Gå til innhald

Mot til å la livet skje

Ingrid og vakthunden

Overskrifta er herved illustrert med eit bilete av den flotte eldstejenta mi, i trygg forvaring gjennom beskyttelsen frå vakthunden Oscar… To av fire barn er nå heilt ute på eigne venger med hus og jobb og det meste. Dei to siste bur her på lånt tid. I dag les eg i Charles Ringma si bok om å la livet få skje, og å la livet få forandra seg. Det er aktuelle tankar for dei av oss som er i ei fase der mor-far-barn-leiken blir til noko nytt og annleis, men det er og aktuelle tankar for alle menneske. Det kan kjennast truande å sjå tilveret forandra seg som tilveret faktisk gjer så lenge ein er i live. Me blir fortalde at me skal kjempa i mot å oppleva å sjå ansikta våre forandra seg og kroppane våre forandra seg, det siste vel og merka dersom det ikkje er til det betre.

Ein gong valde eg mine interesser og verdiar og min livsstil, som ikkje var heilt den same som den foreldra mine praktiserte og som eg på sett og vis var oppdregen til. Dei var, sett med etterpåklokskapens blikk, flinke til å gje slepp og la meg velgja mine eigne vegar, sjølv om eg nok trur dei av og til var litt forundra over at eg valde annleis enn dei. Nå er det min tur til å la mine barn fly ut i sine liv med sine eigne val. Sjølvsagt har eg mange tankar om kva eg ville vald for dei dersom eg skulle velgja liva deira, men det er faktisk ikkje mitt ansvar, mitt mandat eller mi oppgåve lenger. Nå skal det vera sagt at eg stort sett synest dei gjer veldig kloke val, det er bare det at eg ikkje lenger kan ta dei for dei.

Men viktigare enn å snakka og snakka om det å la barna reisa, synest eg det er å tenkja tankane om å la eige liv koma. Sjølv har eg arbeidd på den same arbeidsplassen i 28 år, det seier kanskje meir om trufastheit og rigiditet enn om fleksibilitet, kven veit. Men sjølvsagt er det ein heilt annan skule eg jobbar på nå enn då eg begynte der, og mi oppgåve er å la nye tider koma og ikkje hekta meg opp i at alt var betre før… Sjølv om det må vera lov å leggja ei erfaring og to på bordet når det er opning for det. Bøna må vera: Ikkje la meg bli ei gammal hurpe, men la meg behalda interessen, fascinasjonen og blikket for alt som kanskje kan vera mogleg.

«Viss vi ikke tilpasser oss, går vi oss vill ved å klamre oss til en fortid vi ikke lenger eier, eller gli inn i desillusjon og bitterhet. Å tilpasse seg er å dø litt. Det er å t frvel med det som ikke lenger er tilfelle. Det dreier seg om å bli ferdige med sin fortid og bli i stand til å møte framtiden, samme hvor usikker den er. Vi må se gammel frykt i øynene og kjempe oss frem til en ny tro som stemmer med de nye omstendighetene.»

image

Eg tenkjer at det er lett å seia: Slik har eg alltid vore, slik kjem eg alltid til å vera… Det er destruktivt dersom dei tinga me alltid har vore ikkje er positive. Heldigvis eig me fortida på den måten at me kan bera med oss det positive vidare, men det er nåtida, og i beste fall framtida me kan forandra på.Nokre menneske, svigerfaren min var eitt av dei, har eit barns nyssgjerrigheit heile livet. Eg håpar det skal vera slik for meg og, og det er noko eg gjerne ville gi barna mine i voggegave dersom eg var ein slik liten rosa fe som gudmødrene i Disney sin versjon av Tornerose.

Nouven har ei klokkartru på Gud og han kjem med fylgjande løfte til dei som er villige til å våga å la livet skje dei:

«Framfor alt vil dette innebære at vi gjør oss en vidunderlig oppdagelse: Vår velkjente verdens og tidligere trygghets Gud er mye større enn vi trodde. Han er også de vanskelige overgangstiders Gud og vår usikre framtids Gud.»
Eg opplever at Nouvens tekstar er ganske radikale, og må ofte tenkja på dei i fleire rundar. Denne gongen er det relativt lett å vera samd i det han skriv.

Og for å slutta teksten like fint som teksten begynte: Her er eit dagsferskt bilete av veslejenta mi og.

Sunni i svart_kvitt

Ha ei god helg
ynskjer Heidi

Eg og eller Tore Renberg

image<a

Det smakte utruleg godt med ein roleg morgon i dag, litt lesing på senga og sein frokost med Sunniva, som hadde vore på trening og skulle på jobb først klokka halv eitt. Spesielt var det godt å kunna sova litt lenger enn vanleg etter å ha lese litt for lenge i den siste boka til Tore Renberg ; «Vi ses i morgen.»; Eg er nå godt over halvvegs og kjenner at eg kunne tenkt meg å lesa ho ut akkurat nå. Dei siste fem dagane har eg lese to og ei halv bok, og slik har eg vore alltid at eg plutseleg vil lesa, lesa, lesa. Då eg var barn slepte eg med meg tunge posar heim frå biblioteket og prøvde å finna ein stad i huset der ingen oppdaga at eg var og kom på dei tankane som var så populære i Norge på syttitalet; at barn skal vera ute og ikkje inne…

Om eg liker boka sidan eg slukar ho med så stor appetitt? Eg synest av og til liker eller ikkje liker er eit irrelevant spørsmål når det gjeld bøker, så korfor i alle dagar stilde eg meg sjølv det spørsmålet? Eg synest at Renberg er ein god forteljar, i boka fortel han med mange stemmer ved å gå inn i ein og ein karakter. Det er eit spennande prosjekt i seg sjølv. Ikkje alle karakterane fenger meg like mykje, men alle høyrer til i den store forteljinga. Renberg er ein dyktig forteljar. Han skriv om menneske med til dels triste skjebnar og korleis dei fyller kvar sine liv i eit stort puslespel. Han gjer det til dels på ein rå og pessimistisk måte, samtidig som det ligg masse livskraft og humor i livsforteljingane som er sentrerte om nokre få dagar i ein bydel i Stavanger. Den tanken eg fekk når eg las var at om eg skulle skildra akkurat dei same menneska ville eg gjera det med andre tankar og andre ord. Eg kunne gjort det på hundre ulike måtar, og det kunne Renberg og. Når ein er forfattar er ein ein gud som bestemmer kva folk skal tenkja og føla. Det eg kjende var: «Eg kunne ikkje la folk tenkja på Renbergmåten, for det var ikkje den måten som kunne ha vore logisk for meg.» Hundre måtar, men ikkje Renbergmåten. For meg er han ikkje desse tankebanane alltid heilt truverdige. Og utan tvil ville det ha vore likt om han skulle besjela karakterar som eg hadde funne på. – Eg har ikkje gløymt at det er han og ikkje meg som er forfattar, men tankane er interessante.

Logikken vil kanskje vera at ingen kan skildra ei gruppe menneske med autentiske tankar, for ein forfattar vil frå sin gudopphøgde ståstad alltid bruka element av eigne tankar og erfaringar, for korleis skulle ein elles gjera det?
Tore Renberg er i karakterane sine med ein varme som gjer at ein får sympati med dei alle saman. Det liker eg. Kanskje desse tankane er mest interessante for meg sjølv, men nå skreiv eg dei viss ned i alle fall…

Nå er det på høg tid, eller eigentleg langt over tida for å gå laus på mine eigne skriveprosjekt. Eg vil anbefala alle som les dette å lesa bøker. Som ein eller annan har sagt «Å lese er å tenke med et annet menneske sitt hode…» Eg har alltid kjend ein litt skrekkblanda fryd ved å bli trekt inn i andre menneske sine tankar gjennom ei bok. Av og til kjenner eg at det gjer noko med mine eigne tankar. Det er skremmande og spennande på same tida. I ei spalte i ei avis blir mellom anna næringslivstoppar spurd om kva bok dei har på nattbordet. Ofte svarar dei at; Tida strekk ikkje til til lesing, det blir kanskje ei krimbok i påsken… Med mitt eige litt forskrudde hode, prega av mine tankar og erfaringar, tenkjer eg at det er litt trist og litt skremmande at folk ikkje har tid til å lesa bøker, og eg ser konturane av den høge hesten eg av og til klatrar opp på, – med eller utan venger…

image

Heidi

Blåsbortdagen…

image

… hadde denne dagen heitt i Hundremeterskogen. Det bles så mykje at elevane fekk sand i augene av å vera utandørs, og hovudinngangsdøra til hovudbygningen på skulen måtte haldast stengd på grunn av vind. Det har eg aldri opplevd før. Dei melder storm i morgon og, og vinden ruskar skikkeleg i huset nå i kveld. Det er spennande ver me held. Då er det fint at me kan laga fredelege snøkrystallar inne,som flinkt blir hengande i klasseromsvindauga. I neste veke feirar me hundredagarsfest fordi førsteklassingane då har gått hundre dagar på skulen. Nå er det gått sport i å sjå om alle klasseroma kan ha hundre snøkrystallar klar til då.

image

image

Og veret har vore kaldt nok til at isskulpturane me laga av isblokker frå fryseboksen på tysdag, har fått leva sitt eige liv, heilt til dei vart tekne av smeltingsdøden i dag…

Eg må innrømma at i dag frista sofaen meir enn trimturar i det fri. Etter ein middag med siste rest av den gode sunnmørsklippfisken me fekk i helga, sovna eg pladask under eit teppe med og med koseleg bål i peisen etter å ha lese sånn ca to sider i boka mi…

image

Eit anna familiemedlem hadde heller ikkje veldig lyst til å vera ute i dag, så eg hadde godt selskap av eit malande vesen med mjuk pels.
Og ein ting som av og til nesten kan bekymra meg litt… Eg har alt for velutvikla sans for humor, og av og til ler eg så høgt og lenge på upassande stadar at eg skjemst etterpå…

image

***
Ei lita svensk bøn til slutt:

***

Gud,
ge varje mamma på jorden
allt hon behöver
för att stilla sitt barns gråt.

***

Heidi

Profesjonell eller ikkje?

svanehalsar

I kveld har eg og Sunniva sett ein dokumentar-spelefilm om Winnie Mandela. Han var veldig interessant og gav meg litt meir forståing for korleis livet hennar utvikla seg til å bli. Filmen framstiller henne som ei sterk og idealistisk kvinne som gjekk gjennom veldig sterke ting og harde prøvelsar, før ho tok nokre fatale feilval som gjorde at ho og Nelson måtte fylgja kvar sine vegar etter at han vart lauslaten.

Noko eg har tenkt på i det siste, er ei av tankerekkene til Charles Ringma, som eg som kjend er i ferd med å lesa. Han snakkar mykje om medmenneskeleg varme og nestekjærleik. Han snakkar om om einsemda som eit stort samfunnsproblem, og held fram det dei fleste må vera einige i: Det mennesket djupast sett søkjer er varme, vennskap, aksept og grunnleggjande fellesskap med andre menneske. Så langt kan det ikkje seiast å vera kontroversielt, men så kjem tankekorset: Er me i ferd med å skapa eit samfunn som er alt for profesjonalisert? Er det, om ein set det veldig på spissen, blitt slik at ein må oppsøkja ein betalt terapeut for å få dekkja desse behova? Er me blitt for redde for å vera medmenneske, at me påropar oss profesjonaliteten med dei grensene det inneber, som eit skjold for å beskytta oss sjølve. Med andre ord: Dersom eg er profesjonell må eg skilja det eg utrettar profesjonelt strikt frå det som er privatlivet mitt.

Ringma stiller spørsmål ved om me er blitt for redde for å involvera oss med heile oss, og om me er blitt for redde for å by på oss sjølve… Blir det sett på som uprofesjonelt å ikkje setja desse grensene? Eg veit eg har stilt meg desse spørsmåla, og eg veit at eg sjølv nokre gonger har kome til å involvera meg på ein måte som grenser til det uprofesjonelle. Eg ser heilt tydeleg at ein må våga å setja grenser for kva som er privat, og at det kan vera direkte farleg å skyva sitt eige privatliv inn på arenaar der det kan virka direkte invaderande. Likevel ser eg grunn til å tenkja gjennom det han seier. Er me som enkeltmenneske, som samfunn og som kyrkje blitt for redde for å «bry oss»? Er me blitt redde for å ta ansvar og for å vera medmenneske for dei som verkeleg treng det, enten det dreier seg om ei krise eller om vedvarande situasjonar? Har me gløymt å sjå at me djupast sett er i same situasjon alle saman, som medmenneske som treng medmenneske?

Og som eg har sagt før, Ringma er ingen tørr teoretikar, han har jobba på gata med dei som treng det aller mest, og slik eg tolkar han meiner han at me skal våga å vera heile menneske overalt der me er, uavhengig av om me utøver jobben vår eller ikkje…

Det kan vera eg var litt rotete og uklar i dag. Eg har kanskje ikkje tenkt nok gjennom desse spøremåla til å kunna formulera meg godt. Men eg anar at dei er viktige, og at me kanskje snakkar for lite om det å vera menneske. Eg trur at fleire enn meg har ein agenda om å våga å vera tydeleg, heil og varm. Og at det er fleire enn meg som ikkje alltid synest at me lukkast heilt med dette prosjektet.

Og sånn elles, før eg tek med den siste boka til Tore Renberg, som Sunniva fekk til jul, og nå har lese ut, med meg i senga, så vil eg bare ha nemnd at eg aldri sluttar å forundra meg over dette merkelege, surrealistiske og forunderlege livet der det skjer så mykje merkeleg som ein aldri hadde forventa, og som ein vekselvis kan gråta over og le av, heldigvis mest det siste.

I dag har eg snakka med farmor i telefonen for å gratulera henne med nittisjuårsdagen. Ho sa at ho merker at kreftene blir mindre, men at ho har bestemt seg for å vera takknemleg for at ho er «såpass goe» som ho er. – Bare det…

Og etter eit såpass fromt innlegg kan det vel passa med ei bøn for alle barn, og for oss andre… Frå bøneboka, ikkje frå meg…

***
Barna
er nok dei einaste
utanom deg, då
som har full tillit
til kjærleiken
Gud, gjev oss ei verd
der dei kan sleppa å bli skuffa.

***

Heidi

Gje meg mot

måkar og svaner

Me syng på ulike måtar men skal ha plass i same andedammen. Og det skal elevane på skulen og. Det er eit spennande prosjekt at skulen skal vera tilpassa det enkelte barnet, og vera den tryggaste, varmaste og mest inkluderande plassen dei nokon gong har vore på. Eg har mange tankar både om dette og andre viktige ting, men sidan tysdagen er vegg-til-vegg-dagen min, der heile golvflata er dekka med jobbing, er tysdagskveldane den kvelden eg helst bør gjera noko anna enn å sitja oppe til langt på natt og skriva. Eg får nok nye sjansar. Eg vil bare nemna at i dag var me i førsteklasse heldige med veret på vintertema-utedagen vår. Det var kuldegrader, opphaldsver og lite vind. Som bestilt til å laga isskulpturar av heimefrosne isblokker og grilling i gapahuken. Av og til er det rett og slett vår tur til å treffa blink reint klimamessig…

I dag blir det og ei bøn som får fungera som dagens dikt. Det er og henta frå bøneboka mi og spontanomsett frå svensk.
***

Gje meg mot

Opna auga mine
og gje meg mot til å sjå
slikt som eg helst av alt vi blunda for.
Opna munnen min
og gje meg mot til å finna ord
også for det som livet helst vil teia om-
Opna hendene mine
og gje meg mot til å dela med meg
også i ei tid då gjerrigdomen regjerer.

***

Heidi

Bilde

Dæ ekta livet

image

Måndag er den store møtedagen. Etter at elevane har lukka klasseromsdøra etter seg er det tida for møter, teamarbeid, fagleg oppdatering og sidkusjonar. Som de ser av biletet så hender det at lærarar på møte unner seg eit og anna som dei vanlegvis ikkje serverer elevane sine.

I dag var måndag i tillegg den delte arbeidsdagen. Nå har me gått gjennom manus og fordelt rollar til den store årlege tiandeklasseforestillinga. Det skal sjølvsagt vera spennande heilt fram til påske kva ho handlar om, men eg kan røpa at tittelen blir sånn omtrent: «IRL- Dæ ekta livet». Eg skal bare røpa at det startar som ein dystopi om ei tid der menneska har slutta å snakka saman på den måten menneska har gjort heilt sidan språket vart oppfunne. Det er eg og tre tiandeklassejenter som har jobba oss fram til manus etter at alle tiandeklassingane fekk vera med på idédugnad. Andre år har regien vore min og Ja Ivar sin, men nå er eg jo ikkje dramalærar lenger, så nå er det heile overlevert til søte og entusiastiske Maren, som har fått beskjed om at ho har full kunstnarisk fridom. Det kjennest befriande.

Sidan det var nesten snøstorm ute, var denne jenta så snill og medgjerleg at ho reiv seg laus frå både den gode boka og den hyperklengete katten for å henta meg på kveldsjobben.

image

image

Nå skal eg ta med meg eventyret om Hans og Grete ut i senga og forsikra meg om at eg kan det skikkeleg, for i morgon skal alle på første trinn få eventyrstund. Eit klokt menneske har sagt at ein må fortelja barn mange eventyr, for dei handlar om alt som sidan skal skje dei i livet. Som vaksen og som «utdanna forteljar», kan eg skriva under på at eg ser eventyra i andre lys enn då eg var barn, det gjer at eventyr er like fascinerande nå som då, bare på ein annan måte. Hans og Grete opplever to gonger å bli svikta på det grovaste av nokon dei stolte på, faren og heksa, som tilsynelatande var ei snill bestemor i starten. Svolten deira driv dei til å smaka på ting i livet det hadde vore best for dei å gå forbi, nemleg kakehuset. Dei må stola på små teikn i tilveret, kvite steinar, månelys, fuglar og svaner. Grete som er den barnslege og redde er den som til slutt blir den vaksne og handlande, dyttar heksa i bakerovnen og kjem seg vidare. For det er jo slik det er å leva. Plutseleg er ein pannekaka som trur det er trygt å sitja på ein griserygg over elva, ein anar ikkje at konsekvensen av det ein har gjort er at ein må lenger og lenger fram i farlegare og farlegare terreng og til slutt er det «heilt på trynet», bokstaveleg talt. Kanskje ungar anar desse gåtene i dei gamle forteljingane? At dei kan koma til å få bruk for dei ein gong. Som Tove Ditlevsen skriv så treffande i eit barndomserindringsdikt:

«Min far er en drage, min mor er en heks. Vort hus er lavet av pandekager. Min far kommer hjem kver kveld klokken seks, og han spiser kun menneskekød»… For er det ikkje alle menneske sin djupaste angst å bli svikta av alt ein trudde var trygt og av alt ein er henvist til å stola på. Eg trur filmen «Amnesia», som eg såg på laurdag er ein variant av Hans og Grethe for vaksne. Eit ektepar reiser ut på ei øy for å vera i ei luksushytte fjernt frå andre menneske, og båten kjem ikkje for å henta dei før om mange dagar. Kvinna oppdagar at mannen ho har stolt på, eigentleg er ein skruppellaus psykopat, og plutseleg dreier det som skulle vera trygt seg om manipulasjon, vondskap, liv og død.

image

Det er og blitt hevda at ein trygt kan fortelja eventyr om vonde ting til barn, for sjølv små barn veit at det vonde finst, og gjennom eventyr får dei bearbeida sakn, sorg og redsle. Heldigvis veit og dei fleste menneske at det gode finst. Nokre av oss vågar å kalla det gode for Gud. Men framleis er det innfløkt. Framleis har menneske blanda motiv for alt dei gjer, og i tenesta for og namnet til det gode blir sviket og manipulasjonen farlegare. Noko av det skumlaste er at me kanskje ikkje eingong gjenkjenner vårt eige behov for å manipulera andre som angst, sjalusi eller behov for makt. Det står ei bøn om dette i den svenske bøneboka eg fekk til jul, ei bøn eg synest me har all grunn til å be dei av oss som ope og ærleg trur på bøn:

Må jag aldrig
bli en port för min ästa
där han dras in
och tvingas
gå mina v¨gar
genom mina dörrar
-som om de vore hans-
och bli beroende av mina nycklar.
Om min port är Kristus
är ändå det viktigaste
att jag hjälper min broder
att vandra sin väg
till Fadern
och förbli sig själv.

***

Tenkjer Heidi

Så gjør vi så når vi heimatte går..

 

 

Så er me på toget att ein fin januarettermiddag med strålande sol og bitande kuldegrader.Bilde

Klokka er halv fem, og sola er i ferd med å gå ned. Horisonten er farga i gull og blodappelsin-nyansar mot dei kvite snødekte åsane, dei mørke rekkene av grantre og den framleis lyseblå himmelen. Nå gler eg meg til togturen heim med to gode bøker i bagasjen, og det er varmt og godt her inne etter at me har stått ute i kulda og venta på toget.

Me har hatt ein veldig triveleg dag saman med to av mine svograr og to av mine svigerinner, og ete nydeleg krema søtpotetsuppe med karri og peanøtter og med grovbrød til.

image

***

Det har gått fem og ein halv time sidan sist, og eg har lese to bøker eg kan anbefala: «Mors gaver», av Cecilie Enger og «Etter festen», av Kari Bøge. Dei er ganske forskjellige, men begge handlar om forholdet mellom ei vaksen dotter og aldrande foreldre, og begge skildrar ganske kompliserte mor-dotter-relasjonar. Det er ganske dårleg dekning, så det får bli med dette…

Heidi

Snartur til hovudstaden

Bilde

Då me vakna i dag, såg me til vår glede at verda var blitt kvit.

image</a

Det var koseleg å ha denne utsikta saman med morgonkaffi og morgonaviser.

image

Etter fleire år utan trikk på grunn av utbetring av bane, er Haslum stasjon opna igjen. Eva Mari og eg la ut på glatte fortau med mål om ein tur til byen. Me gjekk av på Majorstua stasjon, og det første me gjorde var å finna oss ein garnbutikk.

image

Butikken var full av strikkeglade personar og ikkje minst av garn. Frå ein kunde som trong hjelp,høyrde eg fylgjande lite sjølhøgtidelege replikk:»Jeg er jo en stor kropp med mye hode… » må innrømma at eg måtte snu meg for å sjå.

Me gjekk til Litteraturhuset, veldig koseleg plass. Heilt sidan eg ikkje fekk smakt varm kakao med chili i København, har eg drøymt om å drikka det på ein koseleg kafé ein kald dag. Dessverre var kakaoen på Litteraturhuset utan chili, så då fekk det bli slik. Veldig koseleg plass. Me kjøpte med oss nokre bøker før me gjekk vidare.

image
image

Etter å ha ete lunsj, fekk me plutseleg veldig dårleg tid fordi me hadde sett på ei klokke som var ein de time for sein. Under noko som likna på noko bortimot ein springmars, snubla, sklei og datt Eva Mari og slo kneet og ankelen. Me ankom Klingenberg kino i siste liten,for å finna ut at det var billettar att til «Den grønne sykkelen» som me hadde tenkt å sjå. Me hinka oss i veg på trikken for å rekka ein annan film me kunne tenkja oss å sjå på Majorstua, som og viste seg å vera utseld. Etter mykje om og men, ende me opp «Amnesia», som ingen av oss visste noko om. Det viste seg å veta ein psykologisk thriller med Pia Tjelta.

Eg får stoppa her. Dei andre har sove lenge alt, så eg får ta til vitet.

Heidi

I dag såg me sola

image

og etter alt regnet me har hatt dei siste vekene, kjendest det i seg sjølv heilt nydeleg. Eg og Eva Mari var på tur til Vollen i Asker, eit lite sentrum heilt nede ved sjøen.
image

image

image

Etterpå reiste me heim til Eva Mari sin gourmetmiddag, sprøsteikte andefileter med ovnssteikte småpoteter, brokkolisalat med rista mandlar, mangosalat med granateple og sjampinjongsaus med raudvin. Det smakte akkurat så godt som det høyrest ut som. All ære til kokken.

image

Om kvelden fekk me vera med til Persbråten videregående skole på elevrevy, der nevø Oscar var innleigd musikar saman med bandet han er kapellmeister for. Det var veldig kjekt å få høyra han spela og interessant å sjå ei elevforestilling eg ikkje har noko som helst ansvar for og der eg ikkje kjenner verken skodespelarar, instruktører eller publikum. Eg synest også det er spennande å føla på stemninga før ei forestilling og høyra kva folk snakkar om umiddelbart etterpå. Eg liker og å sjå ansikta på glade skodespelarar som kjem fram for å ta applaus.

Nå er me heime att i stova i Kirkeveien. Dei andre halvsøv eller ser på Kveldsnytt, der dei melder at det som ei midlertidig ordning kan bli slik at to og to må dela fengselscelle i norske fengsel på grunn av for dårleg kapasitet. I stova her er det framleis julepynta slik at eg fekk med meg ein ekstra smak av jul… Slikt kan eg lika.

image

image

Heidi

På eventyr med NSB

S imageSå er eg på eventyr med NSB att. Eg og mannen i mitt liv hoppa på toget rett etter jobb, og er allereie kome til Kristiansand? Til nå har alt gått på skinner, bokstaveleg talt. Til nå har eg rukke å praktisera strikketøyet i lommen på biletet, hatt eit medbrakt måltid, han eg reiser saman med er eit nistemenneske, lese eit kunstmagasin, drukke kaffi i restaurantvogna og høyrt ei livshistorie. Sånn omtrent full uttelling med andre ord… Eg fekk til og med til å leggja ut første delen av innlegget utan å mista teksten ein einaste gong, og det er heller ikkje kvardagskost reint bloggemessig.  Som pasjonert lyttar er toget ein plass for menneskekikking og meditasjon… Det er rett og slett avslappende. Eg vil ikkje drøymer om å misbruka ting eg høyrer, men viss nokon er interesserte har eg nettopp fått vita at det går an å gå ned tjuefem kilo på å eta kyllingfilet, tre brokkoliar og grov ris kvar dag. Servert utan salt og kunstige tilsetjingsstoff. Meir seier eg ikkje… Derimot lærte eg nettopp at knuste linfrø er vår viktigste omega3-kilde.