Gå til innhald

Nydeleg dag for å ta med elevane ut

I dag var me på tur med andre og sjuande klasse i lag. Dei store barna har vore fadrar for dei små i to skuleår, og det er fint å sjå den omsorgen og det tålmodet mange av dei viser. Me gjekk til Svertingstad for å leika og grilla pølser til felles måltid ute. Det sverma store mengdar sommarfuglar mellom smørblomar og løvetann. Det var så mange av dei at ungane lett kunne fanga dei i hendene, og sommarfuglane kunne bli sitjande i ei hand eller på ein finger ganske lenge før dei tok til vengene. Det kom og inn mange måkar, eg veit ikkje om dei håpa å snappa til seg eit pølsebrød eller ein pølsesnabb, eller om dei gule og blålege sommarfuglane var delikatessen som frista. Ein andreklassing sette forresten ord på sommarfuglfenomenet med fylgjande betrakting: «Men desse er vel heller vårfuglar enn sommarfuglar?»

Eg har og rukke å øva litt med elevane som skal halda 17.mai-tale på torget etter barnetoget. Me har jobba med taleteknikk dei siste vekene på trinnet. Eg ser kva det gjer med motivasjonen til desse fire sjuandeklassingane at dei har fått eit ekte oppdrag, og at det er forventa at dei skal prestera. Alt som blir sagt om stemmebruk, pausar, tonefall og mikrofonbruk gir meining på ein heilt annan måte fordi dette skal brukast der ute i «det ekte livet». I skulekvardagen er det ikkje alltid like lett å få oppgåver elevane får til å kjennast ekte og viktige, men for meg er det eit mål at me skal få det til av og til i alle fall…

I dag har eg hatt mine siste tre utviklingssamtalar med foreldre og elev saman. Foreldresamtalar trur eg og er eit rom for viktig læring for elevar. Dei sit der saman med vaksne frå ulike arenaer som bryr seg om dei. Skulelivet og «det vanlege livet» smeltar saman i ein halvtimes tid. Det kan nok kjennast litt farleg av og til at mor og far skal få eit møte med den dei er på skulen, eller at læraren skal kikka inn i det livet som vanlegvis ikkje har noko med skule å gjera. Mest at alt håpar eg dei kjenner på at dei sit i lag med vaksne som vil dei vel og somkan visa det på ein god måte og gi dei velmeinte råd som dei kanskje kan få bruk for, og ikkje minst at elevane kan bruka sin eigen stemme til å setja ord på korleis dei opplever skulekvardagen. Eg har alltid hatt som mål at slike samtalar skal vera ei god oppleving utan at det går på bekostning av ting ein bør setja ord på. Då eg sjølv var elev ein gong for lenge sidan, var slike samtalar ein samtale mellom vaksne utan at barnet fekk vera med. Eg hugsar at eg syntest det var litt ubehageleg å vita at nå sat foreldra mine og snakka med læraren utan at eg visste kva som vart sagd. Då eg sjølv fekk barn var utviklingssamtalane organiserte omtrent som nå. Ei av mine døtre sette ord på opplevinga si på fylgjande måte: «Du veit at dei andre sit der med ei mor, og kanskje ein far, pluss ein lærar. Er du klar over at eg må sitja i slike samtalar med to eller tre lærarar?» Og det kunne ho kanskje på sett og vis ha rett i…

Dagen vart avslutta med sommaravslutning i barnekoret der eg går annankvar veke i lag med mormorjentene mine. Eg liker å sjå på eit barnekor som øver, på ansikta deira, på den varierande graden av konsentrasjon og på småtrippinga og nesten dansinga når dei syng. Det er noko ærleg over menneske i alle aldrar som syng i kor. Når ein konsentrerer seg om song har ein ingen sjanse til å dandera ansiktet sitt i fordelaktig mimikk, ein må gløyma å tenkja på korleis ein tek seg ut og bare vera i det som foregår. Det er nesten som i søvnen. «Alle er barn når de sover», heiter det i eit dikt. Det kunne kanskje og ha stått «Alle er barn når de synger». Gjengen i dag var i vårt tilfelle heilt ekte barn som song og som gleda seg til siste delen av samlinga: Pølser i brød og mange forskjellige typar is og endå fleire typar strøssel og tilbehøyr som dei kunne plukka fritt av i ein fint dandert isbar i gangen.

Nå er det helg for mitt vedkomande i den forstand at i morgon skal eg vakna utan vekkjerklokke. Det er ein heilt nydeleg tanke akkurat nå. Fredagen skal starta når han sjølv vil, men det er nok å fylla han med. Det skal skrivast eit manus, handlast inn sommarblomar, fiksast litt på ei bunad, førebust ei sundagsskulesamling og eit hus skal gjerast klar til 17.mai. Det blir sikkert gode greier alt saman…

Heidi

14.mai

Nå er eg akkurat komen heim i frå kveldsjobbing i kulturskulen. På onsdagane har eg to jobbar, så det blir ganske lange dagar, men til gjengjeld kan eg jobba heimefrå eller til og me fleksa og gjera andre ting på fredagar.

I dag har eg hatt KRLE – timar med etikk og etiske dilemma til diskusjon i klassane, og så har eg hatt med meg ein gjeng elevar for å jobba med avslutningsforestillinga vår. Dei vil parodiera lærarane sine. Eg har nesten ledd meir enn dei når dei avslører kor godt dei les oss og kor godt dei kjenner kroppsspråket vårt og kva me kan tenkjast å seia å gjera. Det heiter seg jo at det er ei ære å bli parodiert. Så blir det vel min jobb å sjå til at dei klarer det på ein litt lun og humoristisk måte… Nå gleder eg meg til å slappa av eit par timar før natta inntek oss. Desse lange lyse kveldane er så fine.

Langsomt og forsiktig har eg begynt å pakka ned mitt lærarliv og flytta det heim til huset vårt. Eg tek med eit par berenett i sykkelveskene heim kvar dag, så nå begynner det å visa litt i hyllene mine på jobben. Dei får heller få stå i kjellaren litt breddfulle av bøker til eg får tid til å gje det som er oppi ein plass å bu her heime. Eit lite flyttelass blir det nesten med barnebøker eg har teke med heimefrå, pedagogikkbøker og eit lite utval barnekunst. Eg samlar mot til å kasta innhaldet i ein del permar. Dei er nesten ikkje blitt brukte dei siste fem åra sidan alt nå er digitalt. Transparenter til overhead treng eg vel heller ikkje spara på… Buddha og Ganesha innkjøpte til KRLE- undervisning kan eg vel kanskje donera til skulen dersom nokon set pris på dei eller på eit par pakkar røykjelsespinnar som eg trur skal vera der ein plass. Det er godt eg har ein viss kaoskompetanse…

Heidi

Hjartevarmande aktivitetar

I dag vart møtetida på jobb bokstaveleg talt flytta ut av boksen. I staden for å jobba fag, reiste nokre av oss på fjelltur og andre på strandtur. Lufta heime var litt rå og kald i dag morges, slik det blir av og til når det har vore varmt ei stund og havsskodda trekkjer inn. Det lysna utpå føremiddagen, og det vart godt og varmt. Me vart derfor litt overraska då me kom til Refsnes klokka halv to og oppdaga at stranda var dekka av havdis. Mirakuløst nok så letta skodda nokså fort, og sola kom heilt gjennom. Som det viser på biletet så gav havdisen eit særeige, nesten litt trolsk lys.

Det var nydeleg å koma seg ut i maiettermiddagen. Me hadde med oss minigrillar, og etter ein kjapp tur på stranda var det pølser, prat, kubbspel og avslapning. Eg har fått ei slags overbevisning om at det gjer godt for eit kollegium i travle tider å setja seg ned i varm sand og sitja der og studera bølgjene som skvalpar og slår, og marehalmen som ligg der og bind sanddynene saman.

Etter å ha kome tilbake til skulen var tida komen for å gjera klar for dagens neste hending, lesing av tekstar på ein konsert med det lokale demenskoret. Tidsoptimismen min gjorde at det vart travlare enn eg hadde trudd å plukka ut tekstar, både elevtekstar og eigne, få stroke kjolen eg ville ha på og vrenga av seg sandete klær til fordel for noko litt meir pynta.

Elvira Huskestuen kom seg på sykkelen og tråkka energisk for å koma fram til konsertlokalet i Storstova for å rekka ein lydprøve. Vel framme ved destinasjonen oppdaga eg at det var veldig få bilar og i tillegg låste dører. Var eg der på feil tid eller rett og slett på feil dag? Litt febrilsk leiting på mobilen bekrefta at begge deler var rett, men det var først då eg ringte ein kollega i kulturskulen som hadde hovudansvaret at eg forstod eg var på feil plass. Konserten var på Mølla, så det var bare å hiva seg på sykkelen igjen…

Neste skritt var å koma seg inn i salen der konserten skulle vera, for der var det kø i gangen, men eg fekk prøvd mikrofonen før folk kom inn,og vart godt motteken av folk som heldigvis ikkje hadde stressa med at eg var seint ute. Eg hadde fått gitt dei beskjed om at eg var undervegs.

Konserten var ei hjartevarmande oppleving med sang av demenskoret, der også flinke songelevar og klarinettelevar frå kulturskulen deltok med veldig fine innslag. Skriveelevane mine var inviterte til å vera med, men sidan ingen av dei kunne vikarierte eg for dei som opplesar. Eg hadde og ein liten avdeling der eg las to eigne tekstar.

Demenskoret hadde variert repertoar med alt frå «Småsporven gjekk i tunet» til «Ola var fra Sandefjord» og «Eg vil heim og sjå ein solnedgang på Jæren». Songgleda var stor og smittende både når det gjaldt korsongen og solistane. Det var og rørande å observera samspelet kulturskulekollegene mine, Torill og Argon hadde med koret sitt. Eg hadde tårer i auga fleire gonger.

Det er flott å sjå at slike kor dukkar opp overalt etter suksessen med demenskor på TV. Forskning viser at song og musikk er noko som både kan gi demensramma glede og livskvalitet, og i beste fall bremsa demensutviklinga.

Som ansatt i kulturskulen synest eg det er fantastisk fint med det samspelet kulturskulen har fått med lokalmiljøet. Det er fantastisk flott at Torill kan bruka sin spisskompetanse som musikkterapeut inn mot denne gruppa. I ei tid med trong kommuneøkonomi håpar eg verkeleg at samarbeidsprosjektet kan fortsetja som ein del av kommunen sine tiltak til støtte for både målgruppa og familiane deira.

I kveld har eg hjulpet eit yngre familiemedlem med språkvask av masteroppgåva hennar. Me sat ved bordet og «vaska saman» etter at eg hadde lese relativt grundig gjennom og gjort meg notatar sist helg.

Livet er mangfoldig og gildt. Av og til kjennest det som om den største utfordringa er å få tid til å sova mellom slaga 😁.

Heidi

Liksom spån i strömmen

Lille Anna, snart flyr dagen bort
Livet har blott еn og den er kort
Liksom spån i strömmen, som en bild i drömmen
Hastar männskan till en bettre ort

I dag vart me plutseleg veldig klare over kor kort tid det er att til skuleåret er over, og til avslutningsforestillinga me skal ha før me går ut sjuande. I løpet av dagen har eg og Maria hatt med ei stor gruppe elevar som har fått vera med og uttala seg om stykket me skal laga, og om kva me skal ta med i manuskriptet vårt. I sist veke skreiv elevane avslutningstalar der dei fekk i oppgåve å skriva litt om dei sju åra sine på Bryne skule, og desse tekstane skal me mellom anna bruka til å laga forestilling.

I dag tok det litt tid før eg kom heim på grunn av utviklingssamtalar, men så snart eg kom i hus måtte eg setja meg ned for å begynna på eit manus slik at elevane kan få starta med øvinga. Det slo meg kor fort ting går over i historia og nesten blir gløymde. Elevane hadde skrive ganske mykje om heimeskule og korona, og for dei fleste yngre elevane er dette allereie «historiar frå gamle dagar», som dei ikkje sjølv har opplevd. Elevane mimra i tekstane sine om då dei gjekk i andre klasse og sat heime og vart underviste via ipadane, korleis vaksne brukte munnbind når dei gjekk ut, og korleis det var då skulen opna att. Då stod elevane i lang kø etter alle pausar for å vaske hendene grundig før dei kunne få setja seg ned. Dei kunne ikkje leika eller snakka med dei dei ville, for dei var indelte i kohortar som ikkje kunne ha omgang med kvarandre. Dersom nokon i heimen var sjuke, måtte dei i karantene, av og til vart det delt ut brune papirposar med hurtigtestar som alle måtte ta når dei kom heim, og så måtte foreldra attestera på at dei var testa og smittefrie.

Dei hugsar og at dei ikkje kunne gå i tog eller feira 17. mai på vanleg måte, og at dei stilde på skulen i finstasen ein vanleg dag i mai og feira 17. mai i lag med klassen sin. Då sprang dei med potet på skei og hoppa i sekk før dei fekk is og gjekk tilbake til klasseromet. For nokre alderstrinn vart korona ein viktig del av den barndomen som dei ber med seg vidare, det følest som nettopp, men nå er det alt historie.

Mange av oss har opplevd at dei små barna våre alt har blitt store og vaksne og kanskje til og med blitt foreldre til nye små barn som er store nesten før me får blunka dei og.

Det er ein merkeleg mekanisme at barndomen kjennest som ein lang del av eit liv. Dei første atten åra våre er år som formar kven me blir som menneske og kva minne og erfaringar me skal bera med oss resten av livet. Me som omgåst barn dagleg kan godt stoppa opp av og til og minna om at for dei barna me har rundt oss så er barndomen akkurat nå. Det er det dei opplever nå som blir barndomsminna deira. Det er det som blir grunnmuren under liva deira. Ein kunne blitt lamma av ærefrykt over mindre.

Heidi

Nydeleg forsommarsundag

Det har vore ein slik vakker dag som me av og til er heldige å få mange av i mai. Dagen begynte med at me var i kyrkja på familiefokusgudsteneste. Me har slike ein gong i månaden, og der får barna ta stor plass med song, bøner, lystenning, dans, liturgi-lesing, drama, bønevandring og klokkeringing. I dag var barnekoret med, så begge mormorjentene skulle fram og synga. Det vart ei fin stund. Etterpå var det kyrkjekaffi med utvida kakebord, hoppeslott for dei minste og aktivitetar i kjellaren for dei litt større.

Så skulle eg ønska at det fine strandbiletet var frå i dag, men eg må innrømma at det er litt misvisande. Det er frå fredag då eg var på fin tur med Tove. I dag kjendest det nesten litt naturstridig å ikkje koma seg ut på tur, men eg hadde ein del arbeidsoppgåver eg bare måtte få gjort. Slik blir det av og til naturleg nok sidan eg har full jobb fordelt på fire dagar og ein kveld, og me i tillegg har eit forkorta arbeidsår på grunn av lange arbeidsdagar. Sidan eg har teke meg fri og gjort andre kjekke ting både fredag og lørdag så blei det ein del jobbing framfor PC og ipad i dag. Fridomen ligg sjølvsagt i å kunna disponera dagane sine slik når det er det som kjennest rettast.

Noko av det eg gleder meg til med å «skifta yrke» om ikkje så lenge er at eg ikkje kjem til å sjå på klokka på gilde sundagsettermiddagar og tenkja at nå blir det ein lang arbeidskveld for å få gjort det ein må til den nye veka som kjem. Eg veit at det er ein situasjon eg deler med veldig mange, kanskje dei aller fleste som jobbar i skulen. Nå kan eg trøysta meg sjølv og andre med at det eg har gjort i dag i grunnen har vore lystbetont, eg kom meg liksom bare aldri ut i sola.

Den store trøysta er at godveret i følge yr skal halda fram. Så langt ser det rett og slett ut som om det kan bli strålande sol på syttande mai, og slikt kan me lika. Eg gleder meg til vekene som kjem. Dei blir innhaldsrike og fulle av fine ting. Det er noko med våren som alltid vekkjer eit slags uroleg vemod og samtidig ei yr forventningsfull glede i meg. Eg lar desse tankane munna ut i eit nesten-sommar-dikt
frå boka mi «For humlene si skuld» som kom ut for snart fire år sidan. La oss ta vare på det sommaryre i oss og «gjera det igjen».

La oss gjera det igjen

Det var den gongen det var sommar,
den gongen for lenge sidan
då me framleis ikkje ante
kor livet skulle ta oss hen,
og var opne for det meste
fordi sola strauk oss så varmt over ryggtavla
medan me telte dagar og velsigningar
og framleis bada i håp.
Kom la oss gjera det igjen.

Heidi

Bittesmå vasar

I dag har eg fått vera med og feira flotte Elise som rett og slett rundar sytti år. Eg har vore i lag med masse trivelege damer, ete god mat levert heilt frå Engøy, fått med innlagd konsert med Georg Munnspel og the ladies, sunge songar, ledd, prata og avrunda med sitronfromasj, frukt og gode kaker.

I går då eg var på Hå gamle prestegård kjøpte eg ein bitteliten blå vase som eg hadde lyst til å gje Elise saman med eit dikt om å fylla bittesmå vasar. Sidan eg ikkje hadde eit slikt dikt måtte eg skriva det i føremiddag før eg skulle gå i selskapet. I dag byr eg på denne teksten, kanskje nokon andre kan lesa han og bruka han dersom ikkje dei heller har eit slikt dikt liggjande.

Bittesmå vasar

Du skal fylla roma dine med små vasar,
bitte små vasar i alle fargar,
slike som gjer ære på ei snøklokke
eller på fem nyfødde hestehovar.

Du skal passa på at dei ofte blir fylde,
for det skal så lite til
før det bugnar i små vasar,
Det skal ikkje mykje glede til
for å fylla dei til randa.

Du skal klistra små gleder på veggene
i huset ditt,
la dei få stor plass i orda dine,
i hjartet ditt,
og i dei bittesmå vasane.

Du skal aldri gløyma kor du har dei store vasane.
Du treng dei til dei store dagane,
dei store bukettana,
dei store gledene,
dei store fanfarane og teaterstykka,
men ikkje la dei skugga for dei bittesmå.

Dei bittesmå vasane skal du fylla kvar gong du kan,
Dei skal stå der for deg og alle som kjem inn i roma dine,
medan du tenner lys for små og store sorger,
og fyller bønene dine med levd liv.

                                                                                              Heidi

Fredag 9. mai

I dag hadde eg ein veldig fin dag saman med Tove. Det var lenge sidan sist me var i lag, og etter ei travel veke med veldig lange arbeidsdagar kjendest det nydeleg å gjera noko heilt anna for å kvila hovudet litt. Etter ein litt grå morgon skein veret opp med sol frå nesten skyfri himmel. Som veldig ofte i dette hjørnet av verda bles det kald vind, men dersom ein fann seg ein vegg som gav le var det nydeleg å sitja ute. Ved Hå gamle prestegard jubla lerka høgt i sky som det heiter i ein kjend song, og svalene flaug tett i elegante svingar. På kafeen kjøpte me oss kaffi og lefse, og så fekk me oss ein tur opp på den gavebutikken der det er veldig mykje fint, men i ein prisklasse som gjer at ein må tenkja seg godt om dersom ein vil ta med seg noko heim.

Etter ein time i sola køyrde me ut til Kvassheim fyr, for det trudde ikkje Tove at ho hadde vore før.

Begge bileta i dette innlegget er tekne ute ved fyret. Eg ser på bileta at graset framleis er litt vårbleikt, men nå blømer mange slags blomar veggrøftene og langs steingardane. Det er framleis ei gåte for meg at ikkje turistane valfartar til Jæren for å oppleva den flotte naturen og det vakre landskapet her. Kanskje det er eg som manglar mykje på å vera objektiv, eller kanskje det har med nordavinden å gjera. Sannsynlegvis har vel klimaet ganske mykje å seia for at me i stor grad får lov til å behalda naturperlene våre nesten for oss sjølve…

Då dagen nesten var i ferd med å bli kveld hadde me ein koseleg middag i lag på Møllehagen. Eg liker veldig godt fiskerettane deira på ei seng med ovnsteikte grønsakar og potetmos. Om kvelden havna eg framfor det apparatet eg gammelmodig nok framleis kallar fjernsynet, og der vart eg sitjande til datogrensa for blogginnlegg på rett dag var overskride. Det skuldest mellom anna at viss det skulle ha blitt ei gullrute på familien i kveld, så måtte eg måtte eg nesten ha kosta på meg ei setning om det her.

Nå er det blitt så seint at eg ikkje heilt vil vedkjenna meg tidspunktet for sengetid. Eg får sjå om eg ikke klarer å klora meg fast i ei stripe fornuft og koma meg under dyna… I morgon må eg mellom anna prøva å få levert nokre bøker eg lånte på biblioteket sånn omtrent i går, og som eg nå har fått purregebyr på. Eg trur eg har blitt litt tidsblind dersom det måtte vera ein diagnose på diagnoselista…

Heidi

Om dei store og dei små tinga i tilveret ..

Dagens foto er eit av dei fine akrylmaleria elevane mine laga i kunst- og handverk. Sjølv om dette faget kan føra med seg ein del rot og kaos, så er det kanskje ein av dei aktivitetane eg kjem til å sakna mest. Eg synest det er så spennande å sjå kva elevane lagar og kva dei får til. Det er og spennande å prøva ut nye oppgåver. Heldigvis har eg to mormorjenter som og er veldig glade i å teikna, mala og laga ting, så det blir vel ei råd med å få bruka kreativiteten framover og.

Etter å ha hatt vakt ute i matpausen, ein matematikktime om likningar, og ein norsktime med skriving av avslutningstalar, kosta me på oss eit kvarter med leik som belønning for godt arbeid. Fire mann i sofaen blir ekstra kjekt for læraren når ho klarer snika seg med sjølv

Fire timar med utviklingssamtalar gjekk så fort som bare det, og så sykla eg bort til barnebarna for å vera barnevakt i nokre timar. Eg frykta at begge hadde sovna, men eldstejenta haldt seg vaken for ein klem og ein prat og ei bok. Morfar hadde begynt på barnevakta allereie, så bare sjarmøretappen gjenstod

Nå har eg oppdatert meg på den kvite røyken frå det sixtinske kapell og sett amerikanske pave Leo den fjortande koma ut på Petersplassen for å velsigna dei frammøtte og forkynna budskapet om fred. Eg håpar han kan bidra som ein fredsstemme inn i verda situasjonen. Som dei seier på latin: Dona nobis Pacem. 🕊️

Og for å gå over til noko meir prosaisk… Det skal bli ein sann fryd å vakna utan hjelp av vekkjarklokke i morgon…

Heidi

Bjørk om nettene

Det luktar så godt når ein syklar heim i mørket ein sein kveld i mai. Nyutsprungen bjørk har ei særeigen krydra lukt som av ein eller annan grunn er mykje meir framtredende i mørket.

Dei japanske kirsebærtrea er på sitt aller vakreste nå. Eg har ikkje lagt merke til før kor mange det er av dei.

Dagen har vore av det fullmøblerte slaget med jobb både i skule og kulturskule. Rett etter jobb vart eg henta av Laila og me kjørte til Stavanger i forening hos Inger.

Temaet for kvelden var lettare nostalgisk med fylde terteskjell som ei helsing frå 60- og 70-talet. Sånne du veit dersom du er over femti med reker, kjøttboller og grøne erter i kvit saus, akkurat sånne som mødrene våre laga for femti år sidan når dei skulle ha forening. Det hadde eg ikkje ete på sånn omtrent førti år, trur eg. Det smakte godt.

Etterpå åt me heimelaga ripsis og drakk kaffi frå koppar i kongeleg dansk porselen medan eg strikka på dressen til lillebror sin skal koma om ikkje så lenge, og me prata om alt som eingong var, om det som er, og om det som kanskje koma skal.

Nå må eg koma meg i seng så det blir litt søvn før oppstandelsen til ein ny og intens dag.

Heidi

Utviklingssamtalar

Det er tida for å opna og lukka dører. I dag opna eg døra til den siste runden med utviklingssamtalar i mitt kontaktlærarliv. Det er litt vemodig, eg har alltid opplevd foreldresamarbeid som noko veldig fint. Noko av det fine med å vera lærar er å fylgja små og etterkvart ganske mykje større menneske tett gjennom veldig viktige år av livet.

Eg har alltid tenkt på det å vera lærar er ei stor tillitserklæring frå samfunnet og frå foreldra. Tenk å få låna, og vera med og påvirka det kjæraste og mest dyrebare andre menneske har. Eg har ofte tenkt på Kolbein Falkeid sine ord i diktet «God tur skolepike»: «Å såmenn, vær rene på hendene…». For barna sin del er det kjempeviktig at dei som står rundt dei, er glade i dei, og skal hjelpa til med at dei skal læra og utviklar seg på ein god måte, klarer å få til eit godt samarbeid. Me skal hjelpa foreldra å gi barna ein barndom dei skal bera med seg resten av livet, og som skal gjera dei sjølve i stand til å bera seg sjølv og andre på ein god måte. Kor stor og alvorleg og fin oppgåve er ikkje det?

Sjuandeklasselærarlivet i mai er ekstra innholdsrikt og mangfoldig. Alt skal feirast, avsluttast og samlast saman. Utallige skjema (slik følest det i allefall), skal fyllast ut, det er overføringsmøte, avslutninger, forestillingar, temaveker og turar i tillegg til at den vanlege undervisninga skal rulla vidare så lenge som mogleg. Lærarlivet er eit konstant prioriteringsarbeid. Ein får ikkje gjort alt så nøye og bra som ein gjerne ville, tida sterk rett og slett ikkje til. I oppgjerets time stansar ein av og til opp og lurer på om prioriteringane var rette… Burde ein lagt meir arbeid ned i nokre oppgåver, og nedprioritert anna? Sånn kjennest det av og til, men fasiten får me aldri sett. Eg får trøysta meg med det bibelske prinsippet om at kjærleiken dekkjer over mange synder…

i dag har eg hatt ein kjekk arbeidsdag, elevane har jobba med å skriva avslutningstalar, eg har hjulpet ei firargruppe som skal halda 17.mai-tale på torget med å formulera tale, og har jobba saman med elevar og ein kollega om å laga avslutningsforestillinga me skal visa i aulaen i juni. Slikt kan eg lika. I mens har flinke kolleger øvd friidrett med elevane våre som skal springa Tinestafett i morgon. Dei har finpussa vekslingsteknikk og lagoppsett og funne syklar til dei som manglar sykkel til sykkelturen. Slikt definerer eg som godt samarbeid. Heldige oss som held til i skulen.

Heidi