Skip to content

17.mai

mai 17, 2015

image God 17.mai alle saman. På hotellet feira dei dagen med marsipankake og sjampanje til frokost. Me har vore nede og vinka til Fabian Stang, Garden, dei kongelege og barna i barnetoget. Tåpelig nok blir eg rørt til tårer kvar gong eg ser barn i korps. image

image

Eg går ut i frå at det er Sonja som har kvit hatt og lyseblå kjole.

Seinare oppdatering:

Etter at eg og Leif hadde hatt ein tur for å kikka på toget aleine, gjekk me opp til dei andre, som hadde teke det litt meir med ro om morgonen. Så bar det ned til Karl Johan att. Då høyrde me ein som sa » God dag, lensmann!» Og der var far gjenkjend, og me måtte stansa og venta mens han snakka med ein heimefrå. Slikt skjer alltid heime, me er vaksne opp med å venta på far som snakkar med nokon, men i dag hadde me vel kanskje ikkje venta det, eg og Leif ende forresten og opp med å treffa kjende, så verda er ikkje så stor.

i dag hadde dei som reiste med tog litt betre tid enn dei som reiste med fly. Eg vinka dei andre av garde, så fekk eg med meg fin song frå studentersangforeningen på universitetstrappa.

image

Så sulla eg litt rundt og såg på folk. Det var ein utmerka dag for slike aktivitetar. Eg og Halvard hadde ein middagsdate, det viste seg å vera veldig fullt overalt, så me ende opp på Peppes der me fekk oss halvannan time i lag før eg gjekk på toget. Han er alltid ein spennande person å snakka med.

image

Eg har i grunnen gleda meg litt til å kjøra tog på 17.mai. Det er ei ny oppleving. Det er veldig avslappande her i dag med få passasjerar. Nokre av dei er i bunad, og nokre har skifta over til noko meir bekvemt. Mange har nok trava rundt i byen, for dei sparkar av seg vonde finsko, og lener seg tilbake i stolen. Fleire har sovna. Eg har kjøpt meg kaffi, fariseerne, gresk yoghurt og ei avis. Nå skal eg kikka ut av vindauget, lesa og kosa meg. Og mens eg hugsar det: vêret har vore heilt ok heile dagen.

Heidi

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: