Gå til innhald

På hjul

juli 11, 2023
Så er me i gang med den delen av ferien som ikkje er i eigen heim. Akkurat nå ladar me bilen utanfor Kristiansand og varmar oss på kaffi frå termos. Det har høljeregna heile dagen, og me er lukkelege for at det ikkje er denne tysdagen me skal sjå opp lavvoen i Seljord. Me har til og med måtta ha på litt varme i bilen fordi det vart kaldt å sitja der sommarkledde.

Den opprinnelege planen vår var å dra til Åland denne veka. Av ulike grunnar vart ein del av ferieplanlegginga sett på vent før ferien, og me oppdaga at me rett og slett var for seint ute med tanke på bestilling av ferge og stader å bu. Det får med andre ord stå på lista over ting me har lra ein annan gong. Nå er planen å oppleva Skåne via innfallsmetoden. I natt overnattar me hos Eva Mari og Henrik som reiste frå oss i dag morges, og så blir det Sverige i morgon. Det ser heldigvis ut som om regnet skal gi seg sånn etterkvart.

I går fekk me vera med på å feira lille Hugo sin treårsdag med pølser og sjokoladekake, og føremiddagen fekk eg ha saman med mormorjentene som var komne heim frå Spania. Det var veldig fint å sjå dei igjen, og det blir litt hardt å vera borte frå dei i tre veker til.

Det har vore fint med sommaegjester og med lange lyse kveldar. Dei kveldane det har blitt kjøleg å sitja ute har eg og Eva Mari teke med oss strikketøyet og sett oss i utestova. Det er så fint å vera i det seine kveldslyset dei få vekene me har det her. Dei siste to kveldane har me kobla på lydbok og høyrd noveller av Levi Henriksen og Anna Gavalda. Det er fint å høyra på høgtlesing, nesten like fint som å lesa høgt for nokon… I bilen i dag har me og høyrd på lydbok, «En vakker dag», av Soudabeh Sadishahi, ein iransk/norsk forfattar som har skrive ein roman om Iran under sjahen og Khomeini-tida. Interessant. Innimellom har me høyrt på P2, melom anna eit program om kulokk, sauelokk og hestelokk. Det er mange slags kulturtradisjonar i landet vårt. Nå trur eg ladeperioden er over, så nå får eg leggja ut dette før det er for seint. Eg blir bilsjuk av lesing og skriving mens bilen går. Viss du vil bli med på tur, får du henga på i veka som kjem.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Eva Gjesdal's avatar
    Eva Gjesdal permalink

    Veldig koselig lesing om dette og hint . Eva sier god ferie

Legg att svar til Eva Gjesdal Avbryt svar