
Eg trur dette biletet må vera 27 år gammalt. Det er frå Korsveifestilval i Seljord, der det er blitt litt småkjøleg i kveldinga. Sunniva har fått låna mor sin genser som fotsid kjole over den korte sommarkjolen sin, fordi ho begynte å frysa litt. Glade barn på Korsveifestival er eit veldig vakkert minne, og det er nesten ikkje til å fatta at så mange år har gått allereie.
Denne blide jenta fyller 31 år i dag, så eg bruker litt plass her og til å få gratulera henne. I fjor var ho heime med den vesle familien sin inkludert ein nyfødd liten gut og feira 30 årsdag med middag med storfamilien på Drivhuset. Det var kjempekoseleg. I år feirar dei i Oslo, og me feirar pinse her på Bryne. Av alle gode ting livet har gitt meg, er barna mine det aller finaste, og nå inkluderer eg barnebarn og i kategorien barn. Helst skulle eg hatt dei rundt meg kvar einaste dag, men eg innser at ein del av det å vera mor er å klara å gi slipp, – i alle fall litt… Gratulerer med dagen, fine Sunniva. Det er alltid godt å vera i lag med deg.
Her på Bryne har me og hatt ein dag med familie rundt oss. Vesle Hugo til Maren og Oscar har overnatta her i lag med besteforeldra sine. I dag hjalp han til med å baka kanelbollar, laga salat og vaska terrassen før foreldra skulle koma hit på kombinert henting og grillfest. Det blei veldig koseleg med årets første grillmiddag, Eva Mari sine gode salatar, kakerestar frå 17.mai, og den aller første rabarbragrøten denne sommaren. Rabarbra er sånn omtrent den ultimate sommarsmaken for meg. Rabarbra-suppe, -grøt og -pai høyrer med i oppskrifta på ein vellukka sommar. I barndomen fantest og varianten ange rabarbrastilkar dyppa i koppar fulle av sukker, helst sitjande på ei murtrapp under måltidet. Den slags har eg klart å slutta med, men det er ikkje mange dagane sidan eg såg små jenter i sommarkjolar gjera akkurat det same. Ein stor ekstrabonus med besøket i dag var Ludvig, Hugo sin lillebror på tre månadar som var hos oss for første gongen. eg fekk to rundar med å halda baby på fanget, snusa inn den gode babylukta, kjenna den vesle mjuke kroppen i armane mine og kommunisera med gurgling og smil. Gi meg eit nyfødd barn i armane, så er eg uskadeleggjort og tapt for denne verda i ganske lang tid.
Etter at to trøytte barn var pakka i bilen, reiste eg og Eva Mari ut til havet for å få oss ein kveldstur. Det er ubesekriveleg vakkert langs jærkysten nå. Det er markblomar i grøftekantane, viper, linerler, tjeld og terner og mange andre fuglar. Markene er blitt grøne, trea har fått sommarlauv, og kveldane er lange og lyse. Me køyrde til Refnsnes, men sette bilsnuten nordover med Borestranda som mål. Eva Mari hadde optimistisk pakka med seg badetøy, men vinden hadde snudd til det kjølegare slaget, så det frista ikkje med bading. Me hadde nok med å halda varmen slik at me skulle orka å vera ute lengst mogleg. Me fann oss ein litt skjerma plass på framsida av ei sanddyne med utsikt utover havet. Der la me oss ned og nytte lydane, luktene og synsinntrykka heilt til me vart så kalde at me måtte koma oss heim igjen. I fylgje Yr skal det framleis vera varmt og fint halvvegs ut i neste veke. Me takkar for alle dei vakre forsommardagane som blir oss forunte. Slikt ver opplever me ikkje kvart år.

Heidi

Det har vore endå ein heilt nydeleg sommardag. Eg og Eva Mari har vore på Stoff og stil i Stavanger og kjøpt stoff til fire sommarkjolar. Etterpå henta me ein liten overnattingsgjest på Hillevåg. Me tok med oss vesle Hugo til hagen til Ingrid og Oddvar, som er reine paradiset i fint sommarver. Ungane koste seg med å plaska i vatn, leika i graset, drikka saft og eta heimelaga saftis og kakerestar frå 17.mai.
Så tok me med oss alle barna til oss og koste oss på ein leikeplass med medbrakt kaffi. Til barnemiddag vart det pannekaker og så ein episode med gamle gode Pippi Langstrømpe før Iben og Hella vart henta heim til legging.
Sidan det er pinsehelg, tenkte eg at eg kunne by på den tredje salmeteksten Bjarte, Ernst og eg sende inn til salmekonkurransen i Stavanger. Sidan pinsehelga blir rekna som kyrkja sin gebursdag kan det passa at denne salmen handlar om å koma til kyrkja med heile livet sitt for å bli velsigna, finna fred, mot, håp og styrke, for så å gå ut att med det ein har fått for å dela det vidare.
Det som er spesielt med denne salmen er at det er tenkt som ein vekselsong mellom kyrkjelyd/ vaksenkor/ vaksen solist og eit barnekor. Barnekoret syng refrenget som er annleis både i tematikk og melodi. Barna har i salme ei tilnærming til Gud og kyrkja som først og fremst er leik, spontanitet og gledesbasert. Dei oppfordrar dei vaksne til å gå inn i det heilage på barna sine premisser. Det siste refrenget er ei velsigning. Det er på ein måte symbolsk at det er barna som syng velsigninga over dei vaksne.
Bjarte var den som opprinneleg hadde idéen til ein slik vekselsong, og eg har skrive teksten med utgangspunkt i hans idé. Av dei innsende salmene våre tek denne utgangspunkt i Bjarte sin idé, tangoen var min idé, og songen «Kom livets Gud», som er ein song for vanskelege tider kom jammen bare ramlande ned i hovuda våre, først kom teksten til meg i løpet av eit kvarter, så skjedde omtrent det samme med Bjarte då det gjaldt melodien.
Denne teksten og melodien var nok kanskje den me jobba mest med. Her kjem teksten, og eg fekk til å lasta opp lydfila som Bjarte har gitt meg lov til å bruka. Takk til Bjarte Lending for melodien, til Ernst TH Monsen for arrangering, og gospelkoret Abraham for innspelinga av songen.
Her er du
Eg tek med meg glede i store bukettar.
Eg tek med meg skjelvande tankar og ord.
Tek med lyse dagar og søvnlause netter,
eg ber med meg himmel og vindar og jord.
Refreng:
Kom og leik med oss,
bli med i dansen,
ta steget i glede sjølv om du er stor,
her skal me byggje hytter og slott,
her skal me saman vere
Guds barn på vår jord.
Eg kjem hit med uro og anger og sinne.
Eg kjem hit med glede, med kjærleik og tru.
Eg er her med framtid, med nåtid og minne,
for her blir eg møtt slik eg er, her er du.
Refreng
Me samlast hos deg med dei levande orda.
Me pustar ut uro og pustar inn ro.
Me syng med i songen om fred over jorda,
hentar nytt liv frå din kropp og ditt blod.
Refreng
Me høyrer i saman, me er hos kvarandre,
og så går me ut att i uro og fred.
Me ber med oss tru på at du kan forandre,
og bed deg velsigna alt håp me ber med.
Refreng 2:
Ja, velsign oss, Gud.
Lys for oss Herre.
Gå tett inntil oss, for verda ho er stor.
La oss få hente glede hos deg,
glede som me kan bere ut over di jord.
Heidi

For ein fin dag det har vore. På biletet er me i ferd med å dekka til 17.mai- frokost til overnattingsgjestene våre og oss. Sola skein og det var allereie varmt og godt ute. Henrik og Eva Mari reiste til Stavanger for å feira med barnebarna der, og eg og Leif drog til Tu skule for å sjå Iben og Hella gå i barnetog og vera i lag med resten av familien i Kåsenhallen.

Dei siste åra har me vald å sjå på barnetoget i Tu-krinsen. Tu skule ligg nærare Bryne sentrum enn det huset vårt gjer, men ligg over grensa til Klepp kommune. Sidan Ingrid og Oddvar har kjøpt ein familie-eigedom, bur dei nå der mor mi vaks opp, og der eg budde dei første seks åra av livet mitt. Mor og brørne hennar gjekk på Tu skule akkurat som Iben gjer nå, og det skulle eg og ha gjort om me ikkje hadde flytta til Ålgård. Eg kom aldri lenger enn til sundagsskulen på Tu skule der eg var ivrig deltakar kvar sundag. Sundagsskulen vart driven av pinsekyrkja, der naboane våre høyrde til. Då me flytta til Ålgård begynte eg på sundagsskulen i baptistkyrkja på Ålgård sidan dei nye naboane var baptistar. Det er i grunnen ikkje så rart at eg har blitt ganske økumenisk av meg, men det er ein annan historie.
Over grensa til Tu er det mykje meir bygdepreg på feiringa enn på Bryne, og liknar kanskje meir på det eg vaks opp med på Ålgård. Sjå kor vakker natur 17.mai-toget bevegar seg gjennom. I bakgrunnen ser du Tu-bakken, eller Tinghaugbakken der eg og bror min ofte gjekk på tur med morfar då me var små. Då han var liten låg det eit lite skulehus i den bakken. Då me var små var det i bruk som hønshus, men morfar pleidde å visa oss det og fortelja om den utruleg strenge læraren han hadde.
Inne i Kåsenhallen var det kafé, korpsmusikk, tale for dagen og song av noko dei kalla minikoret som var dei yngste klassane på skulen. Dirigenten hadde klart å få eit utruleg trøkk i songen. Ungane stod på publikumstribunen og song av full hals, mange songar og vers etter vers. Det var rørande å sjå Iben stå der og synga med stor innleving.
Vel heime blei det nokre rundar med øving på tale, og så bar det i veg til Bryne sentrum der me såg på folketoget før talen min på torget. Eldstesonen var snill og kjøpte vatn til mor si som plutseleg vart så trørr i munnen. Han fekk og eit ekstra talemanus som han fekk beskjed om leggja i innerlomma på jakken i tilfelle eg skulle rota vekk manuset mitt og gå i panikk.
Panikken oppstod ikkje, men det var utruleg mykje folk i toget og på torget, så det vart ein heil manøver å koma seg opp på scenen med Iben i handa. Ho skulle nemleg vera representant for framtida og stå der i lag med meg. I tillegg skulle ho få lov til å koma med eit bodskap til forsamlinga. Eg hadde sjølvsagt ein plan B i tilfelle ho ikkje våga då ho fekk sjå alle folka, men ho tok det heile med stor ro og koste seg i rollen.
Me hadde ikkje fått prøvd ut lydanlegg og mikrofon, og eg lurte fælt på om lyden verkeleg ville bera fram til alle dei som stod der. Eg veit jo at når det kokar av folk i området, så har mange meir lyst til å snakka om andre ting enn å høyra på ein 17.mai-tale på scenen, men eg sette fullt trøkk på stemmen etter beste evne og håpa at dei som stod bak dei hundrevis av ungane i korpsuniformar og fotballdrakter og skulle høyra.
Talen var innramma av nasjonalsongar med flinke forsongarar frå Rosseland skule, og formann i 17.mai-komiteen, Hannah, gjorde ein hederleg og entusiastisk innsats for at det heile skulle bli ei fin samling. Korpsa spelte og fint til songane. Eg må heller ikkje gløyma å fortelja at eg vart belønna med ein nydeleg blomebukett og ein fin keramikkvase signert Karen Erland. Så har eg gjort det og. I tilfelle det å halda 17.mai-tale på torget skulle stå på ei eller anna indre bucketliste, så kan eg haka det av nå.
Eg fekk fleire førespurnadar om eg kunne leggja ut talen her, og det kan eg sjølvsagt. Dei som ikkje orkar ein 17.mai-tale i lesande stund, kan få lov til å stansa her.
Kjære alle saman:
Gratulerer med at de akkurat nå står med føtene i eit land der det er lov til å seia og meina det du vil, så sant det ikkje er personleg krenkande. I tillegg gratulerer eg deg med at du er i det vakraste hjørnet av eit av dei beste landa i verda. Kanskje du står her i bunaden og er stolt over å vera norsk, sjølv du nesten ikkje får pusta og i tillegg har gnagsår på hælane. Eg kan trøysta dei det måtte gjelda med at nokre av oss ikkje eingong har prøvd bunaden på dei siste åra fordi det har skjedd noko med han i klesskapet. Bunad eller ikkje, det er få dagar me føler oss så norske som på 17. mai. Her står me med eller utan augedropar og nasespray mellom nysprungne bjørker og blomar. Me står her og erfarer at synet av barn i skulekorpsuniformar med litt for tunge instrument har ei slags direktelinje til tårekanalsystemet. Dette heilt uavhengig av om dei unge musikantane treff tonane eller ikkje.
Her står me og er heime, her står me og er nordmenn. Som vår kongen vår oppsummerte så fint for nokre år sidan, er det å vera norsk mykje forskjellig. Då eg vaks opp på seksti- og syttitalet snakka alle same dialekt, åt komle på torsdagar, steikt komle på fredagar og morrpølse eller fiskekaker i brun saus dei andre dagane. Spør nesten kven som helst under 25 år om vil ha morrpølsa med makaronistuing eller gulrotstuing. Dei vil sjå rart på deg. Det er ikkje slik lenger at alle barn ser barne-TV kvar kveld klokka seks og dei vaksne ser dagsrevyen klokka halv åtte. Nå ser på me fjernsyn, som eg framleis liker å kalla det, på ulike kanalar til forskjellige tider og me ser ikkje på det same lenger.
Sjølv om me altså meir enn noko er norske akkurat i dag, har det hend at eg har lurt på om me i dette forblåste hjørnet er ekte nordmenn. Som barn såg eg julekort med dompappar og djup kvit snø og kjende at me kanskje ikkje haldt mål. Det gjorde godt å få skriva en ærleg jærsk julesong om at huså står i rennedrev og reggen når jula ringest inn.
Dei av oss som er så ekte nordmenn at dei er fødde med ski på beina, må kjøra ganske langt for å kunna ta seg fram på ein for dei naturleg måte. Sjølv opplevde eg bare lettelse då det gjekk opp for meg at eg til trass for mitt norske pass ikkje er meir forplikta til å gå på ski enn til å driva med curling eller sprangridning.
Men jo då, me er norske, me og. Alle me som ikkje alltid passar inn i malen. I tillegg er me jærbuar. Sjølv om mykje har forandra seg, ber det å veksa opp på Jæren med seg livserfaringar me kan dra nytte av. Me veit kor befriande det er å ha vinden i ryggen. Me veit og kor tungt det er å sykla opp motbakkar i motvind. Men me har at opp kom me til slutt viss me ikkje gav oss.
Me veit at me godt kan vera ute sjølv om det regnar, og me veit å få det beste ut av ein sommar av det slaget der nordausten gjer at temperaturen sjeldan bikkar over 16 grader.
Då eg vaks opp, ja faktisk ganske langt inn i vaksenlivet, var eg overbevist om at verda gjekk framover, at menneskerettane var ein sjølvsagt ting, at menneskeverdet for alltid var erklært ukrenkeleg, og at nestekjærleik og solidaritet var sjølvsagt i ein sivilisert verden. Nå har eg dessverre oppdaga at dette er verdiar me nå tvihalda på med begge hender, og læra nye generasjonar opp til å gjera det same.
Det ville vera feil å skjuIa sjølv på 17.mai at me lever i ein utfordrande verden. Dei store konfliktane gjer at me nesten kunne mista trua på at det finst fredelege løysingar. Me ser kor mykje som er gale, og kor vanskeleg det er å gjera noko med det. Det er ikkje ein gong gitt å bli einige om ting i ein bitteliten by. Eg lærde noko nyttig av ein kollega for mange år sidan. Ho sa, det er ikkje farleg å vera ærleg og redeleg ueinige om det meste, bare du ikkje gløymer å sjå mennesket bak meiningane. Det som er farleg er å ikkje lytta til kvarandre med respekt. Det finst ingen andre enn oss, det er me som må finna ut av det, og me som må ta vare på kvarandre.
Då eg var lita og høyrde på barnetimen hadde ein av dei mange pedagogiske songane fylgjande refreng «Meget er forskjellig, men inni er vi like». Eg har sett at dette og er ei sanning med modifikasjonar. Ei venninne av meg lanserte ordtaket «På seg sjølv kjenner ein ingen andre.» Me er fascineranda forskjellige i kva me liker og misliker, kva me har lyst til å gjera og kva me ikkje har lyst til å gjera. Det er derfor me kan få til så mykje fint i saman.
På eit punkt er me likevel like. Me treng at nokon ser oss og respekterer oss, at nokon er glade i oss har lyst til å vera saman med oss. Mennesket er eit flokkdyr, og dei fleste tek medansvar for flokken sin. Det farlege er at me fort dannar lite inkluderande flokkar som gjer at andre ikkje føler seg inkludere Me må våga å opna dører og hjarte våre for mangfaldet. Det å ikkje bare omgåst dei som liknar aller mest på oss sjølve vil truleg gjera oss klokare og gjera liva våre langt meir interessante.
Det er veldig mange ting eg har lite greie på, men etter å ha jobba på Bryne skule med barna dokkas i snart førti år, vågar eg å snakka om barn med store ord. Barn treng trygge flokkar å høyra til i. Dei treng vaksne som ser dei, og er gode eksempel for dei. Barn treng å bli sett høyrd og respektert og dei treng å bli sette gode grenser for. I gamle dagar sa dei at det trengst ein landsby for å oppdra eit barn. I dag har eg fylgjande utfordring: La oss tenkja at alle barna me omgir oss med er våre barn, barn som treng mange vaksne til å visa dei livet.
Barn som blir borne når dei er små blir i stand til å bera andre når dei blir vaksne. Kan de tenkja dykk noko verda treng meir enn kloke nye vaksne i stand til å ta ansvar? Her eg står ser eg representantar for framtida. Iben har du lyst til å koma fram å fortelja kva du synest er viktig for barn og vaksne?
La folket som brødre saman bu som kristne det kan seg søma står det i fedrelandssalmen. I dag høyrer kanskje mange desse linjene med bismak både på ordet brødre og ordet kristne. Sjølv høyrer eg i denne songen eit oppfordring til å respektera kvarandre og støtta kvarandre i det viktigaste. Me som har stadar der me hentar kraft, varme og livsmot, la oss gå dit ofte og ta med oss så mykje håp som me klarer å bera med slik at me kan dela med kvarandre. Me kan konsentrerea oss meir om å vera gode medmenneske enn å slita livet av oss for å prestera alt det me er blitt lurde til å tru er eit vellukka liv. Som eg las i eit kort dikt nettopp: Jeg gir blaffen i sommerkroppen din, men jeg gleder meg veldig til sommersmilet ditt.
Venner, og sambygdingar. Me lever i ei tid der det er viktig å håpa saman og byggja gode verdiar. Eg avsluttar med ei linje av eit dikt skrive av Oskar Stein Bjørlykke:
La gå at det e långt fram, la gå at det e mange bratte bakkar, men det e me så går di, og me gir oss ikkje.
Ha ein fortsatt god 17. mai.
Heidi

Slik såg det eine klasseromsvindauget vårt ut då me hadde pynta til 17.mai. Det ligg så pass høgt over gata at eg ikkje veit kor godt dei ser det frå utsida, men det vart då ganske koseleg.
Av og til blir ting annleis enn ein hadde trudd. I fjor gjekk jærbuen i 17.mai-tog i kuling og 14 varmegrader med ullundertøy under findress og bunad og for nokon sitt vedkomande strikkelue og vinterfrakk. Dei fleste av oss hadde opplevd alt slags 17.mai-ver, og priste oss likevel lukkelege for at det ikkje regna. Med den typen vind ville ikkje dei fine bunadsparaplyane hatt ein sjanse i havet til å halda oss tørre.
I år er det spådd sommartemperaturar som det ikkje er kvar sommar me er i nærleiken av å oppnå i det heile tatt. Nå er bekymringa korleis barn og vaksne skal halda ut å gå i bunad. Det blir alt for varmt. Heldigvis har Ingrid forsikra meg om at Iben skal ha bunaden på i barnetoget. Me får håpa at ho ikkje renn vekk, men eg må innrømma at det gleder meg litt at det heftige sømarbeidet i sist veke ikkje var heilt forgjeves. Men bare så det er sagt eg frydar meg over at veret skal bli over alle grenser varmt og fint.
I ettermiddag fekk me besøk av Henrik og Eva Mari som skal vera hos oss i pinsen og feira 17. mai både i Stavanger og litt på Bryne. Eg og Eva Mari reiste ut til Refsnesstranda i åttetida i kveld. Me hadde med oss jordbær og kald drikke. På stranda var det masse menneske som gjekk tur, spelte volleyball og bada. Det var mange fleire enn eg hadde trudd som våga seg ut i den rolege sjøen som eg reknar med må ha vore iskald, og mange av dei bada ganske lenge. Kven skulle trudd at slikt var mogleg på Jæren 16.mai? Me sette oss inntil ei sanddyne kledde i lette sommarklede og vart sitjande slik og prata og sjå ut over havet heilt til sola gjekk ned klokka tre minutt over ti. Då me køyrde heimover såg me den siste delen av ei stor appelsinfarga solskive søkkja ned i havet. Fargespelet var frå varmt blodappelsinraudt til kjøleg sjøgrønt og bjørkegrønt lenger ute i synsfeltet.
Vel heime att sette eg meg ned for å finpussa på den mykje omtalte 17. mai-talen, og nå trur eg han er nokonlunde klar. Dei andre har gått til ro for ein times tid saman, og snart blir det min tur og. Eg må bare få vaska håret og forsikra meg om at eg har skjebelege klær å ha på meg i morgon. Eg har trua på at det blir ein fin dag.
Heidi

Og sidan mobilen min med nyare fotografi på er utlada og ikkje kan skaffa meg eit illustrasjonsbilete, så fann eg ein barneteikning i arkivet som faktisk kan minna om ei kjensle eg kjenner litt på akkurat nå. Ei litt klumsete dame med mange fingrar og fin paraply som balanserer så godt ho bare kan på stram line.
Av alle rare ting eg av vane og uvane svarer ja til, så er eg i den situasjonen at eg har sagt ja til å halda syttande-mai-tale på Bryne torg etter folketoget. Sidan 17. mai i likheit med julaften alltid kjem mykje fortare på enn ein skulle ha trudd, så må eg forhalda meg til at det er om mindre enn to døgn.
Det er ikkje slik at eg gruer meg forferdeleg for å halda tale, det er i grunnen mest lystbetont om eg skal vera ærleg, men talen skal skrivast og øvast inn. Eg har googla kor lang ein slik tale bør vera, og dei fleste seier ti minutt max, kanskje ikkje meir enn sju. Eg syntest først at det var frykteleg lite tid, men eg innser at det å lytta til lange kjedelege talar ikkje akkurat er det kjekkaste ein gjer.
Eg har faktisk tenkt mange gonger på kva ein kunne og burde seia dersom ein mot all formodning ein gong i løpet av livet skulle bli spurt om å halda 17. mai- tale. Eg kan nesten ikkje tenkja meg nokon sjanger der klisjeane er vanskelegare å unngå og farlegast å halda seg unna. Ein vil gjerne seia noko som er sant, hyggeleg, utfordrande og ekte som ikkje er bare svada. Det gjer ikkje noko om folk får ledd litt heller.
Til dei som nå er litt stressa på mine vegne, så kan eg beroliga med at eg skreiv førsteutkastet i går og reviderte det i kveld. Per akkurat nå, så tek det eg har skrive ned ca ti minutt å få sagt i nokonlunde normal talefart. Nå må eg bare finna ut om det er ting eg vil ta vekk eller ting eg angrar på at eg ikkje har fått med. Kanskje eg klarer å kutta det ned med tre minutt slik eg har lese at det er lurt, eller kanskje eg får ein openbaring som ender med at eg skriv alt på ny, slikt kan ein aldri vita.
Eg har lese at noko av det folk synest er skumlast av alt, og er mest redde for, er å snakka i store forsamlingar. Sjølv har eg mange ting eg synest er skummelt. Å kjøra bilen min til Stavanger eller Sandnes for eksempel. Det kjennest kjempefarleg, og viss eg må utføra den slags halsbrekkande øvingar, så gjer eg det med hjartebank og akslene i øyrehøgde saman med vissa om at eg veit eg er ein dårleg sjåfør som har fått alt for lite kjøretrening dei siste ti åra. Det fine med å bare skulle halda ein tale er vissa om at du ikkje kan skada andre meir enn at du utset dei for å måtta kjeda seg i sju minutt. Det står dei i.
Men visst skal eg oppleva ei viss lette når oppdraget er utførd. Spesielt viss eg hugsar det eg har tenkt å seia, og sjølv opplever at det går nokonlunde greitt. Då kan eg tenkja med meg sjølv at nå har eg jammen gjort det og…
Og viss ikke talen skal bli for lang, så må jeg slutte med en gang.
Heidi

I dei fleste av mine år på Bryne skule har eg jobba i lag med Sigvald Frøiland. I dei meste av desse åra var han inspektør og altså ein av sjefane mine. Han var ein fantastisk mann å jobba i lag med, han såg positivt på ting, hadde eit godt lag med menneska bak lærartitlane og eit varmt hjarte for elevane.
Glimtet han alltid hadde i auget kunne avvæpna det meste, og få oss til å le midt i dei mest absurde situasjonane. Han såg stort på ting, og trudde at det måtte finnast ei løysing på det meste, noko han hadde heilt rett i. I minst eitt av mine sårbare og mest utfordrande læraraugneblikk sa han akkurat dei orda eg trengte å høyra, og som gjorde at eg retta ryggen og kunne pusta fritt igjen.
Me var samla i Timekyrkja for å minnast eit godt menneske, og for å ta ein verdig avskjed med han og med ein epoke på Bryne skule. Solisten song om ein farfar i livet og «viss eg ser ein liten fuggel som fyke lavt på gyldne vinger, då plokk`eg an opp med mine hender.» Den siste songen som er av Vamp har eg brukt så mykje som morgonmusikk i klasseromet at elevane er gått passe leie av han. For meg er det ein song som handlar om omsorg og om å ta vare på det vernlause og sårbare. Det er gode tankar å minna seg sjølv om i tidlege søvnige morgontimar.
«Det finst ein klang i malm og løv
som seie alt ska bli te støv,
som nattens rov ska alt bli glømt,
av denna lov e alle dømt.
Så føre vinden deg av sted,
når minnet ditt e lyst i fred,
det finst ei trøst, det finst ei havn,
for kver ein savna kvert eit navn»
Så song me saman Amazing grace og å leva det er å elska det beste di sjel fekk nå. Barnebarna fortalde om ein varm og tålmodig farfar og presten snakka fint om å bla i den store livsminneboka.
I kyrkjebenkjene sat mange av dei eg jobba saman med i mange år og som nå er pensjonistar, nokre av dei har vore det ganske lenge. Eg tenkte med vemod på kor fint me hadde det i lag, og kor heldig eg er som har fått jobba så lenge på akkurat denne skulen der eg har fått brukt heile meg og alt eg måtte ha av det som skal til for å leva eit liv i skulen. Eg tenkte på at eg har vore uvanleg heldig. Det har verkeleg vore ein stad der me saman har opplevd svært mykje medan læreplanpendelen har svinga fram og tilbake. Bryne skule har verkeleg hatt sjel, og i dei åra der me alle hadde større råderett over det meste, opplevde me ei uvanleg grad av fritt albuerom og aksept for å prøva ut alt me måtte tru på av pedagogikk og kreative prosessar. Eg tenkjer på alle dei fine folka eg har jobba med og tenkjer at oss, akkurat oss var det som fekk stå i dette saman og oppleva akkurat det me var med på å oppleva saman.
Dei fleste eg har jobba saman med er ikkje på Bryne skule lenger, men framleis er klasseroma, arbeidsroma og gangane fulle av fine folk. Forskjellen er bare at nå er det eg som er den eldste og ikkje ein av dei unge og entusiastiske som kan flyta litt på andre sine erfaringar. Eg skal ikkje gi meg heilt endå, men eg fattar ikkje at det har gått nesten 38 år sidan eg første gongen kom inn som vikar med ein baby heime som var tre- fire månadar gammal, for lange barselspermisjonar fantest det ikkje på den tida. Lite visste eg då om at eg aldri skulle gå vidare til andre skular. «Her skulle eg bli verande all min dag», som Tarjei Vesaas skriv om i bøkene om Per Bufast. Eg meiner presten sa at Sigvald hadde arbeidd i 42 år på Bryne skule. Sjølv om eg nærmar meg, så skal det nok noko til å slå den rekorden. Eg har begynt å tru på det gamle folk seier om at ein er den same som før på innsida. Sjølv gløymer eg heile tida at eg har gått hen og blitt den gamle dama på jobb, og det er kanskje like greitt, for slike tankar treng ein ikkje å bruka alt for mykje krefter på.
Du fekk ein vakker dag til di siste ferd, Sigvald. Rettare kunne det ikkje bli når så gale skulle vera.
I dag fekk eg lyst til å avrunda med dei siste versa på jærsalmen eg skreiv for lenge sidan. Vidar Kenneth Johansen har laga ein fin melodi til, men me har viss aldri heilt klart å fått lansert verken tekst eller melodi. Salmen er bygd opp rundt årstidene her på Jæren, og sjølv om me framleis bare er i mai månad tek eg med sommarverset og haustverset:
Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.
Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet
skapte oss til haust og vår.
Heidi

Ein klovn, ei dedikert og sjarmerande godt vaksen dame på veg til jobb med raud koffert, og ein blå vase med solgule lett visnande, ville tulipanar pyntar kommoden i stova mi. Ekstra observante observatørar kan og skimta eit fint keramikkors som eg ein gong fekk i gåve frå ei som hadde kjøpt det hos ein keramikar i utlandet ein plass.
