Ein eselfole gjennom livet

Ein eselfole gjennom livet
Ein eselfole gjennom livet
gjennom Storgata,
gjennom vinden
ned mot strendene.
Ein eselfole
og ein mann med tornekrone
bak han ein mørkhåra mann
med gulltenner og eit lite raudt trekkspel,
bak han ei svartkledd bleik kvinne
med ein gråtande fiolin
så kjem alle klovnane
og til slutt alle me andre.
***
Mitt palmesundagdikt frå nokre år tilbake er kanskje noko av det meir surrealistiske av det eg har skrive. Det er beslekta med det eg skreiv om i går om det skakka og det rare som kan ha ei sjel som det glatte og perfekte i verste fall manglar heilt.
Så i dag får de tola litt skakk og rar surrealisme frå meg. For meg gir dette meining, så det kan tenkjast å gjera det for andre og.
God palmesundag, alle saman.
Heidi