Gå til innhald

Den lille prinsen- farvel til jula

januar 2, 2017

images-the-little-prince

På julafta fekk eg ein film av kvar av sønene mine. Frå Odd Christian fekk eg animasjonsfilmen «The little prince», som ein slags kommentar til at eg ofte las boka om «Den lille prinsen» for han då han var liten, og fordi han hadde lese at animasjonsfilmen var veldig fin. Dagane i jula kom og gjekk, og eg kom aldri så langt som til å plassera filmen i framvisaren oppe i den litt underoppvarma loftsstova vår.

I går føremiddag fekk eg ideen om at første nyttårsdag måtte vera den perfekte dagen til å ta farvel med juledagane og feira det med å sjå film og eta dei julekakene som måtte vera att i boksane, før kvardagane og det stramme, sunne livet kjem att med sine strenge og vennlege fangarmar. Odd Christian fekk sms, ville han bli med? Det ville han, og det ville far hans og. I tillegg til eit fat med risboller, peparkaker, nonstopkaker og kvite kakemenn, kokte me glovarm kakao, og tok med oss dei varmaste pledda til å pakka oss inn i, for det var verkeleg kaldt der oppe.

Filmen viste seg å bli ei stor filmoppleving. I tillegg til å vera utruleg estetisk og vakker, så var innhaldet så sterkt at det var til å gråta av. I ein slags framtidsdystopi, eller kanskje det er nåtid, lever det ei lita jente i eit samordna og velordna nabolag saman med ei velmeinande og sterktorganiserande mor, som nesten ikkje har tid til å vera i lag med jenta fordi ho har det så travelt på jobben. Den vesle jenta brukar heile dagane på å løysa likningar og lesa tjukke bøker, ikkje fordi ho vil, men for å koma inn på dei rette skulane, og for å få gode karakterer og dermed eit godt liv. Mora har laga ein stor livsplan til henne på ei slags oppslagstavle i huset, der det er laga timeplan for kvart kvarter på dagen med oppgåver som søvn, frokost, trim, tannpuss og pugging, pugging, pugging. Dagane er like og ganske grå, og etterkvart som ho har utført ei oppgåve går ho lydig ut og kryssar av på livsplanen sin.

Heldigvis så bur det ein fargerik nabo i det nye nabolaget der dei må flytta inn for at ho skal bu i rett skulekrins til den beste skulen i byen. Han er ein gammal original som bur i eit forfallent hus i ein overgrodd hage. Han bruker tida si på fantasi og leik, og på å byggja seg eit fly han håpar at han kan letta med ein dag. Han er forakta i det besteborgarlege nabolaget, bare den vesle jenta får lyst til å bli kjend med han etter at ho får eit papirfly kasta inn gjennom vindauget med den første sida av biletboka om den vesle prinsen på. Problemet er bare at jenta ikkje har tid eller lov til å snakka med framande menn, langt mindre lov til å leika. Ho har jo ein livsplan ho må fylgja, og ruter ho må kryssa av i…

Som det framgår her, så vart eg heilt fortrolla av denne filmen. Eg må likevel innrømma at eg gjorde den tabben å leggja meg ned på sofaen med teppet mitt, og klarte å duppa av eit par gonger. Første nyttårsdag bør ein ikkje leggja seg ned når ein ser film… Eg må sjå han om igjen for å tetta igjen dei to små hola eg fekk i handlingsforløpet. Det gler eg meg til…

Andre som eg kanskje burde invitera til å sjå filmen i lag med meg er dei som trur at barn blir kloke av å bruka livet sitt på å bare fylgja planar som gjer at dei kan få kryss i rett rute av eit skjema. Dei som lagar nye læraplanar langt oppe i systemet bør og sjå denne flimen for å få gode idear til korleis dei kan stimulera barna sin ibuande kreativitet og medfødde leikelyst. Filmen er eit eventyr om korleis me kan stela barndomen til barn gjennom å ta frå dei leiken, fargane, humoren og kreativiteten, og eit varskorop til alle som måtte koma til å tenkja den formastelege tanken at alle barn treng ein detaljert tidsplan.

Dersom eg nå får inspirert nokon til å sjå filmen, så vil eg gjerne høyra om deira filmoppleving og… Det beste var at dei to relativt vaksne mennene som såg film i lag med meg var heilt einige med meg… Det kan sjølvsagt tekjast at dei ikkje er heilt gjennomsnitlege dei heller, men alligavel…

Heidi

From → Teater og film.

2 kommentarar
  1. Åh, den vill jag se!

    • Anbefalest varmt, Scylla 🙂

      Sendt fra min iPhone

      > Den 4. jan. 2017 kl. 06.22 skrev sporisand : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: