Luke 13

Me har feira Luciadag. I fjor var trinnet vårt ute og song på aldersheimen, i år var det andre som vart klare for å ta den oppgåva. Eit av høgdepunkta for femteklassingane i dag var då 1. – klassingane og lærarane deira kom syngade i Luciaopptog gjennom klasseroma. «Ååå, di æ så søøøøøde. Åååå di æ så smååååe!» Me vaksne må gi dei rett, og gå i oss sjølve og innsjå at våre 10-åringar er blitt veldig store og vaksne i forhold til 6-åringane i første. Sjølv om me ikkje fekk gå i Lucia-opptog song me Lucia-songar, lærte om Lucia-tradisjonar og høyrde Lucia-legender.
I matpausen fekk me grøt som ei gruppe av elevane hadde kokt oppe på kjøkkenet, og i siste timen gjekk plutseleg ein elev til vindauget:»Dæ snøa ude!» Tjue elevar til reiste seg momentant frå stolane og ville styrta bort for å sjå. Dei fekk beskjed om å gå tilbake til plassane sine.
Etterpå fekk eg nesten litt dårleg samvit. Eg hugsar at me gjorde akkurat det same då eg gjekk på skulen, og fekk akkurat den same beskjeden frå læraren. Kanskje dei burde fått sorunge ut utan jakkar og stilt seg opp med ansikta mot himmelen og tunga ute? Det gir jo litt håp at ungane framleis gler seg over sjølv minimale mengdar med snø…
I ettermiddag fekk me endeleg tenna meir enn det første lyset i adventstaken vår heime, den me bare reiste i frå utan å ha fått pleia. Laila og Olav stakk innom til kaffi og hadde kjøpt med seg årets aller siste frå Kanelsnurren saman med nybakte julebollar i ein kvit papirpose.
Heidi
Koseleg