Gå til innhald

Farvel til Lviv

juli 17, 2016

Farvel til fine og trivelege Hotel Ibis som me varmt kan anbefala.

imageTil dei fine kyrkjene.

Dei koselege kaffihusa, i dag representerte gjennom nytrekt te servert i kanne og doble kuleforma tekoppar pluss ei ukrainsk pannekake med kirsebær på deling.

Me møtte ein by med enorme kontrastar, mykje sjarm og eit varmt hjarte. I dag klokka fem skulle me vidare med tog. Det vart ei togreise som i grunnen ikkje likna på nokon annan togreise me har vore med på.

Både stasjonen, køane framfor billettlukene og venteromet for dei som hadde råd til å betala, viser ei heilt anna side ved livet i Ukraina enn dei hippe og sjarmerande kaffihusa med internettdekning oppe i sentrum.

Toga her må i standard vera ca hundre år etter NSB. Me betalte ca 36 kroner for at me to skulle reisa med tog i fem timar. Eg må fortelja meir om togturen i morgon. Nå er me på eit fint hotell i ein by eg ikkje hugsar kva heiter. Meir  om det seinare. Ein etappe om gongen 🙂

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: