I går morges kom barna våre våte og med kalde kinn til skulen etter å ha gått i vintermørket under gatelyktene medan regnet silte ned. Me hjalp dei av med våte klær på gangen, og prøvde å henga refleksvestane, slik at dei kunne få tørka litt før me skulle ut att. Inne var det tende stearinlys og roleg musikk. Temaet for dei komande vekene er naturleg nok vinter, men det er ikkje alltid like enkelt for våre elevar å identifisera seg med det som er «norsk vinter» i lærebøker og på fjernsynet. Me starta dagen med å sjå kortfilmen om «Vinter i Mummidalen», der Lille My og Mummitrollet mot alle odds vaknar midt på vinteren medan resten av mummifamilien søv vintersvevnen sin med granbar i magane. Lille My er sjølvsagt overmodig på alle vis og set utfor stup på heimelaga ski og hoppar rundt på isflaka yr av vinterglede. Mummi er meir forsiktig og lettare å identifisera seg med for mange av oss. Då dei legg seg første kvelden og Lille My engstar seg for at «Tenk om me ikkje vaknar i morgon tidleg, men søv heilt til våren,» så svarar Mummi at «Det er vel ikkje så verst å sova heller…»
På toppen av alt får dei besøk av ein veldig friskfyraktig hemul, som elskar vinteren og alt han fører med seg, og dessutan synest at det er deilig forfriskande å hogga hol i hav -isen for å få seg eit forfriskande bad… For Mummi og My opnar det seg eit skikkeleg vintereventyrland. Elevane ser på med store auge, medan det faktisk sluttar å regna der ute og me får den blå morgondemringa utanfor glaset og dei koselege levande lysa inne. Me snakkar om at hos oss er det slik at me ikkje alltid har slik vinter som i Mummidalen, hos oss har me vintermørke, og ein morgon eller ettermiddag kan vinteren plutseleg vera her med frost og snø og etterkvart skeiseis. I fjor var vinteren kald med masse is, men korleis han blir i år kan me ikkje vita. Me kan i det minste synga om snøen og håpa at han snart er her. «Sneen dalte lett og fin, og strøk mildt mot ruten min i morges da jeg drømte på min pute, vi tok skjerf of votter på, hastet veldig med å gå, snart var det tusen barnespor der ute…»
Elevane har fått ei veke på seg til å frysa vatn til is i mjølkekartongar og isboksar, og neste tysdag skal me bruka isblokkene til å laga isskulpturar utanfor skulen sjølv om det framleis er plussgrader. Ryktene seier at det kan tenkjast at frosten kjem til då, så i beste fall blir det full klaff. I alle fall kan dei ha med seg kakao på termos, og me kan kanskje laga bål på bålpanna. Dersom det regnar kan me til og med ha bålpanna under taket på gapahuken…
Etter Mummifilmen laga dei sitt første tankekart om vinter. Då var det eit problem å bokstaveleg talt få kartet til å passa til terrenget… Det vart mange juletre og julegavar på tankekarta, for til og med førsteklassingar forstår at på eit tankekart om norsk vinter kan dei ikkje skriva regn, våte refleksvestar og søkkvåte huver. Men tankekart vart det, og me vaksne var skikkeleg stolte over å sjå at etter ein juleferie sat dei der og lyderte og skreiv og var meir enn nokongong i ferd med å knekka både lese- og skrivekoder.
***
***
I dag er det salig Gustaf Fröding som levde for to hundre år sidan som er dagens lyrikar. Han har skrive eit kort regnversdikt, som rett nok er eit sommardikt, men det passar likevel betre her enn vinterdikta hans.
Regn
Surlar, sorlar, susar
sommarregnets sorl
alla trädens våta
blad och knoppar gråta
dropp- dropp- dropp
og därnedan rusar
bäck i sorl och porl,
bäck i sorl
Gråbergssång
Strå
grå,
strå
grå,
stå
grå
stå
grå,
stå
grå-å-å-å
Så är gråbergs gråa sång
låååång-
Gustaf Fröding
***
Og så trur eg jammen eg kostar på oss ei bøn frå julegåvebøneboka i dag og. Omsett frå svensk til nynorsk på direkten.
Gjev oss
eit reint sinn
så me må sjå deg,
eit audmjukt sinn
at me må høyra deg,
eit kjærleg sinn
så me må tena deg,
eit truande sinn
så me må leva deg.
Du
som eg ikkje kjenner
men høyrer til.
(Frå Silvias bönbok)
***
I dag skal det for ein gongs skuld bli ein tidleg kveld «heilt på skikkeleg». Det krever si dame å begynna på jobben etter ein lang ferie.
