Songstunder bortom tid og rom

Det seiest at det å synga for barna er noko av det finaste me kan gjera. Og visst har eg sunge for mine barn og barnebarn, så lenge dei framleis syntest at stemmen min var trøystande og vakker. På eit eller anna tidspunkt vart dei store nok til å høyra at det siste sånn ytre sett ikkje haldt heilt mål, så då kunne tonen vera. «Ikkje syng, mor»…
Den første song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga… Og visst hugsar eg at mor song då eg var lita og skulle leggja meg, det trur eg ho gjorde kvar helg sjølv om ho ikkje akkurat er typen til å klatra opp på bord og scener for å synga solo. Ho song «Sov dukkelise, sov og bli stor, og mens du sover våker din mor», og «Tror du Ole Lukkeøye kommer nu? Jeg har lagt meg og jeg venter kjære du.» Eg hugsar det som eit fint og trygt rituale.
Eg har oppdaga sånn etterkvart at hjerner er skrudd ulikt saman. Songtekstar har alltid gått rett i fletta på meg, og eg kan faktisk henta fram bryllaupssongar frå bryllaup for førti år sidan eller meir og hugsa deler av teksten. Det kan tenkjast at det ville vera andre former for hjernekapasitet som kunne vera meg meir til nytte. For eksempel det å finna vegen til stadar eg har vore tjue gonger før, eller for eksempel alle passorda mine. Men slik er det nå i alle fall.
Ein bieffekt av dette er at eg nesten kan lukka auga og høyra stemmane til slike som har sunge for meg. Det har festa seg til minnet på ein rar måte. Dette har eg skrive ein tekst om som eg fann i dag i ei skrivebok der eg skriv ned tekstar eg kanskje kan bruka ein gong. Eg tenkte at eg kanskje kunne by på denne teksten i dag. Eg lurer på om nokon kan relatera…
***
Ofte syng det i tankane mine
Ofte syng det i tankane mine,
songstunder utan tid eller rom.
Farmor sit ved sida av meg i kyrkja
og syng med klar og rein stemme,
endå ho er ganske gammal nå:
Du som ber for ditt barn, dine kjære,
er i forbønn fra år og til år,
om du tålmodets lekse må lære,
himlens bønnesvar en gang du får…
For me er i konfirmasjon,
og farmor har for ein gongs skuld
sluppe vekk frå matlaginga i kjøkkenet,
ho sit ved sida av meg og syng,
eg blir rørt av å høyra stemmen hennar,
og svelgjer ei tåre ned i halsen.
Så er det farfar sin tur å syngja,
nå er eg ikkje vaksen lenger,
knapt nok tenåring, trur eg,
eg og farfar er i kyrkja,
bare me to,
fordi eg spurde om å få bli med.
Farfar har kraftig stemme,
Din rikssak, Jesus, være skal
min største herlighet.
Takk at jeg også fikk ditt kall,
og skal få vere med.
Tenk at min farfar har ein stemme,
som kan fylla heile kyrkja,
og nesten blåsa ned salmenummera
der framme på veggen.
I jubelkor, de priser Herren stor,
Eg veit i himmelrika ei borg,
ho skin som soli klåre,
der er´kje synder eller sorg,
der er´kje gråt og tåre.
Det hender bestemor og syng,
men helst når bare eg høyrer,
for eg er jo bare ei lita jente,
og eg kjenner henne jo såg godt.
Aftensolen smiler,
det song dei på skulen på Figgen,
for der hadde dei riksmål
sidan skulen var eigd av fabrikken.
Tordenskjold i sjøen sprang,
kulene omkring han sang.
For dei hadde lært mange songar på den skulen.
Den største gutten, det er vel Glommen,
så stor og diger i sør i flommen…
Aller tristast:
I en sal på hospitalet,
der de hvite senger står,
lå en liten brystsvak pike
mild og god med gyllent hår.
Der kunne ein begynna å grina
alt etter første verset,
for den jenta fekk ikkje koma heim,
verken til jul, påske elller pinse,
sjølv om den lilles seng stod tom i siste verset.
Morfar song ikkje så mykje,
men han kunne stansa opp og seia rare,
litt skumle setningar han sikkert hadde lært ein gong:
Og Jonas lå i fiskens buk.
Onkelen min henta fram strofer frå radioen
eller fjernsynet og song for meg.
Du er knoppen på mitt dasslok,
Og Du kan ingenting ta med deg dit du går.
Han var og sjarmert av lyshåra Evie Tornquist
som song med overbevisning
Jeg vil heller ha Jesus.
Sjølv rekna han seg som ein ærleg tvilar og fritenkjar.
Alle dei eg skriv om i diktet over er døde, og har vore det lenge, men framleis syng dei for meg.
Det er noko rart med song.
Heidi