Gå til innhald

5. mai 2019

mai 5, 2019

IMG_20190505_202516_658

Ein sundag for ei tid tilbake opplevde eg noko litt rart og uventa. Eg hadde kome meg i veg til kyrkja sundag føremiddag slik eg har for vane å gjera så sant det passar. Det er noko eg gjer på same måten som eg et frokost, går tur og førebur neste skuledag, eg gjer det fordi det er ein rutine som eg har tru på er godt for meg og livet mitt. Det er ikkje alltid det er så frykteleg mykje kjensler involvert i desse aktivitetene, det er nokre av mange brikker som held livet mitt på plass der eg gjerne vil ha det. Likevel, av og til opnar det seg liksom eit sceneteppe og ein får innsyn i noko heilag. Nå meiner eg ikkje i strengt religiøs forstand, men meir som eit kvardagsleg kikkhol inn i det heilage i livet. Slike innkikk kan dukka opp i svært ulike situasjonar, det kan vera ein samtale som plutseleg berører noko viktig, ein uventa klem frå eit menneske du set pris på, eller eit barn du veit har hatt det vanskeleg som plutseleg ser på deg med ei avklart glede i blikket. Akkurat denne gongen, var det altså slik at desse sekunda oppstod i kyrkja.

Plutseleg opplevde eg kyrkja mi som ein utruleg viktig stad, og plutseleg kjende eg at akkurat denne kyrkja er eg stolt av å vera ein del av, trass alt folk måtte ha av erfaringar, og trass alt som sikkert er skakt og skeivt og gale som det alltid er når det er levande menneske av kjøt og blod som skal ordna opp i det eine eller det andre…

Plutseleg tenkte eg at det er jo her eg vil vera med alle visjonane min for kyrkja og livet. Sidan eg visste at det var tida for å innhenta nye kandidatar til soknerådsvalet til hausten, kjende eg plutseleg at «dersom nokon ber meg om å stilla, så trur eg jammen eg svarer ja…» Dette var ein svært overraskande tanke, for eg har tenkt at eg trivst betre med å gjera ting enn å administrera ting, og at eg heller vil utføra ting sjølv når eg kjenner at det er rett enn å ha over meg at eg må ta tretti telefonar for å prøva å få nokon til å svara ja til eit eller anna… Derfor, når eg vart spurt, eller noko som likna på det i alle fall, så svarte eg at «Eg trur at eg vil stilla, men eg må få ei veke på meg for å finna ut om eg verkeleg meiner dette, eller om det er eit merkeleg innfall…»

IMG_20190504_223644_302

Så nå stiller eg, eg har ikkje ombestemt meg. Det dette fører med seg i første omgang, for det er jo alltid slik at ting fører noko med seg, er at eg har ein ny tidsfrist som eg må skunda meg å utføra. Innan i morgon skal eg nemleg ha svara på spørsmål om kva saker eg brenn for og kva visjonar eg har. Då passar det jo godt at eg tenkjer og kladdar litt her på bloggen før skjemaet skal fyllast ut. For visst har eg visjonar, det er derfor eg vil stilla opp. Det gjeld bare å få sett dei rette orda på det.

smacap_Bright

smacap_Bright

For det første så ynskjer eg meg ei kyrkje som alle her på Bryne kan kjenna eigarskap og tilknytning til. Eg vil gjerne at det å koma til kyrkja med livet sitt og det ein måtte ha av tru, enten ho er stor, vaklande eller nesten ikkje eksisterande skal kjennast godt. Eg vil at kyrkja skal vera ein stad å koma heim til både når ein ligg flat i stormar og når livet går på skinner. Eg vil at kyrkja skal vera ein god stad å vera i glede og i sorg, ein stad for kvardagar, festar og livskriser.

Eg vil gjerne ha ei kyrkje som har opne auge for utfordringane i samtida. Eg tenkjer at det å tru på ein Gud, på skaparkrefter og livskrefter og at kjærleiken er sterkare enn døden må vera ein god stad å stå når ein skal slåss for jorda vår, for miljøet for ein grønare planet og for ei framtid for barna våre og barnebarna våre. Eg vil at det skal vera ein god stad å henta mot, kraft og trøyst når det buttar i mot, og når det kjennest vanskeleg å gje avkall på goder for at jorda skal bli ein betre og meir rettferdig stad i framtida.

Eg vil gjerne at me alle skal kunna koma til kyrkja og ha med oss heile livet vårt med det me måtte ha av sår og manglande meistring. Det er det som er situasjonen for alle menneske, og i kyrkja skal me alle få vera som me er. Eg las nettopp ein eller annan stad «Korleis i all verda har me klart å gjera livet til ein konkurranse der alle er dømde til å bli taparar?» Det er eit godt spørsmål. I ei tid der ein blir lurt til å tru at me skal prestera liva våre. Om eg hugsar rett så begynner eit dikt av Dyre Vaa omtrent slik: «Ikkje ein ring av selvtillit, ikke et kvisefritt ansikt…» I ei tid der me blir fortalde at folk med ufullkomne kropper burde vera ute og jobba eller låsa seg inne og skamma seg og at me ikkje burde slå oss til ro før alt det ytre er perfekt, treng folk å ha stadar med eit annleis perspektiv på kva det vil seia å vera menneske.

Eg vil og gjerne at kyrkja skal vera ein god plass å vera barn med mange tilbod til barn som hjelper dei å utvikla seg til trygge, kreative menneske som vågar å tru på det gode. Diakoni er og noko eg er oppteken av, dette å vera der for dei som treng det aller mest, eg håpar kyrkja skal vera ein stad for omsorg, varme, sjelesorg og gode samtalar.

Kanskje nokon lurer på kor det blir av Jesus i alle desse fine allmenn-mennskekelege tankane. Då vil eg seia at for meg er han midt i alt dette. Det er dette som eg trur er noko av det aller vesentlegaste i det å praktisera Jesus si lære. Eg har ofte tenkt at kyrkja berører meg aller sterkast når ho er strippa for makt, prakt og rikdom. Gjennom kirkens bymisjon sitt arbeid for dei aller mest vanskelegstilde i byane, i Frelsesarmeen sitt arbeid på gateplan, i Mor Theresa og Frans av Assisi sine fotspor, der ser eg Jesu ansikt og varmen i blikket hans aller mest klart.

IMG_20190217_125446_967

Så gjeld det bare å få essensen av dette inn i eit skjema. Eg er i grunnen best utan skjema… Klarer eg det og i tillegg får til innleveringsportalen slik at eg får levert mappe-eksamen i løpet av kvelden, så skal eg i grunnen vera ganske fornøgd med dagens dåd…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: