Gå til innhald

Eit slags under at me lever

august 10, 2026

Eit slags under

For ofte let me oss krøkja inn
i eigne feil og lengsler,
finn smutthol inn i eigen navle,
og druknar oss brutalt i alt me skulle ha prestert.

Me speglar oss i nettsider,
og ser oss sjølve strengt inn i auga,
for å konstatera at me ikkje held mål,
me ser smilande representantar for alt vellukka
og ser kor sørgjeleg me kjem til kort.

Me burde slipt golv og skurt taklister,
sprunge maraton
og bakt økologiske sunnheitsbrød,
me skulle ha laga gulrotjus
med gulrøter frå eigen hage,
blanda omtenksomt med spinat og ville urter.
Me skulle smilt frå høge fjelltoppar,
og ikkje vore slitne etter klatreturen.

Visst skulle me starta dagen med hundre knebøyingar,
fjerna laus magehud,
og kosta på oss varig hårfjerning frå ansiktet,
brukt den hudkremen me fortener,
og hatt frittgående høner i hagen,

me skulle levd utan skjemmende rynker i panna,
på ein diett av salat og agurkvatn,
lese fleire aviser,
rydda loftet
minst ein gong i veka
og bleika tennene ein gong for alle

i staden for å bli liggjande
her på det støvete stovegolvet
under lag på lag
av alt me ikkje orkar og maktar.

Kor er alle saman?
Kanskje me kan setja oss forsiktig opp
og vinka oppmuntrande til kvarandre,
det er jo eit slags under at me lever.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget