Museum og gamlebyen i Warszawa
I dag har me vore på eit verkeleg flott museum; «Museum for jødane si historie i Polen». Ein av grunnane til at me valde dette museet, var at me såg det var blitt kåra til eit av dei beste musea i Europa. Etter å ha vore der, så overraskar ikkje akkurat det meg. Utstillinga tok oss med på ei lang og velfortald reise saman med eit folkeslag som har vore i opmrådet heilt frå det tolvte århundret, og som har vore eit eige samfunn i samfunnet som omgav dei under vekslande tider og kår.
Utstillinga hadde mykje bruk av multimedia, musikk, film, bilete, gjenstandar, dataskjermer, gjenstandar ein kunne ta på, luker ein kunne opna, og søyler ein kunne snu på. Biletet over er ein rekonstruksjon av ein fargerik synagoge som ein gong stod i Warzawa.
Gjennom utstillinga fekk eg og vita mykje eg ikkje visste om polsk historie. Vanlegvis er det holocaust og ghettoane under andre verdskrigen som får merksemda når det gjeld jødane sin historie, men her var alle tidsepokane godt teke vare på, og heile roma med lydar og interiør gjenspegla ulike epokar og ulike miljø. Eg vart endå meir oppteken av tankane om kor farleg det er når folkegrupper reiser seg mot kvarandre og skapar fiendebilete. Eg seier med Nordahl Grieg: Krig er forakt for liv… Så utruleg grusomme me menneske kan vera når me er mange saman som vel oss ut fiendegrupper…
Då me kom til museet var me ganske svoltne, så me bestemte oss for å innleia besøket i restauranten. Det viste seg at maten dei serverte der var laga etter jødiske oppskrifter og var kosher. Me prøvde oss på pirogar laga av poteter med spinatfyll og ein slags surkålliknande rett ved sida av. Det smakte godt. Det var bra me fekk oss litt mat innleiingsvis, for me hadde ikkje ete sidan frokost, og klokka vart seks før me var ferdige med utstillinga. Då hadde eg brukt litt over fire timar. Eg ville gjerne ha brukt eit par timar til der om det bare var opp til meg. Det skal vera ein veldig fint Chopinmuseum her og, kanskje me reiser dit i morgon…
Etter museumsdagen hadde me lyst til å ta ein tur til gamlebyen. Me spurde nokon om vegen, og dei meinte at det var for langt å gå, me burde ta ein buss. Bussen fann me ikkje ut av, så me fann ut at me kanskje kunne unna oss den store luskusen å ta ein taxi. Drosjeturen kosta oss tjue kroner, så det skal me nok kunna leva med. Gamlebyen var veldig idyllisk, og såg verkeleg gammal ut, men historien seier at han vart bomba til ruinar under krigen, og bygd opp att i same stil. I gamlebyen var det eit stort torg med uterestaurantar. Fire små gutar underhaldt med trekkspelmusikk. Dei var utruleg søte, men hadde nok ikkje dei store musikalske ferdigheitane endå. Dei gjekk inn på uterestaurantane og vart jaga ut att, men det såg ikkje ut til at det tok motet frå dei. Eg ser ikkje vekk frå at dette er eit drama som utspelar seg ganske ofte.
Heidi