Gå til innhald

Varme sommardagar

juli 28, 2019

På torsdag stod storfamilien klar med pappkroner og fløyter bak låven på Rønningen gård. Det var overraskingsselskap for Henrik som hadde fylt 60 år. Jubilanten hadde ikkje lukta lunta og vart oppriktig overraska.

Så var det støvelkasting, ringspel og legging av eit stort puslespel som konkurranse mellom to lag. Så åt me reker, pølser, pastasalatar og kaker. Kaffien vart kokt på bål. Det er ikkje ofte me kan sitja ute til seint på kveld i tynne sommarkjolar utan å kle på oss utover kvelden, men denne kvelden var heilt perfekt til utesitjing.

Dagen etter var det så varmt at me droppa planar om byvandring, og fann ut at me ville på ny tur til Langøyene. Det var ein lang kø med menneske som ville dit, men etter ein halvtime var me på båten. Der ute var det folksomt, men ikkje trongt. Heile storfamiliar var på øya, nokre grilla, andre varma afrikansk mat i store gryter og åt saman på teppe og solstolar medan ungane bada og koste seg.

Etterpå fann me oss ein uteserveringsstad slik at resten av dagen og kvelden og kunne nytast utandørs.

I dag, sundag, reiste Leif grytidleg frå Oslo og meg med sykkel på bilen og telt og friluftsutstyr i oppakninga. Han skulle kjøra til Hamar og ta toget vidare til Røros der han og Gunnar legg ut på ein lengre sykkeltur. Eg utfordrar comfortsonene med å passa kattar aleine ei halv veke til. Etter så mange år i ein stor familie er det å campera aleine på tur noko eg må øva meir på. Eg trivst godt aleine heime, men det å bu aleine på hotell osv fristar ikkje så mykje. Her i ein by i eit område med mange kjende bør eg ha ein trygg øvingsplass. Dessutan har eg selskap av to kattar og har øvd ei heil veke på å finna fram i området.

Så må eg innrømma at det første eg gjorde etter kattemating og frokost i dag var å finna næraste T-bane stasjon og reisa til Eva Mari. Me har ete gresk lunsj på Vollen, symd mellom vannliljer i Bogstadvatnet, strikka på terrassen hennar og ete spekemat, flatbrød og eggerøre saman med familien hennar. Eg nyt å vera i lag med grandnieser og grandnevø som vanlegvis bur i Mosjøen, og har hatt ein fantastisk sundag.

Vel tilbake i mitt midlertidige bumiljø ville eg gå ein tur, men vart overraska av ei skikkeleg torebyge med innebygd skybrot. Saman med andre klimaflyktningar måtte eg søkja ly på ein Dehli de Luca butikk der eg drakk farris til det verste regnet var over og skunda meg heim fordi eg bare var kledd for varmt, tørt sommarver. Nå nyt eg seinkvelden med radio, skriving og to kattar. Juli går langsomt mot slutten og eg har tenkt å sluka desse dagene med begjær før eg må innsjå at me går inn i den delen av sommaren som vert kalla seinsommar. Det er ein del av sommaren eg i grunnen har spesielt stor sans for, det er bare det at den andre delen har gått alt for fort. Eg innser at på eit par felt i livet er eg eit grådig menneske.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: