Gå til innhald
Bilde

Første sommardagen

farmor og Ingrid

I går opna det seg eit hol i dagen, og me fann ut at me hadde tid til ein spontantur til farmor. Det måtte jo vera ein utmerka måte å feira at kalendaren nå viste sommar. Halvard kunne ta det som øvekjøring. Halvard og faren i framsetet og eg og Ingrid i baksetet på Halvard sin nyinnkjøpte bil. Vår er framleis på verkstad. Det var faktisk ganske god plass i bilen. Me kunne trilla rett ombord på ferga.

Då me kom fram til sjukeheimen, fekk eg eit positivt sjokk, ingenting mindre. Der sat farmor i stolen på romet sitt og såg så godt som frisk ut med ei bunke aviser i fanget og med Siv på besøk. Det hadde eg aldri forventa meg så pass dårleg som ho var sist eg såg henne. Ho insisterte på at me skulle dela nokre nysteikte potetkaker med smør og sukker som Siv hadde hatt med seg. Det vart ei halv til kvar. Potetkaker med smør og sukker er farmormaten meir enn noko, og smakte sterkt og tydeleg av barndom. Farmor fortalde at det såg ut som om ho var på veg heim, fordi dei meinte ho var for frisk til å vera på sjukeheimen nå. Eg spurde om ho kjende seg frisk nok til det, og ho svarte at ho «skulle nå klara å smøra seg ei skjeva sjøl», viss ho vart svolten…

Som ho seier sjølv «Eg e jo snart hondre år, så eg må godta atte ikkje alt e så før.»  Det er sant, men eg må seia at eg vart så utruleg glad for å sjå ho så frisk igjen. Heia farmor!

Eg sit og jobbar med skrivekursboka vår. Der fann eg eit surrealistisk farmordikt som min flinke skriveelev Silje ha skrive. Det passar kanskje ikkje heilt inn i konteksten, men me tek det med likevel. Verda er full av rare of merkelege små puslespelbitar.

Perletårntivoli

 

Farmor har bygd ein by

ein fanga by,

utan stjerner.

Torer du?

Søvnige popcorn

i det raske mørket.

 

Prikkesundag,

farmor skapar perler,

utan å løfta noko.

Eldgamle morellar,

med eple og ring.

Farmor er søvnig nå.

(Silje Ree)

Heidi

Bilde

Ein dramalærar går i land…

soldatar

Dette er ein dag som ber med seg ei viss grad av vemod, men og ei viss grad av lette. Nå har eg hatt mi siste forestilling som dramalærar. Den nye versjonen av vårt sjølvlaga stykke «Jentegarderoben», har gått over i minnearkivet etter to dagar med forestillingar. I dag hadde me to stappfulle hus med elevar frå ungdomsskule og dei eldste klassane i barneskulen, og det gjekk veldig bra. Når eg les meg bakover i mitt eige mai-arkiv her på sporisand, ser eg at eg er innom mange av dei same roma kvart einaste år. Eit av dei er spenninga rundt ulike teateroppsetjingar og det travle livet med førebuingar til premierer. Nå er det eit avslutta kapittel. I alle fall i denne omgangen…

Eg tur det er tolv år eg har vore dramalærar i kulturskulen, eller kanskje det er tretten? I tillegg hadde me tidlegare store teateroppsetjingar som satsningsområde på vår skule i ca tolv år. I mange år har eg vore medansvarleg for 4-5 store barneteaterproduksjonar kvart år, og mange av dei har eg skrive manus til. Det har vore veldig spennande, utfordrande og arbeidskrevjande, spesielt sidan det bare har vore ein liten del av eit vanleg lærarliv, med alt eit vanleg lærarliv ber med seg. Og nå kan eg jo røpa at eg faktisk har fjuska i faget som nokså ufaglært i drama-teater. Det einaste eg har er ei vidareutdanning i forteljarteknikk som absolutt er relevant, elles så har eg støtta meg på samarbeidet med Jan Ivar som i tillegg til å vera lærar er utdanna skodespelar, og dermed fagmann,. Eg og han har operert i lag i veldig lange tider, heilt sidan han kom til skulen vår som ung, langhåra sivilarbeider og skulle hjelpa meg med ei garborgforestilling i femteklassen min. Kvar tysdag har me styrt med øvingar, me har sydd ballkjolar, lakka Askepottsko, korreografert, dansar, vore på endelause leiteturer etter sære rekvisittar og laga kviskrande brønnar av vaskebaljar, ståltråd og malt gråpapir. Som ein uunverleg hjelpar har Stg trådd til som lydmann og elles laga likkister av glas, bardiskar og dodører til oss når me to kom til kort reint handverksmessig. Me har framleis ei glaskiste i bomberomet, som ville kunna få ein kvar innbrotstjuv til å fæla stygt… I tillegg har Jan Ivar og eg reist rundt i sikkert fem sesongar som eit ledd i «Den kulturelle skulesekken», med eit forteljarteater om HC Andersen sitt liv og sine eventyr, der me sjølv spelte alle rollane. Etter kvar forestilling fekk elevane vera med og laga teater over eventyra om Prinsessa på erten, og Keisarens nye klær. Me reiste rundt på glatte vegar med ein bil stappfull av kostyme, rekvisittar og av alle ting eit gammalt høgdehoppstativ.

