Ta heller med deg hjartet ditt

Ta heller med deg hjartet ditt
Pakk livet ditt rundt deg,
gå ut og ver ein forskjell.
Opna dørene mot byen,
slå gjerne krossmerket
på panna di og på brystet.
Legg navlen og nasetippen
forsiktig til sides.
Ta heller med deg hjartet ditt,
det såre, og det varme,
ikkje tenkt for mykje,
bare ta det med.
Tenn gjerne eit lys
for alt du ikkje har ord for,
for alt du aldri sa.
Ta med deg ullsokkane,
dei kan koma vel med.
***
Dette diktet skal få lov til å stå aleine i dag.
Heidi
Kommenter innlegget