Gå til innhald

Snart er mai protokollført, og så er det sommar

mai 31, 2015

17993835211_0fd8be62dc_o

Med den nye kunsten på Kaizersplass, så skriv eg siste dagen i mai inn i dokumentet. Mission completed. Endå ein gong har eg klart å samla saman alle dagane i denne månaden slik at dei ligg bevarte her på bloggen. Nå er det ikkje heilt rett måte å seia det på, for det har skjedd mykje i mai som ikkje ligg her. Det er snarare det at kvar dag har eg skrive ned noko av det eg har tenkt og lagt det i ei skuffe her.

Det har vore ein månad med mykje innhald, og det har vore kaldt ute. Likevel har det etterkvart blitt grønt og fint, og i morgon er det i følge kalendaren sommar. Det er litt vanskeleg å forstå at det er slik det er, men sidan kalendarar ikkje har det med å lyga, så får me tru på det. Sommaren er yndlingsårstida mi, så nå kjem eg i full fart og kastar meg hovudstups inn i sommaren.

Her har det vore jærdag med marknad og masse folk, og i kjøleskapet vårt ligg det fransk ost kjøpt på matmarknaden, godt innepakka i papir og plast fordi han luktar så sterkt. Dei siste dagane har eg gått rundt og ræppa på dei fire lange versa eg skal framføra på personalrevyen. Det vanskelege er at orda må trilla ut som perler på snorer utan at ein har tid til å tenkja seg om eller trekkja pusten slik at dei kjem rytmisk rett i forhold til musikken. Eg er ikkje heilt sikker på om eg kjem til å klara dette feilfritt, men eg får gjera så godt eg kan. Dersom ungane mine les dette, så kan eg trøysta dei med at eg ikkje kjem til å utføra sånne handbevegelsar som ræpparar pleier å ha (Yo!). Det var visst det eg absolutt ikkje fekk til sist 😉

Nå har eg av alle ting tenkt å skriva eit gammaldags papirbrev, eg driv nemleg med slikt av og til…

Me snakkast nok i juni og.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Lukka til med revyen! Skulle gjerne sett deg! Handskrive – i tillegg til alt anna du skriv! Korleis går det an??

  2. Ja, av og til koser eg meg med handskriving 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: