Berlin – Warszawa
Desse gatemusikantane får spela oss til Warszawa, for i dag har det blitt lite fotografering. Me vart seine i dag morges då me skulle finna toget vårt, og vart forvirra då me ikkje fann vogna som stod på billetten. Det viste seg at den vogna av ein eller annan grunn var tatt av togsettet.
Heldigvis fekk me sitja saman likevel i ein slik liten gammaldags kupe med sete mot einannan og vindu og glassvegg ut mot gangen. Slike har eg ikkje sett på mange år, men eg reiste ofte med dei på interrail i ungdomen, så det var litt koseleg. Der sat me saman med ei polsk dame og ein polsk mann, og jammen dukka det ikkje opp ei gammaldags togtralle med servering av kaffi, te, brus og vatn. Eg takka ja til kaffi, og syntest det var både koseleg og godt, men tenkte nok i mitt stille sinn at kaffien på polske tog var relativt tynn…
Etter å ha drikke ein halv kopp, forstod eg korfor. Det eg trudde var ein papirrull med mjølkepulver viste seg å vera pulverkaffi. Eg sat rett og slett og drakk varmt vatn.
Min polske medpassasjer, ein ulastelig antrukken mann som sat overfor meg såg ut til å mora seg litt over det heile, og det får ein unna han. Etter å ha rørt ut kaffipulveret, tenkte eg at det i grunnen var praktisk med det vesle plastloket på koppen, så det sette eg på att. Problemet var bare at eg hadde gløymt å festa det, så i første slurken rann det større mengdar svart kaffi nedover den lyse overdelen min. Då eg kom tilbake frå togdoen med ein stor våt flekk framme etter å ha prøvd å vaska kaffien av, håpar eg i grunnen at min innfødde medpassasjer ikkje la merke til at Leif drog diskret i blusen min som hadde festa seg i bukselinningene bak…
Eg hadde med meg lesestoff til den fem og eit halv- time lange turen, men stort sett vart eg sitjande å sjå ut av vindauget. Det vart eit gjensyn med dei store åkrane med kornblomar og valmuer og dei små smale bilvegane frå me var på biltur i Polen for to år sidan. Eg trur bestemt at eg skimta eit storkepar og…
Sidan nordmenn er ganske pengesterke når dei er i Polen, har me sjekka inn på eit hotell som i standard er i overkant av kva me er vane med å forhalda oss til… Eg trur det er første gongen eg har opplevd at ein dresskledd mann har tatt i mot oss i døra for å bera bagasjen vår. Romet er stort med bord, skrivebord og to smale dobbelsenger. Det var skapplass og koffertplass, så akkurat nå ligg me på kvar vår breie seng i vår nye ryddige heim. Leif har faktisk funne senga så behageleg at han har sovna. Det er til og med ein høgtalar ute på badet slik at du kan fylgja med på TV- programmet ditt sjølv om du skulle måtta ta deg ein snartur dit midt i filmen.
Det er og ein rikholdig minibar her, og gratis vannflasker. På bordet står det to små flasker merka «after alkohol». Eg tolkar det slik at det er eit eller anna som er tenkt å forebyggja bakrus…
Det som dessverre ikkje fungerer så godt er internettet. Nå har eg fleire gonger mista avsnitt og setningar på grunn av små avbrot i nettilførsel. Eg får sjå på det som ei øving i å fatta seg i kortheit… Det kan eg i grunnen trenga.
Heidi