Gå til innhald

Lviv i hjartet mitt… Byen eg ikkje visste eksisterte del 3

juli 16, 2016

Etter dei første timane i Lviv, der eg i grunnen ikkje hadde latt meg sjarmera i det heile tatt, etter ein kopp deilig kaffi og litt Internett på kafé Brun, gjekk eg til den sjelevarmande russiskortodokse messa. Då me kom ut der i frå, kom me til ein by som var i ferd med å vakna for alvor. Me sette oss på ein benk og studerte folk som selde brukte bøker på gata, så las me i turistguiden at byen er spesielt kjend for dei koselege kaffihusa og dei gode kakene.

Me gjekk på ein marknad der både menn og kvinner sat og broderte på dukar og folkloristiske blusar dei skulle selgja. Så gjekk me på kaffihus og drakk meir ukrainsk kaffi før me hoppa på ein turistbuss og fekk audioguiding på engelsk.

Bussturen var kjempeinteressant. For ei mengde med historier det låg bak dei brusteinslagde gatene. Byen har ein lang og innfløkt historie. Aldri har eg sett ei slik mengde kyrkjer og klostere. Dei var tidleg ute med utdanningsinstitusjonar, tidlege til å få eigen trikk og fast brannvesen. I si tid må det ha vore ein skikkeleg kulturby.

Det eg vart minna på både her og på museum i Warszawa, var den mangslungne historia om byar og land. Lviv har i tillegg til å vera ukrainsk vore under, russisk, tysk, prøyssisk, polsk og austerrisk styre. Til og med svenske Carl den tolvte hadde eit slag her. Ei strofe frå ei salme sveiv i tankane mine «mens jordens riker stiger og de synker»… Det er veldig mange ukrainske flagg og vimplar og band her, folk er heilt sikkert urolege for det som skjer på Krim og i Kiev og for kva framtida vil bringa.

I dag hadde me ei hjarteskjerande oppleving. Me var reist ut av sentrum for å besøkja ein veldig berømt kyrkjegard. Der viste det seg å vera ein eigen avdeling med relativt nye graver tilhøyrande unge soldatar som hadde falt i kamp. Fleire av dei var på alder med mine gutar, dei yngste var fødde i 1994, og hadde døydd då dei var tjue år. På gravene var det band i ukrainske fargar, og dei pårørande hadde sett opp store fargebilete av dei falne både i militæruniform og i T- skjorte og dongeribukse. På bileta såg dei nesten ut som barn, i beste fall som svært unge menn. Eg går ut frå at det er verneplikt her i landet, og at det inneber at du plutseleg får brev om at guten din på tjue år skal sendast til fronten. For eit mareritt.

Til og med eg forstår at politiske konfliktar kan veta utruleg vanskelege, men eg kjenner meg likevel overbevist om at det å byggja fiendebilete og det å drepa kvarandre ikkje kan vera den beste løysinga om verda skal bli ein betre plass.

Etter bussturen i går oppdaga eg at eg hadde begynt å lika byen og eg kjende meg heldig for å få sjansen til å vera her nokre dagar. Etter å ha sjekka inn på det kjempekoselege hotellet me bur på, tok me ein tur ut om kvelden. Då opplevde eg byen som veldig sjarmerande. Det var heilt magisk å gå omkring i gågatene, sjå folk spela musikk og opptre på ulike måtar, drikka meir kaffi i dei koselege kaffehusa og kikka inn i små trivelege butikkar. At opplevinga av ein by kan skifta så mykje i løpet av ein dag, går i grunnen over min forstand. Nå skal eg sjå om eg kan få posta fleire gatebilet før dette innlegget blir alt for langt. Eg har så mange eg har lyst til å visa fram.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: