Tull frå tog
Eit eldre ektepar kjem inn og set seg i dobbelsetet bak oss. Dei riggar seg til med bagasjen sin. » Går det bra?»spør konduktøren som kjem forbi. «Jada, men det hadde gått betraktelig bedre for tyve år siden», svarer mannen. » Ja, for tyve år sia hadde det vel gått bedre med både det eine og det andre,» svarer konduktøren jovialt…
Ei lukt av kaffi frå ein open termos sprer seg i togvogna. » Det e kanskje litt tidli å begynne på kaffen,» seier ein mann. » Nei, då det er heilt rett tid for kaffi,» seier eg med mitt mest sjarmerande smil og går bort til han. » Eg tek gjerne ein kopp eg og dersom du har full termos og noko å drikka av!»
Det siste er sjølvsagt ikkje sant. Siste del av den sistnevnte episoden foregår bare i fantasien min. Eg elskar å lytta roleg og avslappa til andre sine kvardagssamtalar, og kosar meg med å laga små teaterstykke og romanar i hovudet mitt med utgangspunkt i det som faktisk skjer og det som kanskje kunne ha skjedd…
Eit ungt par som nok opprinneleg kjem frå eit varmare land enn Norge sit framfor meg. Dei har ete nistematen sin, som lukta atskillig betre enn kvitostskivene fleire av dei andre rygg på. Me sit slik til at me deler eit vindauge, det vil seia dei har mesteparten av det og eg den siste fjerdeparten. Plutseleg dreg han rullegardinen nesten ned for å verna seg og kjærasten mot sjenerende sol. Eg sat og nytte utsikten og lurde på om eg skulle gå i forhandlingar om å dra det halvvegs opp igjen. Så besinna eg meg… Det er nok krigar i verda om eg ikkje skal gje meg inn i krangler om eit rullegardin på eit tog…
Som om han kunne lesa kva eg skreiv, strekkjer han akkurat nå ut armen og dreg gardinet nesten opp att. Ein liten gut fortel noko til mor si. «Æ dette ei røverhistorie?» spør ho. » ja, så klart dæ æ dæ!»seier, æhhhh, tenkjer eg, – meiner eg.