Mission completed?

Eg veit at eg har skrive dette her, men skriv det ein gong til…
Då landet stengde ned 12.mars visste eg at eg skulle skriva her kvar dag i ein periode. Eg visste at eg hadde ein del tekstar som i mitt eige hovud passa godt til situasjonen, og som eg hadde lyst til å bruka som min variant av å spela saksofon frå verandaen om kveldane for å hjelpa til å halda motet oppe hos dei som høyrde på. Det var for så vidt eit veldig naturleg val sidan eg til mi eiga sorg verken spelar saksofon eller andre musikkinstrument.
Då april blei til mai, var eg inne i eit anna årleg prosjekt, nemleg å skriva maiblogg, noko eg har gjort i veldig mange år etterkvart. I morgon blir det juni. Faktisk ser eg på klokka at det vart juni for fem minutt sidan, så nå har sommaren i følgje kalenderen begynt. Ein urørd sommar ligg framfor oss alle, det er ein fin tanke å halda seg fast i.
Livet er ikkje tilbake i normalt stemningsleie, men det har begynt å falla på plass i nokonlunde kjende former. Nå håpar me vel alle at det langsomt men sikkert skal likna meir og meir på det gode gamle kvardagslivet som dei fleste av oss vel kanskje oppdaga at me var endå gladare i enn me hadde rukke å leggja merke til. Det blir framleis spennande å sjå korleis det ser ut, ikkje minst i den store verda, når portane til slutt lukkar seg bak epidimien. Me kan jo håpa at me er blitt litt klokare, men det er farleg å seia for slike som meg som til nå har hatt både jobb og lønn og har sluppe å lida personlege tak på nokon måte. Eg er rimeleg sikker på at me kjem til å bli utfordra både moralsk og praktisk i lange tider framleis.
Dagen i dag har vore god. Som i går har det vore herleg sommarvarmt. Eg har hatt ein mormordag og ein storfamiliedag på terrassen, -ein riktig vitamininnsprøyting av ein dag. I morgon tidleg reiser Halvard tilbake til Oslo. Det andre besøket får me behalda eit døgn til. Barnebarnet har med stor begeistring fått prøva hengekøya. Då ho låg der lukkeleg i ei brei seng av gul og oransje fallskjermsilke, kom ho med dei bevinga orda: «Nå liknar eg på ein sommarfugl!» Og det gjorde ho, når me bare visste kva me skulle sjå etter. Ho kunne og fortelja foreldra sine at hunden Lara «høyrest ut som ULVEN når han bjeffar.» Det kan ho kanskje og ha rett i. Heldigvis er ho ikkje redd for hundar.
I avsnitta over kom eg viss aldri så langt som til konklusjonen… Konklusjonen er, som nokre sikkert las mellom linjene, at nå trur eg at eg ikkje kjem til å skriva blogg kvar einaste dag lenger. Det er det overskrifta gjenspeglar og. Sjølvsagt kjem eg til å skriva, men ikkje kvar einaste dag.
Trur eg…
Framleis god pinsehelg til alle.
Heidi