Første rapport frå togfararane
Så er me i gang med neste feriefase. Med eit visst vemod hoppa me ut av bilen til Odd Christian med koffertar og pass for å leggja i veg ut i den store verda aleine. Eg kjem til å sakna den store familien rundt langbordet, bilturar med mor og far og lange spelekveldar med «ungane». For «ungane» er dei sjølv om dei er vaksne…
Me vart sette av i Hjørring, og skulle ta tog til Ålborg for å nå Hamburgtoget der i frå. Første vesle skjær i sjøen var at dette toget var nesten ein halvtime forsinka til stasjonen. Heldigvis hadde me berekna god tid, så for oss vart det ikkje noko problem.
Nå har me reist med Hamburgtoget i snart tre timar. Me rullar gjennom Sønderjylland og er snart ved tyskegrensa. Til nå har det vore den perfekte måten å reisa på. Eg har nytt å sitja her og glippa litt med auga medan eg lar den danske sommaren passera gjennom togvindauget. Det er godt å bruka litt tid på å tenkja på den fine veka på Grønhøj og gjera meg mentalt klar til resten av ferien. Akkurat nå er det den perfekte måten å bruka ein laurdag ettermiddag på… Eg kikkar litt i danske aviser, smuglyttar til samtaler og observerer nyssgjerrig mine medpassasjerar på det eg håpar ikkje er ein alt for openlys måte…
I kveld kjem me fram til Berlin der me skal vera i tre netter. Eg veit frå før av ar Berlin er ein fin by å vera i, og i fylgje vermeldingane så er me lova fint sommarver med ca tjuefem grader. Det seier me jatakk til.
I sommar har eg teke meg tid til å lesa ei bok av Thomas Sjødin som heiter «Det er mye du ikke må.» Som pastor og forfattar fann han ut at han skulle bruka nokre månadar på kunsten å kvila og vera stille og lyttande. Eg har tenkt å la meg utfordra til å gjera litt av det same. Livet mitt er ofte nok fullmøblert, og i ferien har ein sjanse til å ta inn på eit litt rolegare spor. Det er ikje feil å ha tid til å lytta til eigne tankar, reflektera over livet sitt og ta seg tid til å prøva å høyra Guds stemme, vinden og fuglesongen… Kanskje det til og med opnar seg vegar eg ikkje har visst om…
Nå rullar me inn på Lunderskov stasjon. » Oplev Lunderskov» står det på eit informasjonsskilt like ved stasjonen i det som ser ut til å vera ei usedvanleg laurdagsstille jernbanegate. Kanskje ville eg fått impulsar for livet om eg tillot meg å oppleva Lundetakoverbygg, men i dag tek eg meg ikkje tid til den utfordringa. Kven veit kor livet fører meg… Eg kan framleis koma til å få oppleva Lunderskov…
Heidi
Heidi