Gå til innhald

Luke 11 – God natt

desember 11, 2017

I dag kom boka vår! Så gildt og spennande! Den som ser nøye på omslaget ser at den eine varianten er på nynorsk og den andre på bokmål. Det er alltid spesielt å halda ei bok i hendene for første gongen. Ekstra gildt er det at det er eit samarbeid med Ingrid og at hennar teikningar kjem i bokform. Dette har vore ein draum for oss begge.

C5088BCF-73DB-4EE8-AAC0-91682BA691D9

I nokre tilfelle er teksten litt ulik på bokmål og nynorsk, rett og slett fordi det var vanskeleg å få til ei god omseting frå den eine målformen til den andre. Det betyr for eksempel at bokmålsvarianten av ei slangemor kanskje er hakket tøffare og har meir humor enn ho nynorske som er utmatta og grenselaust glad i ungen sin…
Nokon har spurt meg korleis dei kan få tak i boka. Me renn litt ut for tid på den måten at foreløpig kan ho bare kjøpast hos oss, og om ho skal vera aktuell som julegåve så hastar det jo litt. På lørdag er me heime frå klokka to og utover i tilfelle nokon har lyst til å kjøpa denne eller ei anna bok. Me kan og senda, og i nærområdet kan me til og med levera på døra om nokon skulle ynskja det. Boka kostar 200 kroner, og ved sending kjem portoen i tillegg…

Elles så har dagen vore fin og intens og han har til og med bydd på nydeleg vinterver. Ein av dei tinga eg har heva lønn for i dag, er å baka lussekattar med elevar.

I kveld har eg hatt besøk av fem gilde damer. Tida har ikkje heilt strukke til, så eg har øvd meg på å ta i mot besøk i eit hus som ikkje er heilt rydda og nyvaska (Som om det var første gongen eg gjorde det…)-
Desemberkveldane er naturleg mørke og med eit rask innsats med grønnsåpe eingongsmopp, dunkel belysning via stearinlys og mandarinar som luktar godt, så er det rett årstid til å øva på… Eg tydde til og med til det skitne trikset å rulla små kuler av ferdig peparkakedeig som stod i ovnen og godgjorde seg når gjestene kom, slik at huset lukta av julebakst… Det vart ein fin kveld. Nå skal eg snart vakla i seng…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: