Gå til innhald

Eit nytt sterkt møte med ukrainsk trusliv

juli 17, 2016

Me var blitt anbefalte å besøkja den vakre katolske katedralen st. Andrew ved Bernardinerklosteret.

Då me kom dit var det sundagsmesse. Nydeleg song, kanskje frå munkar strøymde ut. Kyrkja var stappfull, men framleis kom det folk. Det ser ikkje ut til å vera viktig å koma tidsnok til ei messeimagefolk kjem og går. Utanfor stod det skilt omsett til engelsk: Pray for Ukraine.

image

Kyrkja var verkeleg nydeleg, men eg såg verken presten eller kyrkjebenkene. Folk stod tett i tett, dei korsa og bøyde seg i stort alvor.

Her var menneske i alle aldrar, barn, syttenåringar i miniskjørt med skyhøge stiletthælar, menn i dess og gamle damer med skaut.

Ein godt vaksen mann i dress låg på kne heile tida. Ei gammal dame med skaut og langt skjørt, heilt krokbøygd, la seg på kne ved sidealtaret merka Pray for Ukraine, ho la hodet heilt ned på altarbordet og kyssa altarduken. Då ho såg opp hadde ho tårer i auga og eit forklara  ansiktsuttrykk.

Folk kom og kom sjølv om messa hadde vart lenge. Mange vart ståande utanfor i regnet, lyden vart boren ut via høgtalarar. Dei som stod ute song og korsa seg dei og.

På graset under eit tre ligg ei ung jente på kne. Ho har lagt paraplyen ved sida av seg og regnet vaskar ansiktet og håret hennar. Er ho i sorg? Ber ho for nokon som er berørt av krigen? Ber ho om hjelp til vegen vidare. Eg ber inni meg ei bøn på norsk ho aldri vil få vita om, ei bøn om at Gud må høyra bøna hennar. Er det slik at eit folk i sorg finn trøyst og styrke i å søkja Gud? Eg trur det

 

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: