Slikt som ikkje varer

«Skål for slikt som ikkje varer», stod det på bloggen min i går. Sitatet er henta frå visa mi: «Sommar i april». Sommar i april varer sjeldan lenge i vårt vesle hjørne av verda, og i dag var me allereie over på nokre andre linjer: «Koma alt som snart skal koma, skodde, regn og nordavind.» Skodda og regnet har latt seg venta på, men i dag var den gode gamle iskalde nordavinden på plass. Eg var mykje varmare kledd enn i går då eg la ut på turen min, men likevel fraus eg.
Andre ting varer enn så lenge. Eg trur Erna Solberg traff spikaren på hovudet i dag då ho sa at mange kjende nå på at dei var leie av alle reguleringane og at dei var veldig klare for å treffa folk og leva som vanleg. Ho advarte mot å tru at det at barnehagane har opna, at skulane er i ferd med å opna, og at hytteforbodet er oppheva, gjer at me kan gløyma alle restriksjonane.
Me veit alle at me ikkje kunne vore heldigare med automatisk val av fødeland enn me er akkurat nå. Likevel kan eg merka både på meg sjølv, på kolleger, elevar og venninner eg møter på nettet og på telefon, på han eg deler hus med og resten av kohorten, som eg vel får begynna å kalla oss nå når eg tenkjer på den næraste familien som me har teke eit val om å omgåst i tider der me helst ikkje skal omgåst, at me av og til er litt slitne av å vera positive og flinke samfunnsborgarar. Me dreg pusten litt ekstra djupt når me forstår at dette kan koma til å vara nokså mykje lenger enn me først hadde fantasi til å tru, og at dette kanskje, som ein eller annan innvia person sa, kanskje bare slutten på begynnelsen.
Sjølv kan eg merka at eg i glimt føler meg trøytt, sjølv om eg eigentleg ikkje opplever at eg er det. Då klappar eg meg sjølv og andre på skuldera og seier så oppmuntrande som eg bare kan at det ikkje er rart om me er litt slitne, me står jo midt oppi noko som me ikkje har nokon som helst erfaring med å takla, og heller ingen opplæring i å forhalda oss til. Me har rett og slett vore omstillingsdyktige og flinke, og kan nok trenga ein pust i bakken av og til.
I dag var me så heldige at me fekk låna barnebarnet heile ettermiddagen. Det er jo ei omstilling for oss og som har vore i lag med henne veldig jamnleg under nedstenginga av barnehagen at ho rett og slett er i barnehage nå. Der trivest ho veldig godt, sjølv om eg må innrømma at eg vart smigra då eg henta henne i barnehagen første dagen etter oppstart og ho kom springande med opne armar og eit stort smil. På veg heimover i vogna sa ho at I dag lekte æg i barnehagen, å då lengta æg te mommor».
I dag var ho strålande fornøgd med å bli henta i sykkeltralle. Ho fekk gå gjennom sentrum med mormor og morfar. Ho hoppa og spratt, prøvesat alle benker og gjekk over bruer med dei magiske orda «Hvem er det som tramper på mi bru?» Det å øva seg på å gå ned steintrapper utan å halda i noko er og veldig spennande. Så gjekk me heim for å eta middag saman. Ho fekk tilbod om at morfar kunne laga «morfars spesialpizza», men då kvitterte ho kontant med «Nei, den liga æg ikkje!» Derimot ville ho gjerne baka sjokoladekake, så det vart ettermiddagsaktiviteten. Ho får sitja på kjøkkenbenken med bakeforkleet på og hjelper til med teljing av egg og oppmåling av sukker og sånn. Det er og fint med små pausar der ho må gøyma seg for ulven og sånn.
Pynting av hjertekaka fekk ho gjera «heilt sjøl» og ho var over alle grenser stolt over resultatet då mamma og pappa kom for å henta, og ho fekk dekka bord til dei i hagestova og servera sjølvpynta kake. Det er godt å observera barnet som ikkje har nokon som helst forståing for Koronakrise og restriksjonar, sjølv om ho har blitt litt meir oppteken av å ha «veldig reine fine hende». Som det vesle barnet ho er tek ho alt som det kjem og lengtar ikkje etter noko som helst.
Me vaksne kan nok av og til dagdrøyma om å gå på kafé og kino, kunna bruka kyrkja som vanleg, kunna møta folk utan dårleg samvit, og rett og slett kunna handhelsa eller klemma nokon når me har lyst til det. Sjølv har eg aldri hatt så lyst som nå til å invitera folk. Eg ville helst invitert mange og så hatt ein ny runde med besøk så snart dei første var ute av dørene. Eg veit at eg lever i rein luksus med mine næraste rundt meg og tenkjer med beundring på dei som nesten ikkje har vore i lag med folk på seks veker. Eg er usikker på korleis eg sjølv hadde takla akkurat det. Eg har sjeldan vore så glad for å ha ein livsledsagar som eg er akkurat nå.
Skål for alt som ikkje varer, det me er oppe i nå skal ikkje vara for alltid. Korleis det ser ut i den andre enden av tunnelen veit me ikkje heilt, heller ikkje når me kjem dit. Det eg reknar for sannsynleg er at me når det har gått ei stund kjem me til å tenkja på våren 2020 og fortelja kvarandre at «Det var på mange måtar ei fin tid…» Dagens Lønnebo-sitat får vera dette:
«Ingen av oss veit kva behov me kjem til å ha om ein time, men det gjer ikkje noko for den tida eksisterer ikkje endå. Det er nåtida som eksisterer og den me kan leva i og gjera noko med».
Som ei lita oppmuntring heilt på tampen av dagen, kan eg setja inn eit bilete av Brogeen, helten min frå ein fantastisk barne-TV-serie som gjekk då eg eigentleg hadde slutta å sjå på barne- TV. Brogeen på biletet under var på reis for å finna den magiske melodien som han visste eksisterte ein eller annan plass. Det spesielle med denne serien er at filmrullane brann opp, og det fantest ingen kopi, så Brogeen er tapt for ei kvar framtid. Det seier i alle fall historien. Eg fekk biletet av ei som hadde kome over det og som kjende min kjærleik til Brogeen.

La oss aldri bli for vaksne til å leita etter den magiske melodien.
Heidi