Det var Jan Ivar som først kjende at nok var nok. At det krev både sine menn og kvinner å gå laus på nye store prosjekt kvart einaste år, og samstundes halda entusiasmen oppe. Sjølv tenkte eg at eg ville hald fram, men når eg fekk tenkt meg om, kjende eg som det står i skrifta at det er ei tid for alt. Eg må innrømma at arbeidsvekene mine med to dagar med jobb frå tidleg morgon til utpå kvelden, kan kjennast ganske heftige. I tillegg har eg jo takka ja til kunstformidlingsprosjekt og andre formidlingsprosjekt for skular, og eg har vore frilansar på ganske mykje anna i tillegg til å leika litt diktar innimellom. Eg har lenge kjend at døgna mine er for korte. Frå neste skuleår skal eg faktisk ha betre tid til alt som er godt og kreativt og sunt og rett…

Så nå kjem det ei tid for noko anna, sjølv om eg ikkje kan garantera at eg aldri meir vil ta i ein teaterproduksjon. Ei svært velutdanna og entusiastisk dame står klar til å overta dramalærarjobben min. Det blir spennande å sjå på frå sidelinja. Nå får elevane nye impulser, og eg er heilt trygg på at det blir bra.

Men det var kjekt at dei siste forestillingane gjekk så bra som dei gjorde. Eg må innrømma at det varma då ei av dei flinke teaterjentene mine kom og gav meg ein klem og sa at ho syntest eg hadde vore ein veldig flink dramalærar. Det er slikt ein ikkje alltid er heilt overbevist om sjølv. Kvar einaste år tenkjer eg når eg sit på første benk og er ferdig med å vera klar som sufflør i tilfelle dei treng meg, at «dette var faktisk verd alt slitet før me kom i mål.» Nå lukker eg døra og kjenner at det er rett.

Og som kvart år er eg tilstrekkeleg utlada når me er vel i mål. Denne veka har det vore både dag- og kveldsjobbing dei første fire dagane. I dag morges var eg så fokusert på teater at eg hadde sykla fleire hundre meter på veg til jobb, før eg litt forvirra kjende at eit eller anna ikkje stemde. Det tok nokre sekund før det gjekk opp for meg at eg hadde gløymt brillene heime. Det er ganske godt gjort så lenge styrken i begge glasa er på «meir-enn-minus-tre.» Etter jobb var eg på kafé i lag med dei eg skal jobba med i første klasse. Det var veldig triveleg. Vel  heime landa eg i senga for å slappa av bittelitt, og ende med å sova i tre timar. Det gjorde godt. Ulempa med maratonprosjekt utanfor heimen er at når ein utlada og lukkeleg vender tilbake,  så står arbeidsoppgåvene i kø. Nå skal eg ta fatt på rydding av kjøkkenbenk og kjøleskap, så får klesbretting, golvvask og blomsterbed koma etterkvart. Mannen i huset rettar eksamensoppgåver, Sunniva har to jobbar samtidig, og yngstemann er midt i sine eksamenar, så her kan ein ikkje vera primadonna og rekna med at alt ein pleier å gjera blir ordna av andre. Elles så har eg eit manus å skriva ferdig og litt iop-arbeid med meg heim i helga. Pytt pytt.

pippijentegarderoben

Desse to siste bileta er frå dei to siste forestillingane nå i mai, og stolne frå kulturskulen si heimeside. «Frå Pippi til Dei Grøne Engers Øy» overst, og «Jentegarderoben» nederst Eg håpar ikkje nokon tek det ille opp at eg smuglar dei inn i bloggen min, så lenge eg ikkje legg desse situasjonsbileta ope inn på facebook. Eg vil jo så gjerne visa fram kva me held på med…

Heidi

Alt du har levd

teaterbilete irene olav sunniEg prøver meg med litt spontanlyrikk,fordi eg eigentleg er for trøytt til å skriva så mykje anna fornuftig. Eg trur teksten under blir til eit ekte dikt ein dag, i kveld er det ei litt uferdig råskisse. Dagen har vore lang, god og innhaldsrik. Eg har fått med to lange og interessante møte, ein tur med elevane i nydeleg sommarver, ein lunsj med Jan Ivar, ein generalprøve og ein urpremiere på det stykket me har sett opp med ungdomsdramagruppa vår.  Nå er det ikkje så mykje att av meg, men sola skin så fint og det er herleg sommarkveldtemperatur ute. Eg håpar Sunniva, Irene og Erik Mikal tilgir at eg har brukt eit teaterbilete av dei som illustrasjonsfoto. Eg liker dette biletet veldig godt.

*

Alt du har levd

ber du med deg.

Ein tyngde mot akslene,

ei kraft i ryggrada,

ein styrke i leggane

som presser føtene dine mot jorda,

den du ein gong er teken frå,

den du ein gong skal tilbake til.

Du ber på eit liv

som tyngjer hendene dine,

og som gjer eit streif

av vemod til songane dine.

*

Alt du har levd,

alt du har elska,

alt du har ledd, lengta

og gråte ut,

løfter deg,

ei oppdrift i hoftene dine

fjørlette venger på akslene,

lette bobler

av lått frå nederst i magen,

held deg oppe,

løfter deg

gir deg panoramautsikt

over kvardagane

og kirsebærtrea

som blømar i år igjen.

Løftar deg mot det heilage

som alltid har halde deg oppe

og ein gong skal fylla deg heilt.

*

Og langsamt blir du ei bøn

om dette som heiter å leva.

Heidi

fuglar over sjøspor i sand

Bilde

Det var en gang en sommer…

det var en gang en sommer

…nittenhundre og nittiseks…

Det kjennest ikkje lenge sidan ein gong… Eg og svigermor var på Bærums verk med Ingrid og tvillingvogn.  Dei to små sprang til kvar sin kant, og me sprang etter kvar vårt barn. Det var ei elv der, som det var fullt mogleg å detta ut i, og det var masse fine skulpturar. Ingrid var flink storesyster, men vart av og til litt sliten av at så mykje av livet måtte tilpassast to ekstremt energiske småsysken. Spesielt Sunniva var høgt og lågt og var ikkje redd noko som helst.

Nå har det jevna seg ut. Ingrid, Sunniva og Oscar kom nettopp inn døra. Dei har vore på besøk hos mormor og morfar. Aldersforskjellen på jentene er ikkje så stor lenger, og dei stortrivest i selskap med kvarandre, sjølv om dei framleis er veldig forskjellige. Det er som i Skjæråsendiktet  a Kari vil helst vara heme, a Kirsti er alle stan… Halvard kom nettopp heim etter å ha brukt heile dagen på å filma kronprinsen som har vore på besøk på skulen hans. Bare store vaksne folk alle saman. Og livet rullar vidare.

Og det gjer det i eit høgt og uangripeleg tempo. Foreldremøte i kveld med foreldra til dei nye førsteklassingane. Sjølv om eg sørgjer litt framleis over dei flotte ungane eg snart skal «mista», så kjenner eg etterkvart ganske sterkt at det skal bli bra dette andre og… Eg har laga program til forestillingen i morgon. Eg bruker mykje tid på å dilla meg fram til eit resultat eg synest er slik eg vil ha det. Det skal ikkje stå på programmet. Men blodkapslane det skulle vera nok av til denne forestillinga og, er borte vekk. Kanskje fristinga vart for stor for Emil frå Lönneberget og Karlson på taket og alle dei andre som hadde fri tilgang til dei i sist veke… Men tyntflytande jordbærsyltetøy på flaske er sikkert gode greier det og. I morgon klokka 18.00 viser me forestillinga «Jentegarderoben» i aulaen på Bryne skule. Velkomen dersom du har lyst til å sjå på. Nå må eg leggja i vatn ein genser som er full av akrylmaling etter kunst- og handverktimen i dag. Elevane malte sine keramiske produkt. Eg er imponert over kor spennande fargesans ungar har. Og etterpå var det litt av ein jobb å rydda opp etter meir enn femti glade kunstnarar…

Det lukter så godt av nysprungne bjørker når det nettopp har regna.

Heidi

Bilde

Født og oppvokst på landet…

jærlandskap

I fall nokon ikkje har fått det med seg, så har staden eg bur på vore oppgradert til by i meir enn ti år nå. Om eg føler meg som bydame er eit heilt anna spørsmål. Då eg var lita var «byen» synonymt med Stavanger. Skulle ein «te byn» så gjekk ferda til Stavanger med buss, tog eller bil. Eg må innrømma at det følest bittelitt slik framleis, samstundes som Bryne følest meir og meir som by, og at eg opplever meir og meir liker det som høyrer byar til, folkeliv, kafear, kulturelle tilbod og mangfald. Om eg føler meg som ei bydame er ein heilt annan sak, bondejenta er vel på sett og vis sterkare til stades i identiteten min.

For sånn ca trettifem år sidan var eg på «storbyferie» i Oslo saman med to venninner. Me sat på ein kafé, og for mitt vedkomande var vel kanskje øyrene og auga ganske store der eg sat og observerte bylivet. Ein godt vaksen mann som hadde slukka ein del tørste, kom bort til meg, nikka bekreftande og konstaterte: «Jasså, du er født og oppvokst på landet…» Var det så tydeleg?

Me skulle og på skikkeleg storbytur med engelskklassen min, heilt til London. I samband med avreise sa engelsklæraren min: «Dine foreldre er vel kanskje bønder, Strand?» Men det var dei ikkje. Derimot var besteforeldra mine bønder, og det var eg for så vidt ganske stolt av. Eg har ferdast ein heil del i fjos og syntest i grunnen at det var triveleg å vera der, ikkje minst fordi farfar kom med god underhaldning medan melkemaskinane gjekk. Ei side ved farfaren min som eg trur ikkje var openlys for alle og ein kvar, var at han hadde ein utruleg sans for humor. Han er den einaste eg kjenner som har fått meg til å vri meg av lått bare ved å lesa opp ein isreklame frå ein brosjyre som låg i postkassen ein vakker dag…

Kor eg vil hen med dette? Ja, sei det… Eg såg dette biletet som ein av yndlingsfotografane mine hadde teke her ein dag, og så var det desse tankane som dukka opp. Eg har trass alt dette merkelege fortsettet for meg om å skriva noko meir eller mindre vettugt kvar dag, og i dag var det denne vegen assosiasjonane tok meg. Eg er utruleg trøytt akkurat nå, dagen har vore lang og intens med lang arbeidsdag først, så planleggingskveld etterpå, og innimellom har eg fått ordna eit og anna som ordnast skulle. Morgondagen blir litt mindre hektisk, då er det bare normal arbeidsdag og eit uskyldig lite foreldremøte for komande førsteklasse på kveldstid. Det er koseleg å stå tidleg opp, eta frukost i lag og gå til skulen saman med Sunniva. Det er kjempekoseleg å ha henne heime så lenge det varer.

Heidi

svarte og kvite sauer med lam

Bilde

Snart sommar

Heidi

Det var blitt så grønt og fint ute i dag, så eg tenkte me fekk by på eit sommarbilete og gle oss til prestekaragar og kløver, som burde vera der ein stad bak svingen. Familien min bugnar av flinke fotografar, så det er ikkje ofte eg må trykkja på avløysarknappen sjølv. Eg fekk ein ZTE-mobil til jul, og tenkte at nå kunne eg for første gong fotografera litt. Det dumme er at kvaliteten på bileta er så dårleg at eg ikkje har heilt lyst til å vera bekjent av dei. Dette biletet tok svoger Henrik i sommar for at eg skulle ha eit bilete eg kunne ha bak på diktboka mi «Fotnoter i sanden.» Eg liker å tru at det er omtrent slik eg ser ut, men ein dag såg ein av elevane mine boka med eit liknande bilete bakpå, som eg hadde teke med meg til klasseromet fordi ein kollega ville ha ho… «Ken æ hu damå på billede, Heidi?» «Dæ æ mæg, ser du ikkje dæ?» «Nei… – Du va fine på dæ billede, dæ ligna ikkje på dæg! »  Nei, då så… Men boka sel eg faktisk framleis eksemplar mest kvar einaste dag. Nå i kveld ringer det snart på døra fordi det er ei som vil kjøpa tre stykker, og i forgårs då eg var innom ein av dei lokale bokhandlane, spurde dei om eg ville koma innom med fleire fordi dei var utselde. Det er veldig kjekt, og faktisk litt overraskande at bøkene flyt ut på den måten dei gjer. Eg blir inspirert til å kanskje laga ei ny diktbok i løpet av sommaren.

Men det var ikkje det eg hadde tenkt å skriva om. Det er bare min vanlege frie flyt av tankar som slår inn når eg er litt sliten og let fingrane gå på eiga hand.  Nå held eg forresten på med ei anna bok, ei bok med tekstar dei seks skriveelevane mine har laga i løpet av skuleåret. Eg synest i grunnen at elevtekstar er ein undervurdert sjanger. Kanskje eg skal by på ein smakebit?

 

Løvetanndikt 1

 

Ei fallen stjerne,

livets gåve,

blomstrar

gjennom regn og vind.

Eit lite gult håp,

blomstrar så det brenn

strekkjer seg mot skyene.

 

Fang dei stigande stjernene.

Silje

 

løvetann 1

løvetann 2

Det har vore ein fullfartdag med planleggingsdag etter undervisninga. Eg sørger litt over at eg ikkje får halda fram med dei same elevane neste år, men når me er i gang med å bli kjend med planane og elevane, så kjenner eg at dette blir fint og spennande dette og…

Etter jobb vart det ein øvekjøretur med Halvard. Me la løypa innom mor og far. Det er fint å sjå at mor kjem seg etter operasjonen. Halvard kjører bra, så viss han ikkje er uheldig, så trur eg han har sertifikat om ei drøy veke. Før det har han tre eksamenar, så me får håpa det går bra alt saman… Innimellom har han fått det ærefulle oppdraget å filma kronprinsen når han kjem på besøk om eit par dagar. I morgon skal han få lynkurs i korleis oppgåva skal løysast. Det han har fått vita til nå er at ein ikkje går med caps når ein filmar kongelege… Det er jo ein grei start.

Ein kopp te med Hanne Lise vart det og tid til sånn på tampen. Det var koseleg å sjå henne.

Og nå har eg ein time med filosofi å førebu før natta innhentar meg…

Heidi

Bilde

Jærdagssundag

Sunni kjøkkenet jærdag

I dag var det jærdagsgudsteneste på torget for alle kyrkjene i kommunen. Torget var fullt av folk. Det var fint å stå der saman og vera eitt same kva kyrkjesamfunn eller gruppe ein høyrer til i. Etterpå vandra eg nedover gata, og fikk med meg ein fin gatekonsert der blandakoret Vivace song a capella. Sunniva som har jobba hardt på Kjøkkenet dei siste dagane, fekk gå tidleg heim, fordi det var rolegare der i dag. Me gjekk heimover saman og laga oss mat heime av godt brød frå kjøkkenet og ost eg kjøpte i ei hollandsk gatebu i går. Sola skein, sjølv om det er ganske kald vind, og etterkvart lyser det fine blomar i beda mine. Eg har fått skrive mykje. Snart er boka til skriveelevane mine klar til skriving. Det er litt for lite att av dagen, så nå seier eg god natt. Det blir ei veke med jobbing kvar dag og kvar kveld, så det er eit poeng å få sove nok før karusellen snurrar seg opp i fart.

jærdagsringer

Heidi

Bilde

28 år i dag

brudebilde farmor og farfarSå lenge er det sidan eg plukka liljekonvall i full fart i hagen til bestemor for å få meg brurebukett før kyrkjeklokkene ringte. Kjærasten min var ved å få panikk med tanken for å koma for seint til kyrkja, og foreslo at me skulle dra utan bukett… Heldigvis haldt forlovaren min, Sissel, på ro og tanke og sette saman buketten i bilen på veg til kyrkja. For ordens skuld, i fall nokon skulle tru det… Dette brureparet er ikkje oss. Det er farmor og farfar. Eg vil tru at dei gifta seg nærmare femti år før oss, men fine er dei.

