Gå til innhald

Og eg har tenkt, det sko´kje eg ha gjort…

august 18, 2026

Det hender at det glepp

I alle liv hender det at det glepp,
at den eine sjongleringsballen
kjem ut av bane og treff bakken,

at kaffien skvalpar over og du har kvit kjole,
at vaffelrøra veltar,
at stiletthælen brekk
når du er seint ute til bussen eller nattoget,
at du gløymer koden
og aldri får henta ut det du hadde bruk for,

at botnen på plastposen gir etter,
og dei store tunge appelsinene
dett over føtene til dei andre i køen.

Det er ikkje alltid bare deg
det er noko gale med,
det er bare slik det er å vera menneske.

Så la oss vera rause,
la oss plukka opp appelsinene for kvarandre,
og la oss strekkja ut ei hand
når nokon sit fast i labyrinten
og du tilfeldigvis er den som har funne vegen ut.

***

Ei bøn for alt som gjekk gale

Ei bøn for alt som gjekk gale,
og for dei som mista motet,

ei bøn for alle dei me ikkje såg,
slik dei hadde bruk for bli sett.

Ei bøn for alle dei
som ikkje kjem ut av labyrintene
dei tankelaust rota seg inn i
utan å forstå.

Ei bøn for alle oss
som har hatt moralsk hell,
og tilfeldigvis klarde oss
i vanskelege vegkryss.

Ei bøn for oss
som snurpar munnane
og hever indignert på augnebryna,

sjølv om me burde forstått
at det like godt kunne vera oss det gjaldt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget