Livet vårt litt frå sidelinja
Å vera på reise er mellom anna å sjå livet vårt litt frå sidelinja. Me er borte frå kvardagane våre, tinga våre og dei menneska me pleier å omgåst med. Menneska rundt oss snakkar andre språk, er opptekne av andre ting og fører samtalar på språk me til dels ikkje forstår og derfor bare må gjetta oss til innhaldet av.
me har god tid til å snakka saman, lever liv utan ytre forventningar og kan bruka dagane som me vil i eit hav av nye inntrykk. Me lagar oss ein rytme, startar dagen med ein tekst av Knut Grønvik og ei bøn frå bønneboka. Finn svart kaffi, frukt ost og grovbrød på frokostbuffetane og les litt i aviser på språk me klarer å forstå.
Og den store verda har me med oss. Me ser Bernie Sanders halda tilslutningstale til Hillary Clinton sitt presidentkandidatur og ber til alle gode makter om at hans idear må få vera med inn i ei regjering leia av Hillary og ikkje av Donald.
Me ser David Cameron gå ut døra og Theresa May gå inn den same døra utan å vita heilt kven ho er. Me ser folk i gatene i Venezuela som er ute for å prøva å finna mat til barna sine, og heldigvis ser me mange spor av det gode i fet me opplever. Det er bare ikkje alltid det som kjem på dei store verdsvide skjermane?
Ein gong i tida, då eg framleis var yngre enn yngstedottera mi er nå, hadde eg eit postkort på hybelkjøkkenskapet der det stod «Viss kvinnene fikk styre verden…» Eg er vel ikkje lenger sikker på at det er universalløysinga på ein betre verden, likevel synest eg det er bra at kvinner nå utan at det skal setjast spørsmålsteikn ved blir presidentar i USA. Det er lov å håpa at tradisjonelle feminine verdier som omsorg og varme etterkvart vil få ein stadig større plass i dei store politiske systema.
Akkurat nå sit eg i den store lilla sofaen i hotellvestibylen som kan skimtast på biletet. Me har landa for ei lita arbeidsøkt. Begge to har me skriveprosjekt med oss, så det hender me tek oss små skrive- og kvilepausar, og her er det godt nett i motsetnad til på rommet vårt. I går kveld var me ute og opplevde Warszawa, byen som har forandra seg totalt etter at me var her på bryllaupsreise for trettiein år sidan. Det var i sovjettida og folk stod i kø på fortaua for å få tak i diverse typar varer. Eigentleg var det ein utruleg sær ting å dra hit på bryllupsreise når eg tenkjer etter. Det må skuldast at eg hadde ein utruleg eventyrlysten brudgom og at me fekk tak i billige togbillettar…
I går åt me salat på det mest fancy kjøpesenteret eg har vore inne i nokon gong før me gjekk tur i ein park og drakk kaffi i ei bygate. Då me gjekk heim i mørket vart me våte av varmt regn.