3.juni
Det var vore intense dagar. Studiet er fullført. Karakterane er sette,og vitnemålet kan lastast ned. Det følest uverkeleg at eg verkeleg er ferdig etter ein veldig travel sluttspurt. Det var herleg med langhelg, den vart òg av det innhaldsrike slaget med flyttesjau for dei som flyttar ut Den mest naturlege posten for ei mormor som verken er effektiv utvaskar, flyttemanskap eller handverkar er å vera barneansvarleg. Det har eg kost meg veldig med å vera heilt fram til i kveld. Då flytta barnebarnet ut etter drøye fem månader hos mormor og morfar.
Nå er det tomt i huset. Fem bebuarar med hund og katt er blitt to bebuarar med katt. Det er stille her. Nå er det jo ikkje slik at dei akkurat flyttar til Australia eller Kina. Me kan framleis sjå kvarandre kvar dag viss me vil, og barnesenga skal få stå der ho står.
Eit par linjer sviv i tankane mine. Kanskje det blir ei vise eller noko slikt;
Juni på Jæren mæ jompar onna jakken i dette velsignade lyse,
Me sko vel ha lagt osse, snart æ dæ nått, men me går hær i lyse å fryse…
Omtrent sånn eller noko liknande… Eg skal òg skriva noko om å bada i vipeskrika og svarttrastsongen i det irrgrøne lyset i mai. Eg må bare få sove meg inn litt og få dagane mine stramma opp til å bli rolege og romslege med plass til kreativitet.