho blir fin.

Nå skal eg bare… Vaska håret, henga opp klede, førebu ein time om då Siddharta Gautama vart ein Buddha, og pakka ut kofferten. Nei, forresten, det siste kan eg godt gjera i morgon…

Og så kan eg jo stansa med dette. Det kan eg jo faktisk. Eg tek med nokre overdrivingar, forfatta av skriveelevane mine. Så blir det litt lyrisk innhald i dette innlegget og…

*

Han var så solbrend at han kunne ha steikt egg på kroppen sin.

*

Ho var så låg at øyrene laga striper i sanden når ho gjekk tur på stranda.

*

Han var så rik at det bare var plass til pengane hans i huset.

*

Han hadde så stor nase at familien pleidde å sitja på nasen hans når dei tok familiebilete.

*

Ho var så tynn at ho var usynleg når ho stod sidelengs.

 

Og så tek eg med eit av dei fine 17.maibileta til fotografen min sånn heilt til slutt. Det blir eit heilt år til neste gong det passar å visa det fram.

 

17209676844_3415eed42b_oHeidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: