Ferdig bok og sundag før 17.mai

Nå har eg akkurat lagt nest siste hand på elevboka frå skapande skriving. Eg manglar bare eit foto av ein av elevane, så kan eg bestilla bøkene. Det kjennest veldig godt. Eg er aldri sikker på at alt verkeleg er i orden før ordren er send, og bekrefta, men det stolar eg på at eg skal få oppleva i morgon. Som ei avveksling frå dei «prydelege» bileta eg pleier å ha her, så pyntar eg dagens post med forsidebiletet på boka, ein collage ein av forfattarane har laga. Tittelen på boka er henta frå ein av tekstane og er som fylgjer: «Det er mykje rart som fyk forbi». Etter veldig mange arbeidstimar kan eg kjenna på ei viss meistringsglede, ikkje for det litterære, men for det tekniske. Eg har klart å få inn alle tekstane, lasta inn foto og fått dei på rett plass, og eg har til og med fått til å skanna inn nokre bilete. Det siste rett nok med litt hjelp frå husguruen min.
Elles har dagen gått veldig fort slik mine dagar har ein tendens til å gjera. Me hadde ein fin start på dagen i kyrkja der eldstebarnebarnet sitt kor song og der fireåringane i kyrkjelyden fekk utdelt barnebiblar. Det var ein familiegudsteneste etter mitt hjarte med stappfull kyrkje, stor grad av barnemedverknad, barn som las tekstar, las bøner, song i kor, song solo, dansa, tende lys, skreiv bøner, spelte fløyte og ringde med kyrkjeklokker. Det var gøymd mange kvite lam rundt i kyrkjeromet som barna fekk koma fram med då den gode hyrden dukka opp med sauekledde små og store skodespelarar. Likevel viste det seg å mangla ein ved nøyare oppteljing, og til slutt dukka sauen Shawn opp. Han hadde vore på ville vegar ute på gangen men dukka til slutt opp i fullt kostyme. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, saft og kaker til alle som var til stades, og hoppeslottet vart pumpa opp til barna.
Seinare har eg brote sundagsfreden med å prøva å få klargjort huset litt til 1. mai og endå viktigare til besøk av nyfødde vesle Tage og foreldra hans. Eg har hatt besøk av to små jenter som har hjulpe til med vanning av dei nyplanta blomane i potter på verandaen. Dei hadde med seg heimesteikte lappar dei hadde vore med på å laga og her i huset vart det litt enkel middagslaging. Eldstejenta er blitt veldig flink til å laga eventyr som ho fortel med stor innleving. Dei viser litt kva som sviv i følelsane til eit barn på fem år, kva som er den største frykten av alt ein kan tenkja seg, og kva som er dei store draumane.
Det eine eventyret vart så trist at ho bestemte at me ikkje skulle skriva det ned. Det handla om ei jente som måtte flytta heimefrå fordi foreldra ikkje var glade i henne lenger. Ho flytta til bestemora, som var glad i henne, men så kunne dei ikkje gå ut av huset fordi ein ulv, eit troll og eit spøkelse stod utanfor og ville eta dei. Dei kom seg ikkje ut for å kjøpa mat, så dei måtte eta gammalt brød og gammal agurk, og til slutt dei døde insekta på loftet. Ulven og trollet prøvde å lura dei, dei lot som om dei hadde besvimt. Då gjekk bestemora og jenta ut, for dei måtte jo ha mat, men då åt ulven og trollet dei opp, og så var eventyret slutt. Eg spurte om det ikkje kunne koma ein jeger eller noko å hjelpa dei ut, men det gjorde det ikkje. Det måtte bare vera som det var. Etter eit par minutt syntest ho nok at ho måtte trøysta meg litt, og sa at det kunne jo henda det kom ein jeger, det kom me aldri til å få vita heilt sikkert…
Eit finare og meir antikapitalistisk eventyr handla om ein godterimann som hadde ein stor godteributikk, men ingen ville kjøpa godteriet hans. Då vart han veldig fattig, for han fekk ingen pengar. Han kunne ikkje kjøpa mat ein gong. Men ein dag kom sjølvaste kongen og ville kjøpa ein slikkepinne. Slikkepinnen var kjempegod, og når kongen kjøpte ville alle ha. Alle folk kom og kjøpte av han og til slutt var det ingenting godteri igjen. Det smakte så godt at alle folk kjøpte godteri for alle pengane og nå vart alle fattige og godterimannen veldig rik. Heldigvis kom godterimannen på at alle kunne dela på pengane og snopet, og så vart alle glade. Snipp, snapp, snute, og mormor var glad for at minst eit eventyr ende godt, og det gjorde nokre av dei andre eventyra og, så me får tru at det er håp for verda…
Nå gleder eg meg villt og uhemma til vesleguten skal koma på besøk. Me har fått låna bilsete og babyseng, og det er blitt strikka ny bamselue sidan den andre var bare akkurat stor nok. Dei kjem på tysdag allereie og blir til måndag. Eg kryssar fingrar og tær for at dei i familien som er sjuke skal bli friske att i morgon og at ingen fleire skal bli dårlege. Heldigvis held husfolket her seg på beina. Det har me tenkt å fortsetja med.
Og forresten, her er baksida av bokomslaget:
Heidi
