29.mai Familiesommardag

To ting eg liker veldig godt er at me sit mange saman rundt bordet vårt og at det er sommar ute. Det var lenge sidan sist dei to komponentane vart kombinerte, så dagen i dag kjendest fin og spesiell.
Eva Mari, Oscar og Hugo dukka opp frå basen i Stavanger og Odd Christian, Ingrid, Oddvar, Iben og Hella dukka opp frå nærområdet.
Me hadde tre barnestolar rundt bordet og dekka det med nysteikte vafler og rundstykke og alt av pålegg som kunne oppdrivast frå skuffer skap og kjøleskap. Stova er framleis full av blomar som i hovudsak måtte evakuerast inn på kjøkkenet på grunn av to klatrande og krabbande babyar som begge har stor glede av å riva i dukar og smaka på alt dei ser.
Medan dei minste to sov innvia me terasselivet med utekaffi, hengekøye og leikehytta som i si tid vart laga av tømrarelevar og heist inn i hagen vår til det eg trur må ha vore Ingrid sin femårsdag. Ho vart restaurert med nytt golv seint i haust, så nå er ho klar for Iben. Ei slik dokkestove var min største draum i oppveksten, så det er veldig kjekt å kunna tilby seinare generasjonar det eg sjølv bare drøymde om.
Då dei minste vakna vart det bestemortur til leikeplassen med alle barna. Det er ikkje lenge sidan Eva Mari og eg køyrde rundt med Oscar og Ingrid, som var heilt jamnaldrande i kvar si vogn, og nå er det barna deira som sit oppi. Sjølv må me vel kanskje innsjå at det ligg nokre år mellom å vera mamma og bestemor, men slike innrømmelsar sit langt inne.
Då huset var tomt for små og store gjester var det i grunnen ganske fredeleg å finna fram mopp og feiekost og starta på prosjektet å finna igjen stovegolvet under leiker og rester etter måltid. Denne dagen gav meg tru på eit kvardagsliv etter pandemien. Sjølv er eg av det slager som liker betre å konsentrera meg om dagane nå heller enn dagane etter, men det hender det gjer godt med optimistiske draumar.
Heidi