Klovnen og den andre skulpturen er og gåver, sjølv om eg har kjøpt den siste sjølv for pengar eg fekk då eg fylde seksti. Det er mange år sidan eg fall pladask for desse skulpturane, som i mine auge er sjarmerande, rørande og flotte. Eg har etterkvart forstått at eg ikkje kan gå ut i frå at min kunstsmak utan vidare kommuniserer med andre sin. Då eg var med i innkjøpskomiteen i den kommunale kunstforeininga, fekk eg ikkje ei einaste sjel med på å kjøpa ein slik til kunstlotteriet. Heldigvis fekk eg lokka dei eg deler hus med med på å la ein av dei få ein god heim hos meg.
I kveld hadde eg store planar om å skriva bloggen min før møtet eg skulle på klokka halv åtte, men det nådde eg ikkje fordi eg måtte ordna opp i litt forskjellig, og så måtte eg bruka ganske lang tid på å leita fram mappa med det eg skulle ha med. Eg trudde eg visste kor eg hadde det, men arbeidshaugane på skrivebordet mitt er for tida høgare enn kva godt er.
Då eg sykla heim frå møtet i diakoniutvalet i kveld klokka halv ti og tenkte på kva eg skulle skriva om, vart beslutninga av det fromme slaget, kanskje inspirert av kor eg hadde vore dei siste timane. Eg fann ut at eg ville skriva litt om kyrkja mi. Kyrkja på Bryne og kyrkja generelt har eg eit slags kjærleiksforhold til. For meg er det både ein plass eg er heime og ein plass der eg får leggja ned mine puslespelbitar til noko som kan bli eit stort bilete. For tida er eg med både i soknerådet, i diakoniutvalet, i gudsteneste og kulturarbeid og i barnearbeidet. Eg gjer alt saman med stor glede sjølv om eg av og til seier til meg sjølv at eg må bli meir selektiv når eg seier ja. Eg kunne for eksempel trengt meir tid til å rydda skrivebordet og luka beda mine.
I trygge hender
Eg vil så veldig gjerne at kyrkja skal vera ein god plass for andre og. Ein plass me som bur på Bryne kan eiga saman med låg terskel og vid døropning. Eg har ein visjon om at det skal vera ein god plass å koma med tvil og tru, sorger og gleder, ein plass der det er rom for det store mangslungne livet me alle bevegar oss rundt i. Eg tenkjer at i ei verd der me opererer med meiningslaust store militære utgifter, ei truande miljøkrise og ei verd der mange kjenner seg motlause og heimlause hadde me trengt ein katedral for håp og livsmot, ein stad der me kunne få fornya tilliten til livet og til at det gode er sterkare enn det vonde. Ein slik stad drøymer eg om at kyrkja skal vera. For meg er det langt på veg slik det kjennest, men det er ein erfaring eg gjerne skulle dela med mange fleire.
Eg veit veldig godt at kyrkja består av feilbarlege menneske, at det er gjort mykje dumt i Guds namn og
at kyrkja ofte er sett på som ein plass der det er lettare å dømma enn å lytta, lettare å lukka auga enn å sjå og høyra og lettare å vera seg sjølv nok enn å vera opne og inkluderande.
I vår tid er det blitt slik at me nesten er sjenerte for å snakka om tru og livssyn. Det kan virka som om det er lettare å visa seg naken på TV og lettare å snakka om intime følelsar enn å snakka om truserfaringar. Likevel har eg oppdaga at veldig mange er opne for mykje, det er bare sjeldan at ein snakkar om det. For nokre år sidan kom det ei bok og ein film med tittelen «Eat, pray, love», betegnande nok vart den norske tittelen «Spis elsk lev». Ordet bøn kjendest kanskje litt for klamt ut på norsk? Hovudpersonen legg ut på ei reise for å finna fred i sjela, og søkjer mellom anna på ulike religiøse arenaar. Eg la merke til at hovudpersonen mot slutten av boka sa noko om at ikkje før ho kom heim hadde det slått henne at ein del av dei erfaringane ho søkte kunne ho kanskje like godt ha funne i den lokale kyrkja nede på hjørnet.
Nå må eg skunda meg å fortelja at eg står i ein viss fare for å gjera forfattaren urett, for det er lenge sidan eg las boka og siterer etter minnet.
Eg sluttar med eit dikt eg skreiv ein gong for lenge sidan. Det passar inn her.
Eg lener meg mot ei ufullkomen kyrkje
ei sprikande kyrkje med lange armar.
Som barnet som framleis bare veit om tillit
vil eg lena meg bakover
til eg ser himmelen lysna
til ein ubekymra lett blåfarge
over tårna på katedralar og arbeidskyrkjer,
og kjenna at me er i trygge hender
kyrkja mi og eg.
*
Eg tek og med ei bøn eg skreiv til kveldsgudstenesta i går:
Tilgi oss Gud,
sjå til dine snublande
som for ofte skjøner for lite,
som liker å driva med i flokken
utan å tenkja sjølv,
Tilgi oss som ofte trur me har rett,
som om me sjølve har skrive fasiten.
