Gå til innhald

Vandra gatelangs og sjå kva som skjer

juli 25, 2019

Morgonen kom med blå himmel og ein ny varm og fin sommardag i hendene. Dagen starta med eit besøk hos Borghild og Thea. Dei bur like i nærleiken. Det var veldig kjekt å sjå leiligheita deira. Me åt bringebær, jordbær og moreller og hadde det fint. Dette har vore ein skikkeleg familiesommar. Med Arild i går og Borghild i dag i tillegg til alt tida me har hatt med «ungane» våre i sommar, så overgår me nesten oss sjølv. Må skunda meg å fortelja at eg verkeleg liker at det er slik.

Med dei fine vekebillettane me har til all kollektivtrafikk, fekk eg litt lyst til å dra opp for å sjå igjen den første skulen eg jobba på, Bakås skole på Ellingsrudåsen. Jammen klarte eg ikkje å finna han og, sjølv om eg nesten hadde gløymt at me måtte ta heis opp og ned til T-banesporet. Her hadde eg eit fint år der eg fekk prøvd meg i mange slags utfordringar før eg flytta heim til relativt fredelege Bryne. Det var ein god første arbeidsplass, og eg er takknemleg for at eg fekk ei heilt annleis erfaring før eg gav meg til på Bryne skule «for godt». Inspirert av gjensynet googla eg skulen si heimeside og på sida fann eg ei personalliste som viste at ingen av kollegene mine frå då jobbar der lenger. Det er for så vidt naturleg nok, for den gongen var eg den desidert yngste læraren der.

Så reiste me til sentrum. Eg gledde meg over å sjå at ungane bada i den store fontena i Spikersuppa og at folk solte seg og åt lunsj på graset i Slottsparken. Heldigvis er det framleis lov å trø i graset i Norge.

Eg åt ei heilt fantastisk fiskesuppe på Litteraturhuset, eller rettare sagt på uteborda utanfor.

Og sidan har me vore på vandring slik det ofte blir når eg reiser med denne mannen eg har med meg. Nesten 20 000 steg i fylgje stegteljaren er ikkje verst når gradestokken ligg og vippar mellom 25 og 30 grader.

rrem

I kveld har eg sitte på den knøttlille verandaen til Sunniva og lese ut denne boka som Trygve anbefalte til Leif. Begynte på ho fordi Leif tok ho med på turen til Langøyene i går, og klarte ikkje stoppa før ho var utlesen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: