Skip to content

Språk for det me ikkje har ord for

juli 10, 2015

image

Spørsmåla mellom orda
gøymer seg
slik at me nesten gløymer
at dei er der,
lydlause snik dei seg
opp og ned mellom linjene.

Likevel
hugsar me stundom
det me veit
om å elska.

Me siglar saman
gjennom timane
gjennom nettene
medan me held oss fast
i minne ord og bilete,

medan me klamrar oss
hjelpelaust smilande
til dette me aldri
hugsar namnet på.

Men visst held me oss fast
med blikk og fingertuppar
klamrar oss så godt me kan
til melodiane og månestrålene.

Ikkje vil me vel
fly vekk med vinden
ikkje vil me forsvinna.

***

image

Pakk livet ditt rundt deg,
gå ut og ver ein forskjell.

Opna dørene mot byen,
slå gjerne krossmerket
på panna di og på brystet ditt.

Legg navlen og nasetippen
forsiktig til sides.

Ta heller med deg hjartet ditt
det såre og det varme,
ikkje tenk for mykje,
bare ta det med.

Tenn eit lys
for alt du ikkje har ord for,
for alt du aldri sa.

Skrell dei store appelsinene,
ta på deg blusen
med dei rosa prikkane,
ta gjerne ullsokkar på føtene og

det kan koma godt med.

***

Eg sit her og jobbar med ord og dikt. Akkurat nå er eg ute av stand til å vurdera om det eg har skrive er bra eller ikkje… Men eg fann ut at eg kunne i det minste dela eit par av tekstane her. Så er det blitt litt bruk for dei i alle fall…

Heidi

From → Poesi, Skriving

2 kommentarar
  1. Eg får ikkje så mykje ut av det fyrste diktet, sjølv om eg likte orda. Eg klarer ikkje å kopla meg på, på ein måte. Men det diktet er sikkert berre ikkje for akkurat meg. Det andre diktet derimot, er lett å kopla seg på. Eit lite hjartesukk frå meg: Kan du skriva hjarta i staden for hjartet – sidan me seier hjerta. I tråd me uttalen kunne me òg skriva -a, fram til siste rettskrivingsreform. Nå er ikkje eg akkurat konsekvent når det gjeld å skriva som eg snakkar, for talemålet mitt er for sterkt prega av bokmål, etter min smak! Rart det der, viss eg hadde fått det til, ville eg ha snakka annleis enn eg gjer.
    Eg likte alt i det andre diktet, men eg synest det sluttar litt for brått – for meg. Eg er berre så vidt komen ut, men ikkje i gang, og så er det slutt. Kva no? Eg treng noko som leier meg litt vidare, eller så er det mest som eg berre vil snu i døra og gå inn att. Alt i diktet er fint, talande, levande, det er berre litt for kort.

  2. Takk for nyttig og viktig tilbakemelding. 🙂 Eg les alt som blir sagt om tekstane mine med aller største interesse, for dette er ein litt einsam prosess. ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: