Gå til innhald

Partitur

mars 30, 2020

Partitur

Mellom notene
sette av fugleføter
i fuktig sand

ser eg våren koma
mot meg
i rasande fart,

Ein blakk hest
galopperande
strittande man
flaksande hale og lugg.

Sanden
vilt fykande
mellom dei svare hovane.

Skumhestane
frå havet
kjem han vrinskande til møtes.

Set eg meg
på den iskalde steinen
kan eg fort
bli gammal eller sjuk,

så eg spring
på raude gummistøvlar.

Eg som alltid
har vore redd for hestar

spring med håpet
som ein glorie om hovudet,
spring utan tankar.

Klar til å hoppa
på hesten i fart.

***

Dette vårdiktet skreiv eg for åtte år sidan. Eg liker det framleis godt. Det handlar om å bli overrumpla av våren og få mot og krefter til å gjera det ein eigentleg ikkje vågar og ikkje veit om ein kan få til.

Biletet over handlar og om tilpasning til det uventa og nye, og om at humor er godt for det meste. Ein oppgåve i dag på heimeskulen var at elevane skulle ta med seg kamera ut på tur og fotografera noko dei aldri hadde lagt merke til før. Fleire av elevane sende bilete av den roleg tenkjande dama i Fritz Røed-parken som sat der like avbalansert som før, men med eit munnbind ein eller annan vittig person hadde utstyrt ho med. Kanskje kan det ha vore ein av elevane som komponerte sitt eige motiv, men eg trur det meir sannsynleg var der då dei kom og fungerte som den perfekte løysinga på oppgåva dei hadde fått.

Då eg var ute på tur kom eg på at det biletet måtte få vera øverst på innlegget mitt i dag, og slik fekk det bli. I dag var det fint å koma seg ut. Akslene var litt stive og anspente etter mange timar med i-pad og fjernundervisning. Normalt sett har eg ein jobb der ein faktisk bevegar seg ein heil del, så det er uvant å sitja i same stillingen heile arbeidsdagen.

Me er litt allergiplaga hos oss. Ikkje bare nå om våren, men i det heile tatt. Litt nysing og snufsing er ein del av kvardagen. På Skavlan på fredag spurde han gjestene sine kor ofte dei kjende etter om dei kanskje var litt koronasmitta, og alle innrømma at det gjorde dei rett som det var. Nå når me skal vera obs på alle symptom og har fått beskjed om at ein ikkje kan gå på jobb eller på butikken, nei snautt nok på tur i skogen ved minste antydning til ein lett luftveisinfeksjon, så er det lett å bli litt paranoid. Kan ein sjå heilt vekk i frå at det ikkje er korona når det klør i nasen? Endå verre er det sosiale aspektet ved det.

Sonen min lanserte ordet hoste- eller nyseskam for meg, og eg forstår kva han meiner. Det gjeld å halda tilbake ein kvar kløe i halsen som kanskje kan enda opp i eit lite host og dersom ein har behov for ei rask rørsle mot nasen med eit papirlommetørkle i handa, så gjeld det å gjera det i smug så ingen ser det eller at ein i verste fall blir oppdaga av koronapolitiet…

Eg fortel meg sjølv at eg alltid klør i auga på denne årstida, og det hjelper faktisk. Det gjer allergimedisinene og. Ute er det rett og slett meir vår for kvar dag som går, og sjølv om det har vore surt og kaldt dei siste dagane, så held våren separatutstilling med stadig nye fine ting å sjå på. I dag fann eg eit japansk kirsebærtre i full bløming. Stadig fleire kvistar har vårgrøne museøyre og forsythiaen er så fin og gul.

Ute er det alltid triveleg å finna ut kven eg skal møta i dag, og det blir små ordvekslingar både her og der med god avstand mellom dei snakkande. Eg klarer ikkje heilt å la vera å sjå litt humoristisk på dei uvante positurane folk står og prater i, og i løpet av dei siste dagane har eg observert folk som går med munnbind i butikken. Kanskje eg syr meg eitt eg og ein vakker dag… I alle fall bruker eg ein kvar vask eg passerer til å vaska hendene og handsprit står det over alt.

Eg høyrde på radioen at ein norsk bedrift som lagar vindusspylevæske nå var i gang med storproduksjon av handsprit, så nå kan eg bruka den kommunale flaska eg fekk til bruk på jobb med godt samvit. Det skal bli nok til alle. Det er og små bedrifter rundt i landet som har begynt å laga verneutstyr og her på Jæren syr folk munnbind på dugnad i fylgje lokalavisa. Eg er imponert over kor tilpasningsdyktige me er. Me smiler til kvarandre på gata og i butikken og seier at me håpar at dette snart normaliserer seg og at me skal få kvardagane tilbake. Samtidig les eg i avisa at nokre eksperter meinar at denne runden med epidimi kan vara i opptil halvanna år. Me får sjå. Det er godt at det blir vår som vanleg i alle fall. Og det er godt å sjå at når det gjeld så får ein til ein heil del internasjonalt samarbeid. Måtte det blomstra og utvikla seg. Det har blitt rasla meir enn nok med sverd og det som verre er fram til nå, og mykje som er gale må nok rettast opp i skal det verkeleg bli betre.

Men i denne rare tida er det samstundes lett å oppdaga at det gode finst. At menneske støttar menneske. La oss håpa at det fortset å vera tydeleg. Og kanskje eg skal by på nokre vårbilete i kveld. Det nederste biletet er av ein bukett med knallgule ranunklar og blåbærlyng. Den ville eg pynta huset med i dag. Deler av kvelden gjekk med på å sitja i sofaen med ipaden for å laga opptak av at eg fortalde Jesu lidingshistorie. Det er nokså uvant å laga slike «selfie-filmar». Eg har høyrt rykte om at fleire enn meg synest det er ubahageleg både å sjå seg sjølv på film og høyra sin eigen stemme. Nå begynner eg faktisk å venna meg litt til det. Eg elskar å både snakka og fortelja, men eg er glad for at eg stort sett slepp å sjå og høyra meg sjølv. Med eit kamera som fangar opp det meste er det bare å akseptera at dette er meg akkurat nå. Dette har livet gjort med ansiktet mitt så langt. Og det er faktisk heilt i orden. (I alle fall nesten). Men det var våren eg skulle avslutta med, ikkje min eigen navle eller nase…


From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: