Luke 9 – På toget heim
For fem minutt sidan såg togvogna slik ut. Nå er det heilt fullt her inne og toget har nettopp begynt å gå. Klokka er halv fem, og det er heilt mørkt ute allereie. Her inne er det varmt og godt. Ute er det iskald vinter. Me har hatt ei veldig fin helg.
Leif kom på fredag kveld, så nå ha me hatt eit par dagar i saman hos Henrik og Eva Mari. I dag tok me to banen ned til Oslo for å eta Thai- lunsj med Halvard. Det var lenge sidan sist eg hadde sett han, og det var så fint å få snakka med han igjen. I løpet av ei vekes tid kjem han heim på juleferie. Det gleder eg meg til.
Nå ser eg fram til ei lang og fredeleg togreise. Eg har tenkt å bruka turen til å lesa bøker og strikka selbuvottar. Vekene som kjem blir travle og intense, så det skal bli deilig å bruka sju togtimar på å ta livet med ro. Eg har lese ferdig boka om Erik Bye som vart eit stort og ærleg portrett av ein spesiell person. Han hadde mange sider, og ikkje alle var like godt kjende for meg. Det eg vil ta med meg vidare er engasjementet hans og pågangsmotet til å slåst for det han trudde på med alle middel han hadde for handa. Eg vil avslutningsvis la Erik Bye koma til orde sjølv med diktet Fløyterens hjerte, som nok er eit sjølvportrett.
Du spør meg: Hva bor vel i fløyterens hjerte?
Tenn lyset,
sett døren på klem.
La alle de tause der ute få vite:
I fløyterens hjerte har alt som er ordløst i livet
sitt hjem.
En higen mot havet, en sitring i seilet,
et håp om en havn.
En sorg du har båret, en undring, en tanke
som aldri fikk navn.
Men hvem kjenner fløyterens hjerte? Erik Bye
Heidi
Kommentarfeltet er stengt.