Farmor sin kjærleik til farfar må minst vera førebiletleg. Ho var ikkje alltid einig med han, men eg trur det er rett å seia at han verkeleg var helten i livet hennar. Ein gong for lenge sidan, då me hadde bare eit barn, trur eg, skulle me overnatta hos farmor og farfar. Me hadde kjøpt oss ny reisebarneseng på Ikea, og nå skulle ho takast i bruk. Det var ikkje av den aller enklaste typen som ein bare slår opp, denne måtte setjast saman med teltliknande stenger, og så skulle senga drast inn på stengene etter eit visst system. Kjærasten min sveitta over byggverket og arbeidsteikninga, og det gjorde det vel ikkje betre å ha ei hendig og teknisk begava svigerbestemor kikkande over skuldera… Eg såg plutseleg løysinga, og prøvde å ta over det heile. Då sa farmor bestemt: «Nå går me ner og drikke kaffi, Heidi, så får han gjera seg ferige i fred. » Då eg kom ned sa eg at eg plutseleg hadde forstått korleis senga skulle byggast. «De såg eg og for lenge si,» sa farmor, «men det e beste atte mannfolkjå får finna ut av slike ting sjøl…» Eg veit ikkje om det kan gå under beteikninga «erfaringsoverføring i kvinnelist», men eg ser ikkje vekk frå det. Då eg såg farmor for eit par veker sidan og ho låg avkrefta i senga på sjukeheimen, sa ho til meg. «Nå må du stedla godt med den kjekke mannen din, Heidi»… Så visst likna ho seg sjølv, sjølv om ho ikkje lenger var oppe og sprang, slik ho har gjort nesten heilt til nå.

Og me har feira dagen med ein tur på Kjøkkenet, restauranten der Sunniva jobbar. Me åt «vårtallerken» og kikka på folk. I dag er det Jærdag og yrande folkeliv. Me har vore på gratiskonsert med admiral P, kjøpt to hollandske ostar i gågata og to gourmetbrød på kjøkkenet. Eg har fått ein ny raud ostehøvel frå ein LO-mann som delte dei ut i gata, og eg har klemt diverse av elevane mine som og var ute i marknadsgatene. Akkurat nå har Kaizers Orchestra konsert nede på torget, men eg kom aldri så langt at eg fekk kjøpt oss billettar. Eg opna verandadøra for å høyra om me kunne få ein luftboren gratiskonsert, men det einaste me kan høyra er bass og rytmer.

Elles var det lunt og godt på Ingrid sin terrasse. Det begynner å likna på sommar nå. Ute er det grønt og fint, og sommarkjenslene begynner å kribla under huda. Framleis er det nokre veker til sommarferien, men dei kjem til å gå fort, kjenner eg tida rett.

Scan 85

*

Heidi og farmor

 

Den er klok

som veit når det skal teiast

og når det skal talast.

Lær meg å skjøna forskjellen.

Heidi

Bilde

24.mai

tinghaug maiDet var veldig deilig å ikkje måtta vakna tidleg til ein veldig travel dag. Ein sein frokost med kaffi, rugsprø og eit par aviser saman med Sunniva passa meg heilt perfekt. Etterpå gjekk ho og eg ned til treningssenteret for å trena saman med Irene. Det høyrest nesten ut som første dagen i mitt nye liv, og kven veit.

Eg hadde lova Ingrid at me kunne jobba litt med pedagogikk i dag, og plutseleg hadde heile dagen gått sånn omtrent. Ho held på med å skriva ein bacheloroppgave om urolege gutar i skulen, og sidan eg har litt erfaring med akkurat det, så er det fint med litt kolokviearbeid. Det er fint å halda seg sjølv litt oppdatert og. Det er kanskje litt skremmande at det framleis er dei ideane som sikkert var nye og friske då eg begynte på lærarutdanninga i 1980, som framleis pregar mine idear om kva som er god skule. Etter ein del år i bransjen har me fått fylgja pendelen fram og tilbake under den store pedagogiske skuleklokka, som stadig vekk skal justerast til det som for tida er godt og rett. Det finst veldig mange interessante bøker om pedagogikk. Dessverre trur eg det er nokså begrensa kva den gjennomsnittlege læraren får tid til å lesa til ei kvar tid. Det er alltid så mykje forefallande papirarbeid og for- og etterarbeid som må koma først, men når eg set meg ned for å lesa, slik som i dag, så kjenner eg at litt fagleg påfyll ikkje er så dumt.

