4.mai 2019
Dagen i dag har vore ein skrivedag med islett av barnevakt og tur ut. Det å koma meg ut og gå ein tur prioriterer eg kvar dag sjølv om eg har det travelt. I dag hadde me lyst til å sjå nærare på ein gangsti langs sjøen frå Møllebukta i Hafrsfjord. Det var verkeleg fint der. Me hadde kledd oss som til polferd, men sola gjorde at det var bortimot godt og varmt når me gjekk i ly for vinden. Det bles så pass hardt at det var nesten som rennedrev langs Solastranda med sand i staden for snø. Eg veit ikkje om sanden blir lagt tilbake, men det må ha vore ganske store mengder som hadde blåst vekk. Stranda såg hardtrakka ut, og sanden låg i driver på og langs vegen. Temperaturen har vore lite å skryta av dei siste dagane, men du all verda så grønt det er ute. Me får vri litt på ein nordnorsk song og synga: «Me he lyset, og snart æ det sommar».
Sidan me først var på ein lokal langtur, unna me oss middag på Ikea. Komlene smakte veldig godt. Etter lufteturen har eg brukt lordagskvelden på å skriva. Det er ikkje synd på meg, eg gjer det med glede. I kveld er det redaktørarbeid i samband med boka eg lagar i lag med jentene mine på skapande skriving i kulturskulen. Kvart år gir me ut ei bok slik at ein god del av tekstane deira kjem mellom to permar og får «evig liv» i ei «ekte bok». Det er veldig kjekt arbeid, men samtidig ein stor jobb, eg har aldri våga å telja timane eg brukar på det… I år har eg prøvd å få unna dette arbeidet tidlegare enn vanleg sidan eg visste at det kom til å bli utruleg travelt å kombinera det med eksamen, men framleis har eg ein del arbeid att før eg er ferdig. «Maskerade» heiter boka vår i år. Det er ein tittel som passar godt til tekstane.
I morgon har eg tenkt å få ferdig tekstane til mappe-eksamen. Det er nokre dagar før fristen, eg er klar til å få levert dei, og engsteleg for at noko kan gå gale om eg prøver å senda i aller siste liten. Då eg hadde heimeeksamenar på tid før jul sa eg at det var frykteleg frustrerande å få så lite tid på tekstar eg visste eg kunne gjort mykje betre om eg hadde fått fleire timar. Nå oppdagar eg at det faktisk ikkje er bare enkelt å ha god tid heller, eg føler aldri at det blir godt nok og blir sitjande og finpussa og i tillegg lura på om eg kanskje burde begynna heilt på ny og gjera det heilt annleis… Det som er mest frustrerande er at eg må skriva så kort, det finst mange viktige ting som eg aldri får sagt sjølv om eg sit og strippar setningane til dei er utan eit einaste unødvendig ord, og i tillegg sit eg og leiter etter synonym med færre bokstavar. Det er heilt sikkert oppdragande… Nå skal eg ikkje masa meir om desse tekstane, i morgon skal eg skriva noko heilt anna, og sikkert mykje meir interessant… 😉
Heidi