Om å koma heim
Det er rart å koma heim. Dei første dagane og timane ser ein på livet sitt med eit litt anna blikk. Er det slik me har det? Er det sånn det er her? Korfor ligg dei bunkene med bøker der? Har me endå ikkje fått opp lista under oppvaskmaskinen? Det går opp for ein at ein kunne ha innretta seg på tusen ulike måtar, men det er slik det har blitt. Etter å ha levd i fire veker utan andre eigendeler enn det ein får ned i ein liten koffert er det overveldande å sjå kor mykje ein eig. Heldigvis har katten klart seg utan oss og møter oss malande og kjælen og klar for middag. Eg trudde fire veker aleine med dageleg mating måtte ha kurert henne for dronningnykkene med å forventa å bli sluppen inn og ut av huset heile nettene når det måtte behaga henne, men første natta står ho på leikehyttetaket og mjauar klokka to om natta og vil inn.
Blomane inne har overlevd. Ute er bedet overgrodd og sommarblomane i pottene har overlevd med ujamnt hell. Me pakkar ut koffertane og får vaska tøyet. Om kvelden tek me ein kjøretur langs Jæren. Det slår meg på ein ny måte kor vakkert det er her. Eg seier at viss me hadde kome hit som turistar, så hadde me blitt overvelda av naturen her. Eller kanskje det er motsett, kjem eg på. Kanskje dette landskapet er så vakkert fordi eg er så glad i det? Kanskje svaret på desse tankane ligg ein stad i midten. Det er fint her, men det skadar ikkje å ha ein djup kjærleik til landskapet i utgangspuktet. Det er litt vemodig å koma heim etter ei lang og spennande reise. Samtidig er det godt å vita at det er her eg høyrer heime.
Og etter to døgn heime begynner eg å bli van med det. Me har rydda og lukt, men framleis er her meir enn nok å gjera. I går samla me generasjonane og åt vafler.
I dag kjem Sunniva heim og skal vera her ei veke. Det er det aller finaste.
Heidi