Tilgi oss
for å tru me veit alt om miskunn,
for å tru at me kjenner nåden,
og har monopol på premissene for rett og galt.
Tilgi oss
for overmodige arrogante ord,
frå våre alt for store munnar,
og vår fråverande sjølvinnsikt.
Tilgi oss for vår manglande evne
til å praktisera nestekjærleik,
og fordi me ikkje ofte evnar
sjølv om me prøver så godt me kan
å skilja lys frå mørke.
Heidi

Fine dagar i mai er nokre av dei aller finaste dagane. Det er fint å vakna med ein liten gut i huset og å etterkvart koma seg ut på tur med han for at han skal sova litt. I dag gjekk det lang tid før han sovna, det er nok mange nye inntrykk å fordøya.
Den første halve timen låg han med føtene rett opp. Først ropte han entusiastiske hei og mora seg med å kasta ting ut av vogna, sokken, tutten kosen… Så gjekk han over til å seia namnet sitt rytmisk og taktfast i ein periode «Tage, Tage, Tage, Tage…» om det var språktrening eller ein måte å roa seg ned på, er eg litt usikker på. Men til slutt vart det stille det inne, og auga hans datt igjen.
I kjellaren fann eg den gamle gutebunaden Halvard og Odd Christian hadde då dei var små. Eg spurde Sunniva om eg skulle sy han inn slik at Tage kunne ha bunad på 17.mai. Det ville ho, men det tok lenger tid enn eg hadde trudd, så det vart reine kappløpet med klokka. Eg rakk akkurat litt damping av nokonlunde fullført prosjekt før me måtte hiva oss i bilen retning flyplassen. Sømmen vart eit hastverksarbeid for hand og ikkje handverk eg er veldig stolt av, så eg blir ikkje veldig såra om plagga ikkje kjem i bruk.
«Alle» var innom terrassen for å seia ha det til Tage før avreise, så me har hatt litt besøk i dag og. Etter å ha fulgt dro reisande til innsjekkinga på Sola var det å koma seg heim i full fart for å laga bønevandring til kveldsgudsteneste.
Nå er alt ordna som ordnast skal òg det er på tide å posta innlegget medan det framleis heiter den tolvte. (I den tolvte time). Dei meldar sommar i morgon og
. Heidi

Dagen viste seg å bli ein nydeleg vårdag med hint av sommar. Eg og vesle Tage brukte dei første tidlege timane på å eta havregrøt (han) og drikka kaffi (eg) slik at dei andre kunne få sova litt ein laurdagsmorgon. Seinare trilla eg og Sunniva vogna til Bryne der me sette oss i sola og år softis på Ritz før me vandra vidare.
Etterkvart blei det lunsj på Kjøkkenet saman med Ingrid og nokre nydelege timar i hagen til Ingrid og Oddvar. Der fekk Tage smaka på den komande livsepoken som «stor gut» gjennom vannleik, sandkassegraving og hopping på trampoline. Då dagen gjekk inn for landing fekk han eta pølse og potetstappe på kjøkkenet hos Ingrid i lag med dei store kusinene og med gaffelen i eiga hand.
Vel heime laga Sunniva middag til oss, ovnsteikte grønsakar med steikt haloumi og fetaostdressing. Eg fekk brukt litt tid på å førebu skuletimar til neste veke før me såg tv serien om ungdom med rusproblematikk på norske barneverninstitusjonar (hjarteskjerande). Så såg me filmen om «Ola, ein vanleg uvanleg mann», ein portrettfilm om ein lett psykisk utviklingshemma mann busett på Vidaråsen (hjartevarmande). Nå har dei andre lagt seg. Eg har sydd bunadveske til Iben og skrive blogg medan eg nyt dei siste episodane av «Jazzeventyret», historien om norsj Jazz. Flott serie.
Heidi

Dagen begynte med ein morgontur med barnevogn med innlagt handling av matvarer. Det er så koseleg å gå tur med vogn igjen. Lille Tage sov heile turen, og det var og meininga for han skulle kombinera trilletur med føremiddagskvilen sin. Først då me kom tilbake til gata vår, slo han opp auga, henta fram eit stort smil og kom med eit hjarteleg «Hei!» Så sovna han igjen.
«Hei!» er yndlingsordet hans. Han har oppdaga at det ofte gir han smilande respons. For å vera ærleg er det for øvrig ca 25 % av vokabularet hans. På oppfordring seier han «pappa, mamma og Tage». Elles kan han klappa i hendene når han ikkje vil ha meir mat, vinka, dansa, leia forsamlingar i taktfast klapping, springa rundt i stova, krypa opp trapper og klatra. Det er ein fest å ha han på besøk.
I ddag hadde me veldig kjekt lunsjbesøk av Anne Mette og Torje. Gilde gjester trekkjer til seg fleire gilde gjester, så me var 11 til lunsj. Seinare var me ni til middag, så her går det unna.
Og i dag såg eg syrinar springa ut. Det blir nok ein fin dag i morgon og.
Heidi