Etter at Sunniva kom heim frå jobben sin med nybakt brød, salatar og nyinnkjøpte jordbær og druer, sette eg og jentene mine oss ned for å sjå film. Me er litt uderernærte på å vera i lag sidan Sunniva stort sett har vore borte det siste året. Eg hadde tenkt å få jobba ein del med eigen skriving i dag, men plutseleg var dagen bare blitt borte. Eg trøyster meg med at eg nok trong ein slik dag nå. I morgon blir det ein fin dag, trur eg. Nå skal eg leggja meg slik at eg får sove litt i helga. Neste veke blir meir enn travel med to planleggingskveldar på skulen, eit foreldremøte for første klasse frå hausten og to dagar med teaterforestillingar. Det blir sikkert fint.

Heidi

Eg fyller viss år i dag dersom eg tenkjer meg om

barna mine konfirmasjon Tonje

Og heime hos oss er det tradisjon når mamma fyller år at ho blir vekka av sine stivpynta barn, som har med namneskilt i tilfelle ho skulle ha gløymt kven dei er… For slik er det hos oss…
Eg må vel innrømma at dette biletet er i frå Tonje sin kofirmasjon i fjor på desse tider, og at eg tilfeldig kom over det då eg leitte etter eit bilete for å illustrera denne dagen. Sjeldan har vel ein gebursdag vore så lite påtenkt som den i dag. Eg var overraska over at nokon hugsa det i det heile tatt, for sjølv hadde eg nesten gløymt det oppi alt det andre som har skjedd og har skulla ordnast. Men mannen i mitt liv dukka opp på kjøkkenet då eg åt frokost med mange fine sommarblomar, som akkurat nå står på verandaen med den jorda dei stod i då dei vart kjøpte. Den eine er ein stor fin duftlavendel. Eg får ordna det skikkeleg til der ute etter kvart. Ein eller annan sommar i livet mitt må vel bli ståande som hagesommaren, den sommaren me fekk skikkeleg dreisen på hagestell…

På jobb var eg skikkeleg trøytt, ikkje sliten eller utmatta, men rett og slett veldig søvnig. I siste time sat eg saman med klassen, og skulle høyra på at Helen las høgt for elevane. Eg var fleire gonger ein millimeter frå å sovna frå opplesinga, kanskje eg til og med var ein millimeter over grensa av og til. Eg kan aldri før hugsa at eg i mine 27 år i skulen har sovna i ein skuletime. Etterpå sat eg og skulle retta elevtekstar, og rykte til fleire gonger av at handa med pennen sklei ut av linjene, fordi eg nesten sovna.Eg er glad for at eg har vald å ikkje ta att avspasert undervisning denne fredagen, i morgon skal det bli ein vederkvegelse å sleppa å bli vekt av ei vekkjarklokke litt over seks.

Før ettermiddagsundervisninga som eg skulle ha sidan det var torsdag, tok eg meg ein tur ut i den kjølege vinden og livna til litt. To av skriveelevane mine kom med roser og heimelaga kort sidan dei hadde sett på facebook at eg hadde gebursdag. Eg vart oppriktig rørt over omtanken. Sjølv hadde eg handla inn skulebollar, kjeks og jordbær som me kunne kosa oss med på skrivinga sidan det nesten vart eit slags gebursdagsselskap. Me skreiv løvetanndikt og livsbejaande tekstar og hadde det fint. Ofte er eg ganske sliten når eg kjem til undervisninga i skapande skriving på torsdag kveld, men eg opplever nesten alltid at det å sitja og laga tekstar i lag med ein gjeng ungdomar gir ein eigen energi.

Eg hadde bedt han eg deler livet med om å senda ein liten sms-runde til barna våre og foreldra mine om at viss nokon hadde lyst til å vera saman med oss og feira dagen litt i kveld, så var dei velkomne. Så ende me med å vera ein liten gjeng rundt bordet i dag og, Sunniva kom frå kafejobben med ein liten gråpapirpose i anledning dagen med to flasker sprudlelimonade og gode speltkjeks med sesamfrø. Alle var litt slitne etter gårsdagen, så det vart ganske så fredeleg det heile. Det var fint å vera saman.

Å ha venner på facebook gir jo alle gebursdagar eit skikkeleg løft. Tusen takk for koselege helsingar alle saman. Kanskje eg klarer å svara på dei i morgon…

Heidi