Heidi
Nå er det ikkje jul lenger, bare januar. Og januar er på mange måtar ein fin månad, ein blå månad om ein skal tru dette biletet. I dag plaskregna det, og nokre av elevane kom til skulen med regnklede som det verkeleg rant regn av etter at dei var komne inn. Elevane starta jo før helga og var i gang allereie, men for fredagsfrie meg var det første dagen etter ferien. Og som alltid så konstaterte eg at det i grunnen var ganske triveleg å vera i gang att. Det kostar bare litt å gje slepp på dei lange morgonane, på ferien og på jula. I dag kjøpte eg meg nytt strikketøy, det har eg gleda meg til å setja i gang med. I ettermiddag/kveld har eg rydda julepynt så nå er nesten alt saman borte. Bare stjernene skal få henga att ei vekes tid og lysa til det blir litt lysare ute, trur eg i alle fall. Det vart betre plass på kjøkkenbenken og mykje betre plass i stova, men eg kjende, utruleg nok, at eg gleda meg til neste gong eg skal finna fram julepynten om sånn bortimot eit år…
Til i morgon skal eg øva inn Leo Tolstoj sin historie om den gamle skomakaren, og fortelja for første klasse. Eg trur eg kan han ganske godt allereie, så eg må bare finpussa litt. Sidene i kalenderen min, som har vore velsigna ledige i månadane framover begynner å fyllast opp. Nå går vegen vidare, og det har vore godt å ha ein pustepuse. Sist var dagens lyrikar ei dame på syttifem år. I dag gir eg ordet til ein mann på tjueein år. Det vil seia at Nicolaj Frobenius var bare tjueein år då han gav ut boka «Virvl» , som er dagens bok frå hylla mi. I det verkelege kronologiske livet er han bare fire år yngre enn meg…
jeg og eplene våkner tidlig om morgenen
om morgenen ligger eplene i vinduskarmen og venter på meg
lyset utenifra får dem til å skinne akkurat som eplene ligger
og smiler og koser seg jeg setter meg på en stol
foran vinduet og legger kinnet mot eplene
de er glatte og varme i skallet jeg legger leppene mot
ett av de guleste eplene akkurat når jeg skal til
å bite treffer lyset utenifra meg i ansiktet
akkurat som de treffer eplene
***
ballettpiken krysser gata
og kommer inn i meg med sine
store gulbrune øyne
det skinner av sølv i asfalten
og sollyset reiser seg i meg
hvem er det som går ved din side
som smetter rundt gatehjørner
når jeg bøyer meg fram for å se
Nikolaj Frobenius
Til jul fekk eg ei svensk bønnebok i posten frå ei venninne, «Drottning Silvias bønbok». Eg har henne liggjande på skrivebordet mitt. Eg kostar på oss ei bøn og, sidan dette vart eit relativt kort innlegg. Denne bøna om bøn, dannar prologen for resten av boka:
***
Låt bönen sjunga som vind om dagen,
låt bönen brusa som hav om natten
och bära världen til Gud.
***
Vakkert!
Synest
Heidi
I alle fall nesten… For meg har juleferien på ein måte vart heilt til nå sidan ungane begynte på fredag, som er min skrivedag. Eg kjenner eit visst vemod ved at jula er over for denne gongen. Eg liker å ha ei julepynta stove med mange levande lys og juletre og med lysande adventstjerner i vindauga, og eg liker at det er romslege dagar med høgtid over, og betre sjansar til å vera saman med menneske ein ser alt for sjeldan.
I går klokka halv åtte kom eg inn i stova og såg til mi store forskrekking at mannen eg deler hus med stod der med ein stor plastkasse og akkurat hadde begynt å plukka pynten ned frå juletreet. «Kva for ein pynt var det du sa me måtte pakka forsiktig ned?», spurde han som om det å starta demontering av jula ein laurdagskveld var det mest sjølvsagde som tenkjast kunne… Heldigvis fekk eg stoppa han. Eg forklarte at det ikkje var tida for å ta vekk julepynt nå, at eg gjerne ville behalda pynten litt til, og at det ikkje gjekk an å rydda det vekk utan at me hadde diskutert det først.
Heldigvis vant eg , og bar letta plastkassen ned i kjellaren att. Eg sa til mitt forsvar at for meg var jula eit viktig rom i livet og at ingen fekk lov til å lukka døra til det romet utan at eg hadde sagt det var greitt. Det var heilt sikkert ein ganske barnsleg reaksjon, men eg bare kjende at det der takla eg ikkje utan å innstilla meg mentalt på det. Og på ein måte er eg litt forundra sjølv over kor tydeleg eg kjende at det er slik det er. Eg innser at det er ein bagatell, og innser at eg ikkje liker å bli pusha til ting før eg er klar for det sjølv. Det er utan tvil ein ting ganske mange menneske deler med meg, og avsolutt ein tanke å ta med seg når eg får lyst til å bestemma at andre menneske, små eller store, skal gjera eit eller anna akkurat nå, bare fordi at eg vil det…
Eg ser ikkje vekk i frå at julepynten skal pakkast vekk i morgon. Då er det kvardag att. I dag fekk eg alle resterande julekaker ut av huset, og det er ikkje lite bare det. Far fylde år og då passa det godt å koma dit med ein restrasjon risbollar og kai dekemenn, og krumkaker, krem og rørte bringebær og jordbær i tillegg til den nybakte gjærkringla eg hadde lova å ha med. Heldigvis liker eg både kvardagar og jobben min, så det er ikkje synd på meg i det heile tatt. Eg har bare litt problem med å gje slepp på ting…
Mange veit ikkje at dramatikaren Jon Fosse og skriv dikt. Sant å seia visste eg det ikkje sjølv heller, før eg fekk ei diktbok han hadde skrive i gåve. I dag er han dagens lyrikar her hos meg. Dikta hans er leikne, lette og humoristiske. – Eller kanskje bare tilsynelatande?
Du-song
Og høyrer du meg koma
ein dag til hjarta ditt
så lat meg berre koma
og lat meg
forsvinna att
i den lengsle vi vari den lengsle vi er
i den lengsle som gjer
at vi finst og er
og lat meg forsvinna
i den kjærleik vi har
og lat meg få syngja
om den kjærleik vi var
og lat meg få syngja
om den kjærleik vi er
der vi står og ser
der vi står og ber
der vi står
og ingenting forstår
Jon Fosse
*
Dumme oss-song
Du mi dumme dumme jente
som var og var og er
og eg din dumme dumme gut
som aldri var der
men no no no
no er vi her
du mi dumme dumme jente
som alltid såg og ser
og eg din dumme dumme gut
som aldri var der
eg din dumme dumme gut
som sleit og sleit og sleit
men vi visste begge to
og vi veit og veit og veit
at visst er eg teit
og visst er du teit
men vi visste og vi veit
at du mi dumme dumme jente
og eg din dumme dumme gut
Jon Fosse
Og viss nokon lurer på det, så er biletet øverst eit morgonbilete frå nabolaget, teke av ein person som var tidleg oppe og ute for å trimma og fotografera. For ordens skuld, den personen var ikkje meg…
Og for å halda bittelitt til på jula, avsluttar eg med eit frokostbilete frå i dag morges. Legg merke til servietten. Me fant ein pakke med slike i ei skuffe heime hos svigermor då me rydda. Ut frå dessignet og papiret, som eigentleg er heilt ueigna både til å tørka opp og av med, kunne dei godt ha vore frå syttitalet, eller kanskje til og med frå sekstitalet. Korfor dei har blitt liggjande ubrukte i ei skuffe veit eg ikkje, men nå har me brukt halvparten av dei denne jula. Kanskje dei har ein historie me aldri får vita om…
Heidi
For å fullføra tankane omkring filmen «Amore», fekk eg så lyst til å skriva inn på bloggen nokre dikt av lyrikaren Ingeborg Prytz Fougner. Det mellom anna ho som har skrive den fine songen «Ikke en spurv til jorden», som eg trur mange kjenner til. Då ho var 75 år gammal, gav ho ut diktboka «Selv når bladene faller.» Der skriv ho om dette å bli ei gammal dame, at ho framleis har både ei lita jente og ei ung kvinne inne i seg. Dette trur eg på meir enn nokongong før. Etter at eg runda femti, så har eg tenkt mange gonger at det er forunderleg at det kjennest så likt å vera meg når eg er femti som det var då eg var tretti, tjue, ti og fem år gammal. Dette er noko eg trur ein ikkje trur heilt på før ein plutseleg er der sjølv. Eg kan finna dikt eg skreiv då eg var tjue og tenkja at det kunne eg ha skrive i dag og. I alle fall nesten, sjølv om det ligg mykje erfaring i åra som har gått. Eg fekk lyst til å dela nokre av desse dikta slik at me som er femti, tretti og tjue kan tenkja tanken korleis det er å vera henne. Eg blir ofte opprørt over at mange har så lita forståing for korleis det er å vera gammal. Og korleis det er å vera barn og. Menneske har mykje til felles med menneske sjølv om den eine skulle vera fem, den andre førti og den tredje nitti. Og venner kan ein godt få utanom dei som er i den same aldersskuffa som ein er sjølv. Men altså, Ingeborg, var det, som skulle få koma til orde:
Da jeg våknet imorges
og rakte hånden ut
grep jeg i tomme luften.
Men jeg kjenner ditt håndtrykk
like fullt-
Da jeg snudde hodet
for å se på deg,
lå det ingen ved min side:
Men jeg ser deg sove
slik som før.
Da jeg satte meg opp
for å stryke deg over håret,
var du der ikke.
men jeg hører deg puste
likevel.
Jeg behøver ikke lete
etter en å elske
for du er jo her alltid:
Ser jeg inn i meg selv
ser jeg deg-
Og jeg skal leve videre
i erindringen om et håndtrykk,
en skikkelse, et ansikt-
og møte dagen
i gjenskinnet av et smil.
*
I forrige uke sprang heggen ut
med sitt kniplingsslør.
Tre dager stod hun en hvitkledd brud-
Så var alt som før.
Så bar hun slett ingen blomster mer.
Se heggen sner!
De hvite drømmene danser lett
på bakken under meg, tett i tett.
Vinden fikk hva den ville ha-
Hun ga og ga-
Så slapp hun alt, og da det var gjort,
Løp hun naken bort.
Hvor ble hun av? En sommer lang
stod hun og drømte «Det var engang.»
Men i det bleke høstens skjær
rekker hun mot deg de sorte bær.
*
Utenpå meg er en gammel kone
som alle kan se.
Hun er ikke lenger så rask på foten.
Hun glemmer å le.
Men inne i meg bor en hemmelig lengsel
etter det barnet jeg engang var.
Og der er også den unge kvinnen,
og alle drømmene som hun bar.
…
Så la meg sitte en stund i stillhet
med noe vakkert å tenke på,
for jeg kan trenge et vern omkring meg
av smil og omsorg og ømhet nå!
Men flykte bort fra min egen hverdag
det gjør jeg ikke allikevel
selv om jeg vet at en gammel kone
må søke tryggheten hos seg selv.
Ingeborg Prytz Fougner
Nå får det vera nok frå meg for i dag. La oss ta godt vare på kvarandre.
Heidi
Eg gløymde å slippa til dagens lyrikar, tyske Gertrud von le Fort, som døydde i 1971, nittifem år gammal. Ho har skrive ei bok som kom ut då ho var førtiåtte år gammal; «Hymnen an die Kirche», på norsk «Hymner til kirken.» Ho var opprinneleg hugenott, men konverterte til den katolske kyrkja i vaksen alder. Ho hadde studert filosofi og kyrkjehistorie. Dikta hennar er kanskje ikkje av dei aller lettast tilgjengelege, men gje dette ein sjanse. Då eg bladde i boka og fann ut at ein del av dikta hadde temaet «Corpus Christi Mysticum», tenkte eg at det måtte bli eit av desse som vart dagens dikt, ut i frå overskrifta på det innlegget eg akkurat hadde skrive.
Corpus Christi Mysticum IV
Din stemme taler:
Vær nu bundet, du himmelens Veldige
du Allmektige av Allmakten,
du Ene av den Tre-enige
du datter som ikke er blendet
av glansen som ikke kan blende:
Kjærlighet, jeg føyer deg inn i min sjels lenker,
gå inn i det mørke hjerte hos den mørke menneskeheten!
Måtte ingen smerte forløse deg, ingen skam redde deg,
ingen død utrydde deg fra mine armer:
Vær fange av den som for evig er din fange.
Gertrud von le Fort
*
Dette er store ord, som er fjerne frå dei orda eg pleier å bruka, men av og til liker eg å prøva å la store ord gripa meg og kanskje til og med å la dei forandra meg litt.
Heidi
I går kveld sette me oss ned for å sjå ein film me fekk av bror min til Jul, «-Amore». Eg hadde høyrd at det var ein tankevekkjande, sterk og fin film. Eg hadde likevel ikkje vore førebudd på kor sterkt og gjennomtrengjande denne filmen skulle trengja seg gjennom forsvarsverket på oss begge to. Filmen handlar om eit ressurssterkt eldre ektepar, som får livet snudd opp ned på grunn av sjukdom. Det minde oss om ting me har opplevd veldig nær innpå kroppen dei siste åra. Det fekk meg til å tenkja gjennom på ny kor sårbart og skjørt livet er, og kor lite me kan vita om alt som koma skal. Det fekk meg og til å tenkja ein gong til over korleis ein kan førebu seg mentalt på den siste fasen i livet. Eg trur som sagt før at det ligg mange utfordringar i det å bli gammal, ein skal takla at kroppen ikkje fungerer som før, at folk rundt ein blir gamle og døyr, at ein blir nøydt til å vera open for å vera den svake som treng å ta i mot alle moglege former for hjelp. Det går an å håpa og be om at ein når tida er inne blir i stand til å leva med desse utfordringane og framleis klara å ta i mot det gode i livet. Og ikkje minst at ein har att nok av både humor og sjølvironi, så det held når det verkeleg knip. Eg trur det går an å ha eit godt liv på trass av sjukdom og høg alder, men på mange måter trur eg at verdigrunnlaget ein har verkeleg blir stilt på prøve. Kva betyr noko i livet, og kva går livsverdet ut på.
Eg fekk tankar om både å ta vare på liv og helse så godt ein kan, og om å la seg utfordra til å gå inn i nye rom i livet når det trengst. Ekteparet i filmen hadde nok vore tente med å vera opnare og ærlegare om situasjonen sin, og med å innvolvera dei pårørande i mykje større grad når dei vanskelege tinga i livet verkeleg røynte på.
Då eg gjekk og la meg hadde eg filmen veldig med meg i heile kroppen. Om natta drøymde eg ein draum som var så tydeleg for meg då eg vakna at eg må skriva han ned her. I draumen var eg ein slags vikarprest i ei kyrkje. Eg stod inne i kyrkja og førebudde ein slags form for høgmesse. Eg hadde funne fram oblatar til nattverden. Då sa ei venninne til meg: «Nå utfordrar eg deg til å dela ut Kristi kropp til dei som ikkje ventar det.» Eg tok med meg oblatane på eit stort trefat, først gjekk eg mellom benkjene i kyrkja og delte ut til folk som var der og venta på gudstenesten. Så gjekk eg ut på gata og delte ut. Det var ikkje alle som ville ha, men mange tok i mot, og eg sa med låg og varm stemme til dei som fekk «Kristi kropp, gjeven for deg.!
Då eg kom innatt var fatet tomt, og gudstenesten skulle begynna. Eg skulle halda tale og reiste meg opp framfor kyrkjelyden som ikkje sat i benkjer lenger, men i ein stor sirkel der eg og hadde ein stol eg reiste meg opp i frå. Eg visste at eg hadde noko fint å seia til folk, og gledde meg til å få lov til å seia det. Då kom eg på at eg ikkje hadde meir nattverdbrød, og kviskra til venninna mi at det måtte ho prøva å få tak i medan eg talte. Ho sa at det skulle ho prøva å få til. Eg starta på talen min heilt utan frykt for at eg ikkje skulle få meir brød.
Der ein plass vart eg vekt, for då var det blitt morgon og vel så det. Eg ser jo symbolikken i draumen, men eg synest likevel at det er ei vakker historie som kom til meg. Eg trur på at draumar kan snakka til oss, om ikkje anna så i alle fall fordi dei er oppstått frå tankar som ligg og jobber i kroppen medan kroppen er gått i kvilemodus. Heilt frå eg var lita har eg forresten lurt på korfor i all verda alle menneske må bruka så mykje tid på å sova. At me kvar einaste kveld må setja oss i ein sårbar tilstand av å vera utan medvit, og så må me i fleire timar la livet forsvinna frå oss. Kanskje det har med det å gjera at eg som ekte B-menneske aldri er klar for å gje slepp på dagen når klokka seier at det hadde vore fornuftig å gjera det…
I dag har eg og kjærasten min vore på tur. Heldigvis hadde han med seg kamera, for han tek veldig mykje finare bilete enn eg gjer sjølv. Til mitt forsvar har han og mykje betre og dyrare utstyr. Slik ser det altså ofte ut på Jæren i januar, – gulbrunt landskap og høg vassføring. Då eg vaks opp kjendest det nesten litt feil når me hadde desse snøfrie vintrane, som det kanskje er aller flest av på desse kantar av landet. Som ekte nordmenn burde me kunna visa fram store mengder snø og klinkande blank skøyteis. Men som vaksen gjekk det opp for meg at; det er jo vinter dette og, ein form for vinter som og har ein eigenarta skjønnhet om ein bare er open for å sjå det.
Eg veit ikkje om det blir eit apropos eller eit malapropos, men sidan det kapittelet i boka eg starta på i dag heiter «Mot strømmen», og dermed har med dette biletet å gjera, sluttar eg innlegget med det som stod der som «kapittelprolog».
Åndeleg vekst er altså ingen jevn vei,
som fører direkte til større tilfredshet i livet.
Veksten skjer langs troens vei, langs risikable stier
gjennom tøffe beslutninger
Charles Ringma
Heidi
I dag er det den første skrivefredagen i det nye året, og alle nye begynnelsar må vel tast godt i mot. Eg tenkte å invitera inn i skrivestova for å visa kva som skjer der, sånn for eksempel akkurat i dag. Ein skrivefredag startar med frokost og ein smule ettertanke, så gjeld det å rydda unna det verste relativt fort. Eg må tenkja på skriveromet som eit kontor og skrivinga som noko eg må på jobb til, elles kan eg bli gåande å tru meg forplikta til at «eg må bare» med den konsekvensen å aldri koma i gang. Dersom ein skal kunna vera produktiv i eige hus, trur eg at ein må ha evna til å setja seg ned i rotet og la humlene susa enn så lenge… I dag hadde eg forresten ein ting eg måtte få gjort…
Denne fine, nye linløparen, som eg kjøpte som julegåve til stova mi, var utsett for eit uhell i går. Eg skulle rydda han til sides fordi me skulle spela «kortskalle» og så kom eg til å velta eit heilt flytande varmt telys over… Etter ei natt i fryseboksen og skraping av frosen stearin har eg kasta han i vaskemaskinen på 60 grader. Eg er veldig spent på om flekken går vekk. Viss ikkje får eg notera i notisboka mi at eg eigentleg ikkje bør ha dyre ting som kan øydeleggast i huset mitt i det heile tatt…
Av alle ting har eg brukt dei første timane i dag til å oversetja og omskriva Lady Gaga til jærsk. Elevane har sjølv fått finna låtar dei vil ha med i den store tiandeklasseforestillingane, og ein av dei er «Born this way», av Lady Gaga. Eg kan ikkje påstå at ho er den artisten eg lyttar mest til, men det er artig å la seg utfordra. «Born this way,» er blitt til «Fødde sånn». Vidare ser eg at eg har fått for få rollar inn i stykket i forhold til dei som ville vera skodespelarar, så eg må skriva inn ein scene til litt seinare i dag.
Elles så er planen å begynna så smått på ei lærebok i skapande skriving, eller kanskje snarare ei ressursbok for alle som driv med kreativ skriving saman med barn og unge i skule og kulturskule. Eg har drive med dette i ein heil del år nå, og i kulturskulen har eg laga det aller meste av opplegget mitt sjølv, sidan dette er eit heilt nytt fag, og eg har hatt ganske frie tøylar. Eg har ført logg heile tida og skrive ned det eg har gjort, og så har eg tenkt på ganske lenge at det kan vera nokon der ute som kan bli glade for litt tips og idéar. Sidan me faktisk starta vårt eige forlag i sist veke «Sporisand forlag», så kan det vera greitt å ha noko å gi ut… Eg må innrømma at eg eigentleg har endå meir lyst til å vera kreativ sjølv enn å laga lærebok, men det hadde nå vore kjekt å ha prøvd det og… Det blir nok å jobba med fleire prosjekt samtidig. Seinare i dag har eg lyst til å jobba litt med dikt og songtekstar, og så er nok arbeidsdagen slutt, er eg redd…
I går vart det ikkje plass til nokon gjestelyrikar, så i dag opnar eg armane og bloggen for ei dame som heiter Anne Karin Fonneland. Ho har mellom anna gitt ut boka «Når dei vakne ser» på «Det norske Samlaget». Der har eg funne nokre fine små tekstar eg har lyst til å dela med dykk. Det er den boka de kan sjå på det øverste fotoet under eit fint krus Sunniva kjøpte til meg i Bolivia.
Berre barn skulle leie oss
i dagar og netter like stille
som mennesket stod ved dei første elvane
det var før det vart kviskra, i stunda
då livet tok til i små hender
og lyset vart festa til regnbogehinnene
der, i den vesle rørsla til lys,
kanskje såg vi då,
før jorda stempla den svarte pupillen.
Anne Karin Fonneland
Teen i koppane varmar,
brenn nesten orda vi prøver å svelgje,
Små ringar breier seg, tynn latter over
det som kjem tydelegare fram
alt det tomme vi prøver å fylle
Så skjøre er vi no at eg vil gripe di hand.
Anne Karin Fonneland
***
Nå får eg skriva vidare på det andre som skrivast skal, men først skal eg med lett bevande hjarte gå ned og sjå om eg har fått stearinflekken av løparen min. Det er fint at lin toler høg varme, så i beste fall er alt i orden.
Ha ei fin helg.
Heidi
Medan det framleis er tida for jule-englar, skal desse fire små englane eg fekk av syster mi til jul få lov til å vera glimta i auget i dag. Første dagen i januar vart fin og vart bare brukt til avslappande gilde ting. Om ettermiddagen åt me kyllingsuppe og drakk kaffi saman med Einar og Liv på Sandnes. Dei er så veldig fine folk å vera saman med, og det var frykteleg lenge sidan sist. Av og til tenkjer eg at eg må ha fått ei velsigning i voggegave som går ut på at dei aller finaste folka tilfeldigvis dukkar opp langs vegen min. Gjennom eit liv som har vart ei stund, har eg samla med meg utan måtehald og sjenanse. Venner treng ikkje vera bare dei du møter veldig ofte. Dei er og dei som får verda til å opna seg ei stund kvar gong du møter dei.
Endeleg har eg fått melodien eg fekk til jul av Halvard på lydfil. Eg har lyst til å laga tekst til, men det er ein melodi som er repetetiv og på ein måte stilleflytande. Eg ser for meg ein tekst som handlar om små sekvenser av ein vanleg dag der små minutt fulle av alt og ingenting flyt forbi, litt sånn Monica Zetterlundaktig Eg kjenner det er litt på kanten av min kompetanse å få det til, sidan det ikkje er ei veldig klar melodilinje å hekta songen på, men det blir ei spennande utfordring.
I dag er det dagen for å samla saman trådar og få ordna opp i litt forskjellig. Eg får ein veldig mjuk start på semesteret sidan elevane våre begynner først i morgon og eg har skrivedag på fredagar. Men eg skal nå prøva å få gjort ferdig ein songtekst til forestillinga eg har skrive på i jula. Så har eg ein kaffiavtale på Bryne som eg gler meg til. I går tok eg meg i å tenkja tanken : «Eg lurer på kva Jens vil fokusera på i nyttårstalen sin…» Så gjekk det opp for meg at det faktisk ikkje var Jens som skulle halda nyttårstalen og tanken kjendest merkeleg. Eg har høyrt litt smådrypp om kva Erna sa og ikkje sa, men eg skal sørga for å få lese eller høyrt talen. Eg synest faktisk at talar er litt viktige fordi dei seier noko om kva som blir oppfatta som viktig og kva leiestjerner ein peiler nyåret inn etter. At kvardagen er noko anna er noko me alle veit, men hekta på ord som eg er, så synest eg at me treng orda.
Og apropos ord og nyttårsløfte og alt dette som er bernnaktuelt i akkurat denne veka av året. I dag hadde eg ro til å setja meg ned med ein kopp kaffi og morgonboka mi, den indre rytmen. Der las eg tilfeldigvis noko om akkurat dette, som eg opplevde som tankevekkjande og radikalt. Ja så radikalt at det kanskje må opplevast nesten som galskap for dei som ikkje deler denne måten å sjå på livet på. I dag tek eg med desse tankane, ikkje minst for å utfordra mine eigne tankar litt. Kom gjerne med innspel om nokon opplever desse tankebanane som provoserande:
Handlinger som springer ut av frustrasjon eller tvang gir sjelden positive resultater. Slike handlinger kan nok kanskje virke løfterike og preges av innsatsvilje, men blekner raskt og fører lett på villspor. Verken frustrasjon eller tvang er noen god motivasjon for langsiktig, positiv og konstruktiv innsats.
Går vi i gang med gode gjerninger som en form for terapi eller for å kvitte oss med skyldfølelse, vil vi fort glemme at målet er det felles beste. Til slutt blir det handlinger der vi bare søker vårt eget og tjener oss selv og tenker på hva vi kan få ut av det. Konstruktive handlinger springer ikke ut av frustrasjon, skyld eller tvang. De springer ut av frihet og håp. (Charles Ringma)
Ja, tenkjer eg, og kanskje andre med meg. Men kva viss ein ikkje opplever eit slikt håp? Skal ein då ikkje gjera noko som helst? Eg siterer vidare.
Vår handling er ikke et fryktsomt forsøk på å gjenopprette en ødelagt verden. Da påtar vi oss for mye, for vi er verken allvitende eller tilstrekkelig kloke. Og vi vil aldri orke å holde de gode gjerningene gående viss målet er så momumentalt. Vi vil bli slått ut allerede i forsøket. (Charles Ringma)
Her tenkjer eg og forhåpentligvis mange med meg; Ja, men kor vil han hen? Me må då prøva så godt me kan å gjenoppretta ei øydelagd verd. Me kan då ikkje venta til me blir kloke nok eller til motivasjonen er rein og heil og ikkje har i seg element av frustrasjon og tvang?Så kjem han med «svaret» som ein kan kjøpa eller ikkje. For dei som ikkje trur på noko religiøst, blir dette truleg eit nonsensargument. For meg som faktisk trur, blir det eit tankekors og ei tankeutfordring å ta med meg i dagane framover, for dette var faktisk ein ny måte å tenkja på for meg og:
Handlingene skal være en glad visshet om at alt allerede er gjenomrettet i Kristus. Handlingen springer ut fra et mål vi tror på og ikke et forsøk på å gjøre målet troverdig. Dette håpet inspirerer oss til å gjøre det gode, og gjør det mulig for oss å holde fram med det.(Charles Ringma)
Eg synest det høyrer med i samanhangen at mannen som har skrive dette ikkje er ein livsfjern teologisk tenkjar, men ein mann som gjennom slike tankar som dette har funne kraft og inspirasjon til å driva eit arbeid blant stoffmisbrukarar i Australia, og til å arbeida blant slumbefolkninga i Manilla ved sida av å forelesa ved teologiske seminar… Eg ser ikkje vekk i frå at mange som les her finn dette irrelevant og uinteressant, men slik er det med blogglesing… Kanksje nokon har bruk for å stoppa litt med desse tankane, slik eg kjende at eg hadde framfor eit nytt år belagd med gode tankar om korleis ting skal bli og burde vera, både på det bittelille private planet og i den store verda.
Uansett så vågar eg nå å seia: Gå for det du har tru på og det du kjenner er rett. Velsigna vere all god vilje…
(Tre lys er tend for gode ting, for kjærleik, glede, fred. Mens verda dansar villt i ring, og me må fygja med. For alt det gode som me fekk, for alt det gode me skal få, står lysa som ei bøn til Gud, ei bøn for alt me håpar på. Frå adventsalmen min, her i funkjson som nyårsbøn…)
Heidi
Så er me i januar, og januar kjem like brått kvart einaste år, sjølv om overgangen blir feira med meir brask og bram enn nokon annan kalendarovergang. Så sit me her med eit nytt år i fanget, i alle fakk reint kalendarmessing. Me kan kanskje framleis seia: «Slik var det fram til 2014, det året då alt snudde, og grepet me hadde om livet endra seg totalt, eller kanskje ikkje… Ære vere alle som starta året med ein tidleg morgonm trankapslar, morgongymnastikk og ein frisk joggetur før dei drakk den grøne vitamindrikken sin. Me skal visa respkt for all god vilje og alle gode startar.
Når eg ser ut av vindauget mitt, ser eg taket på leikehytta heilt inn til vindauget. Der er det buskar med tynne greiner som strekkjer seg over taket, akkurat nå medan eg sat og skreiv, kom det ein flokk små fuglar og landa der. Det må sikkert vera minst hundre av dei. Det har alt begynt å mørkna, så eg klarer ikkje å skjelna om det er spurvar, eller nokre andre små brungrå fuglar som lliknar. Dei sat der to -tre minutt og vippa med vind og tyngdekraft før dei akkurat nå letta og flaug, i alle dall dei fleste av dei. Ein liten flokk sit att, nå er det tjuetre små fuglar som sit der, eg fekk lyst til å telja. Dei plukkar litt i fjørene sine, vippar litt på stjerten, og plutseleg bytter nokre av dei plass. På ein måte kan dei minna litt om noter i eit notesystem teikna av spinkle kvistar. Dersom nokon har lyst kan dei ta det som eit sårbart lite preludium til året som koma skal.
Me har brukt føremiddagen til å sjå dei siste episodane i første sesongen av «Carnivale». Det er ei merkeleg forteljing med merkelege fargerike personlegdomar knytta til eit omreisande sirkus-tivoli, tankeoverførarar, spådamer, slangetemmerksar, dansarar, ein dvert, siamesiske tvillingar og ein mann med slangehud. Hovudpersonen, ein ung mann som tisynelatande tilfeldigvis blir plukka opp av dei, viser seg å ha overnaturlege og guddomelege krefter som han ikkje ynskjer å ha. Samtidig er det ei parallellforteljing om ein baptistprest og syster hans, om kampen mellom lyse og mørke krefter, og om evna til å sjå foreskjellen. Det har fenga meg litt på same måten som eg aldri kunne få nok av HC Andersen sine eventyr då eg var fem år, men nå trur eg eg står over sesong to og resten av serien. Eg får ikkje heilt bestemt meg for kva eg meiner om historien og tematikken, men eg må innrømma at det er drivande godt fortald. Alle som elskar gode forteljingar slik eg gjer det, det vere seg gjennom bøker, muntleg forteljing eller film, kjenner kjensla av å bli trukke inn i eit univers som ikkje er ditt eige. Eg hugsar at eg, spesielt då eg var rundt tjue år, kunne kjenna meg heilt ute av mi eiga verd når eg las gode bøker, og dette er litt på same måten. Eg hugsar at bøkene «Isslottet» av Tarjei Vesaas og «Barføtt gjennom Europa» av Kaj Skagen var bøker som hadde den virkninga. Tjue år seinare prøvde eg å lesa den siste boka om igjen, men då virka ho ikkje slik lenger. Som forteljar og skribent er det vel på ein måte dette å la ei forteljing bli levande og brenna seg inn i den som høyrer eller les ein prøver å oppnå. Eg blir minna om at forteljingar er sterke saker.
I går kveld, og langt ut på natta, var me i eit veldig triveleg nyttårsselskap. Flinke Gunnar klarte å servera nykokt fersk torsk til fjorten personar. Til fisken var det poteter, pepar, dill, gulrøter, erter, sprøsteikte baconterningar og hollandaise-saus. Eg trur det må vera den beste maten eg har ete denne jula. Det smakte heilt fantastisk. Han hadde vore inne i byen tidlegare på dagen og kjøpt fersk fisk som han frakta heim på is i plastboksar. Nede i Sandtangen var det kommunalt fyrverkeri klokka tolv, nokre drog ned for å sjå på, medan fleire av oss foretrakk å sjå på det heile gjennom glastaket i vinterhagen.
Og så står me plutseleg med begge beina i januar månad i eit nytt år, og ser oss litt fortumla omkring. Her i huset har me starta mjukt og forsiktig, og tøyer jula litt lenger, snart skal me besøkja venner i Sandnes som me ikkje har sett på kjempelenge, og så skal kvardagene koma gradvis frå i morgon av.
Alt godt i året som kjem til alle som les her. Eg tenkjer eg går for ein sesong til.
Diktboka eg drog ut av hylla i dag er skriven av ein gammal mann, Jon Fjone frå Telemark. Han døydde i 1999, åttiåtte år gammal, og boka er utgitt då han var åttifire år, som ei gåve til «Røde kors, Telemark», og utgitt via Seljord kunstforening. Boka har eg nok kjøpt i Seljord. Ho er signert av kunstnaren og har tittelen «Droseple». Nå skal eg sjå om eg finn eit fint dikt eg kan bruka til å opna det nye året… Og eg ser, at i dag blir det eit kort dikt, som står i ein slags samanhang med det første biletet…
Kome heim
Eg tek venlege steg
kvar kveld
når eg traskar heim
frå skogen.
Jon Fjone
Kanskje det ikkje var det dummaste temaet for eit nyår: Venlege steg.
Heidi











