Gå til innhald

Junidagar

juni 10, 2019

IMG_20190608_230602_838

Junidagane er så metta av inntrykk, dei sterka fargane, luktene og dei lange lyse kveldane. På same tida er det kanskje dei dagane av alle eg kjenner som er mest fulle av tørst og lengt. I juni er dei av oss som jobbar som lærarar nesten alltid litt ekstra slitne og søvnige, samtidig som eg trur veldig mange menneske på denne tida blir overvelda av ein veldig livsappetitt. Lyset og forsommaren får oss til å lengta etter tid til å verkeleg la seg fanga av sommaren og me blir samstundes redde for å gå glipp av noko. Alt er så fullkome nå, samstundes som me så gjerne vil at den varme sommaren skal finna oss, på same tida veit me at «snart snur sola», noko det alltid er nokon som kjenner seg kalla til å minna oss andre på, i dette tilfellet meg…

nor

nor

Etter å ha skrive her kvar dag i mai, er det mange inntrykk som har hopa seg opp utan å finna vegen til tastaturet nå i juni.

Eg kunne ha skrive om den merkelege torsdagen med ekstra mykje ver. Den som begynte med det heftigaste høljeregnet i manns minne, og med toreskrall som gjalla i bygningane på skulen og som midt på dagen bydde på 25 grader og ein varme som gjorde det nesten ubehageleg inne i klasseromet. Det varierte mellom vindstille og veldig kraftige vindkast. Om ettermiddagen henta eg barnet og gjekk ein lang tur med barnevogn. Me kjøpte boller og drakk kaffi på torget og ho kommenterte ivrig alt ho såg.

nor

nor

Barnet har flytta ut. Først foreldra, så barnet og til slutt hunden. Nå er det stort og romsleg i huset vårt. Nesten litt for stille og nesten litt reint og ryddig. Det er rart å vera «barnlaus» sjølv om ho bur veldig nære og sjølv om me har sett henne nesten kvar dag. Eg lengtar etter å ha henne rundt meg til ei kvar tid, og eg saknar tyngden på fanget mitt og hodet hennar mot halsen min. Ho blir overraska når ho blir henta i barnehagen og ikkje skal «heim» til mormor og morfar, og då eg spurde om Oscar, hunden, var heime, svara ho «Nei, Oscar huset». Det tek nok litt tid for oss alle å innsjå at «huset» er blitt «heime» og «heima» er blitt «huset til mormor og morfar». Me skal henta henne i barnehagen både i morgon og på onsdag, så det er på ingen måte synd på oss. Kanskje me til og me «må henta noko» i «huset» i ettermiddag slik at me får oss ein klem på kjøpet. Nå skal me reorientera oss til ein ny måte å leva på og håpa at dei tette banda er ein bonus me får ta med oss vidare. Meir enn noko så er eg utruleg takknemleg for at sambuarskapet i «familiekollektivet» i meir enn fem månadar gjekk heilt problemfritt og var bare kjekt.

nor

nor

Eg begynner å landa i tilværet som «kompetanseheva norsklærar» som ikkje treng å tenkja eksamen og oppgåver lenger. Eg er rett og slett ferdig og kan undervisa i norsk så mykje eg måtte lysta utan at nokon kan ta meg på manglande kompetanse. Sett i etterhand så er eg veldig glad for at eg har gjort dette. Eg tenkjer til og med at eg opplevde studiet som både kjekt og interessant. Eg har allereie nesten gløymt kor travelt eg syntest det var på slutten. Det er nok noko ein må ta med på kjøpet som student langt opp i femtiåra at det ikkje er så lett å ta lett på det. Eg la nok i overkant mykje krefter ned i oppgåveskriving og mappeeksamen, men det er jo då å håpa at eg har fått ekstra stort læringsutbytte av det. Eg er meir gira enn nokon gong på å vera norsklærar, så eg ser ikkje vekk i frå at eg kanskje blir meir norsklærar enn spesialpedagog den siste bolken av lærarlivet mitt, men slikt får tida visa…

IMG_20190607_152011_531

Dei siste vekene har eg fått sjanse til å ta igjen litt forsømt sosialt liv.Det har vore kjekt å ha besøk og å gå på besøk. Her er Torhild på sommarbesøk i utestova.

IMG_20190606_001054_803

Og denne fantastiske fruktsalaten fekk eg av Guro.

På pinseaften vakna me til lyden av heftig regn. Eg fekk bilete av at nokon i familien hadde laga seg pannekakefrokost. Det gav inspirasjonen til pannekakefrokost nesten litt ute i regnet…

IMG_20190609_130757_753

I går var me på ein veldig fin pinsegudstneste i Bryne kyrkje. Av og til blir eg fylt med ein spesiell forventning om å få med meg noko ekstra fint når eg går til kyrkja, og slik var det i går. Stein hadde fine pinsetankar frå preikestolen, Birgitte Berg Njå spelte fantastisk fint på trompet i lag med Per Olav på orgel og Holger Lissner sine salmetekstar var inspirerande. Eg fekk lyst til å skriva ei ny pinsesalme med ei bøn om å få styrke til å bevara den fantastiske jorda me har og om å bevara kjærleiken i tider der det trengst ekstra mykje.

nor

nor

Desse syrinane står i ein hage i gata vår. Dei luktar så heilt fantastisk godt at eg vurderer å bli syrineigar. I går inkasserte eg ein veldig fin presang eg fekk av eldstesonen på dagen min i mai. Han inviterte til ein rundtur på hagesenter med mellom anna ein busk til hagen som skulle vera presangen frå han. Eg vurderte å kjøpa meg syrinbusk, men det ende opp med ein bringebærbusk som han skal koma og planta i kveld. I fjor fekk eg ein solbærbusk og året før ein ripsbusk, så nå blir det i beste fall bær i hagen vår.

I dag har eg fått ordna dei siste tinga som gjer at eg nå er ajour på jobb med papirarbeid og rapportar som eg har skubba litt framfor meg fordi det har vore så travelt. Det kjennest godt. Eg hadde den snodige opplevinga å sova i nesten ti timar i strekk i natt. Eg vakna forvirra klokka halv elleve. Eg hugsar ikkje sist eg sov på den måten, så eg må ha hatt ein del søvn å ta igjen. Ute ser det ut som om sola skin, så det får bli ein tur ut etter at me har ete meir av den gode baccalaoen Leif laga i går. Då inviterte me Mohab frå Syria som bur i leilegheita vår på middag og heimelaga rips-is. Det er interressant å diskutera med han både forholda i Syria, det å vera flyktning i Norge og islam i møte med kristendommen. Eg blir berika av å kjenna fleire muslimar ganske godt etterkvart. Eg synest det gjer meg klokare og opnare å møta menneske ansikt til ansikt og på den måten få vita meir om korleis det er å vera dei. Eg er meir og meir sikker på at dialog, samtale og opne personlege relasjonar kan vera med på å gje menneska ei betre framtid same kven me er, kva me trur på og kva meiningar me måtte ha om det eine eller det andre. Me må koma oss ut av ekkokammer og låste oppfatningar av livet og læra oss til å bli flinkare til å lytta.

ptr

ptr

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: