Gå til innhald

30.mai – sommarsundag

mai 30, 2021

Me er ikkje så bortskjemde, så det å vakna til ein ny dag med sommarver var fantastisk. Dagen begynte med at eg henta ei opprømt lita jente som stod klar i døra og gleda seg til å vera med i kyrkja.

Då me oppdaga at det var utdeling av barnebiblar til fireåringane i kyrkjelyden sende me ei melding og høyrde om ho og kunne få vera med sjølv om ho teknisk sett bur i Klepp rett over kommunegrensa. Ho er døypt i Klepp, men det er ikkje tvil om at Brynekyrkja er hennar kyrkje. I bilen sa ho «Men mommor æg æ jo ikkje fira, æg æ jo bara tri et halvt.» Eg beroliga henne med at ho skulle jo fylla fire snart.

Det viste seg faktisk at ungen hadde rett. Viss eg hadde finlese annonsa hadde eg sett at det blir ein ny runde til hausten for dei som fyller året i andre halpart av 2021. Men så farleg var det nok ikkje. Ho fekk møta, løva, presten og Marit som dtiv trusopplæring og fekk barnebibelen sin og var glad og fornøgd.

Eg hadde ein del eg måtte få unna av førebuingar, sidan det har skjedd så mykje dei siste vekene kunne eg ikkje ta heilt sundagsfri slik eg vanlegvis pleier å få til å gjera. Då var det ein opptur at det meste kunne gjerast ute i sommarsola. Akkurat nå testar eg ut å skriva blogg i kveldssol liggjande i hengekøya med teppe og pute. Det er vel slikt ein bør ha gjort minst ein gong i livet sjølv om det sikkert ikkje står skrive på den typen lister…

Ein kopp kaffi hos mor og far vart det òg tid til, og buketten på biletet fekk eg lov til å plukka i hagen deira. Syrin og liljekonvall er nokre av favorittblomane mine. Eg hadde tenkt å laga brudebuketten min av syrinar, men dei blømde seint i – 85 akkurat som i år, så det vart liljekonvall frå bestemor som hage i staden. Men som HC Andersen avsluttar fleire av eventyra sine : Sjå det er ein annan historie.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: