Kjærleik ved første blikk
Eg hadde minst tre veldig gode grunnar til å ha veldig lyst på denne turen. Eg hadde lyst til å reisa med Nordlandsbanen og til å oppleva Mosjøen, eg har det alltid veldig triveleg i lag med Eva Mari, og kanskje aller viktigast, eg hadde utruleg lyst til å møta og bli betre kjend med ungane til Arild. Dei har kome tett, og bur langt borte, så faktisk er det bare eldstejenta på fire og eit halvt år eg har møtt før. Minstejenta på tre og vesleguten på rett over året har eg bare sett på mange bilete.
Eg hadde gleda meg veldig til å møta dei og vera medbarnevakt denne helga. Det var veldig koseleg å bli kalt «tante Heidi» frå første stund av dei to som har lært å snakka. Den eine jenta hadde fortald mormora si på førehand at » Vi har ikkje møtt ho, men vi kjenne ho likevel.» Luer og panneband som eg hadde kjøpt med frå Olinda sin produksjon med motiv frå filmen «Frost»viste seg å vera ein stor suksessfaktor. Det same var nokre dokkehusmøbler til montering i heimen, kjøpt på ein eller annan hobbybutikk for lenge sidan, som eg tok med i kofferten. Dei to jentene var så ivrige og uthaldande og syntest det var kjempekjekt å laga møblar sjølv om desse viste seg å bera preg av å ha vore veldig billige. Delene var ikkje heilt nøyaktig utskorne, så det vart litt skakt og rart. Heldigvis betydde ikkje det så mykje.
I dag har me fått gjenoppfriska ferdigheitane som småbarnsmødre som me hadde heilt inne for ein tjue-tretti år sidan. Det går i full fart med to sprell- levande og veldig verbale småjenter og ein veslebror som nettopp har lært å gå, kryp raskare enn lynet, og er høgt og lågt. Eg greip meg i å lura på korleis eg fekk tid til å gjera husarbeid då eg hadde fire små barn. Dei som kjenner meg vil kanskje skyta inn at det hadde me viss ikkje tid til heller, og det kan dei ha rett i. Meir enn noko hugsar eg kor kjekt og levande det kjendest ut å ha huset fullt av små barn.
I dag har me vore på tur til Mosjøen sentrum. Eldstejenta definerte vêret som » sjekkeleg sjitvær». Det regna litt, og bles ganske surt, men jentene var flinke til å gå, og Mosjøen var ein sjarmerande plass.
Me var på kulturkafe og drakk kakao med krem for å få varmen i oss att. Der selde dei vaflar med kokte egg, og vaflar med kjøtpålegg i tillegg til dei meir tradisjonelle med syltetøy.
Og me måtte smaka lefse med nordlandsgome. Gomen var kokt med risgryn og rosiner og smakte forskjellig frå den heime. Dei selde og pannekaker rulla saman med gome i midten.
Vel heime att så laga Eva Mari kanelbollar med jentene, og me laga folk av piperensarar som kunne sitja i møblane me hadde laga. Så var me inviterte til å eta pølser og eplekake hos mormor og morfar til barna. Det var kjempekoseleg. Etter leiking, lesing, lørdagsgodt og synging sov dei tre yngste etterkvart trygt i kvar si seng. Me vaksne slo oss til for å sjå på Lindmo, men hadde alvorlege problem med å halda oss vakne, så etterpå gjekk me rett og slett og la oss… Nå har eg skrive meg inn i den timen som er bonustid akkurat denne helga. Det passa meg utmerka at den timen kom nå.
Heidi