Gå til innhald

Med NSB inn i forsommaren

mai 5, 2016

imageEg prøver meg med ein togtekst, sjølv om dekninga er veldig dårleg. Me kjører akkurat nå ut frå Nelaug stasjon. Eg prøvde å ta bilete der i frå og leggja ut, men dekninga var for dårleg til at det lot seg gjera.

Veret er nydeleg ute med maiblå himmel, sol og små kvite, tjukke bølgete skyer, slike som det alltid eter på barneteikningar. Bjørkene står grøne med kvite stammar. Akkurat den grønnfargen som er på nyutsprungne bjørkeblad er noko av det finaste eg veit. Eg kjenner på den litt overveldande kjensla av at nå vaknar alt til liv, den kjensla forbind eg med syttande mai. Eg trur den viktigste grunnen til at syttande mai- tradisjonane held seg så godt i Norge er at me treng denne hårfestet i raudt, blått, kvitt etter ein lang og forblåst vinter. Det kan godt vera at den offisielle norske vinteren er kvit, på Jæren er han bleikt halmgul og blå. Alle treng me den intense grøne vårfargen nå. Me treng sola i ansiktet og varme på ryggen.

Nå kjører me inn på Vegårdsghei stasjon. Eg prøver å lagra det eg har skrive til nå, og får to beskjedar. Det er ikkje nett til å publisera og lagring av tekst let seg ikkje gjera. Då er det bare å fortsetja med å skriva og håpa på betre tider. Slik er det å skriva Internett- tekstar på sørlandsbanen. Det kan gå bra, eller ein kan mista alt saman. Sånn sett minner det kanskje ganske mykje om det å leva…

Og jammen, der fekk eg til å publisera… Kanskje eg øydelegg alt med å prøva å skriva meir, men nå er me så godt i gang at eg bare får ta sjansen. Det er ei fredeleg forsamling som tek toget på føremiddagen på Kristi himmelfarsdag. Nokre snakkar lågmælt saman, andre søv eller raslar med aviser. Det er fantastisk fint å bare sitja her og la seg frakta over heia. Nå er me litt oppe i høgda, akkurat her er det mest grantre å sjå og Bjørkeneset står helst kvitstamma og nakne og er minst ei veke bak dei me såg i Kristiansand. Kjem den varmen dei har lova oss så er det nok merkbart grønare når eg reiser tilbake på måndag. Og jammen trur eg ikkje me reiste forbi ein bakke med kvitveis nettopp. Det er dei første eg har sett i år.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommentarfeltet er stengt.

%d bloggarar likar dette: