Gå til innhald

Onsdag

I dag blir det eit kort innlegg etter ein lang dag. På onsdagar varer arbeidsdagen min i nesten tolv timar, rett nok med ein liten innlagd matpause. Ofte går det endå ein time før eg kjem meg heim.

I dag sykla eg rett frå jobb til planleggingsmøte i sundagsskulen. Det har vore ein intens, men fin dag. Me jobbar med ei forestilling me skal ha rett etter leirskulen, så det er eit hurtigskapande prosjekt.

Det er kjekt å jobba saman med elevane om å få til ei forestilling, og fint å observera kor godt mange elevar trivst med denne måten å jobba på og kor seriøst dei tek det. Me har liksom noko «ekte» å jobba med, ikkje bare noko me gjer «på liksom» for å læra. «Kor tid er det vår tur til å øva, Heidi? «Nokre blir plukka ut for å øva teater, nokre øver på solosong, eller lagar dansar i friminutta. Det største ønsket for mange er å få ein større rolle, og det er eit luksusproblem.

Etter at eg fylde året har eg blitt feira dagleg med konfetti, ballongar, hjartevarmande kort med gode ord, godteri, konfekt, klemmar og små presangar. Eg har sagt til dei at det er heilt unødvendig, men må innrømma at det varmar med så mykje godleik og omsorg. Lærarlivet er intenst og krevande, men det er og ispedd utruleg mange sjelevarmande episodar.

Noko av det mindre sjarmerande er all teknologien som kan svikta. Det er slitsamt når du i full fart skal kopiera noko, og det plutseleg blir krevd ein brukernamn og eit passord du ikkje heilt klarer å finna ut av. Så blir det utallige mislykka forsøk, mail tul kommunen, nye mislykka forsøk, og så løysinga å senda over til nokon som kan kopiera ut frå sin konto, plutselege spørsmål om ei innlogging med googlepassord du ikkje er i stand til å hugsa kva er òg kopimaskinar med papirstopp. Elektriske tavler du ikkje får til å logga deg på er og ein klassikar.

Salig biskop Martin Lönnebo sa at han hadde bestemd seg for å vera glad for å stå i kø for då fekk han trent tålmodsmusklane sine. For nokre tålmodsmusklar ein burde ha etter nesten førti år i skulen med så mange eminente daglege treningsarenaer.

Heidi

Pyser bak rattet

I teorien er det litt fint og veldig akseptabelt at alle menneske har ting dei ikkje er så flinke til. Det gir oss jo moglegheitar til å hjelpa kvarandre, prisa mangfaldet, og ha den gode kjensla av å få til ting nokon andre kan ha glede av å få hjelp til.

Å gleda seg over slikt ein ikkje er flink til sjølv, er kanskje ein større kunst. Sjølv kunne eg, sikkert i likskap med mange andre, fylla ut lange lister med den slags, men nokre manglande ferdigheitar er verre enn andre. Eg lever godt med å ikkje vera flink til å synga, eller vera flink til å byggja hus, reparera syklar og mura murar. Verre er det at eg er ei skikkeleg pyse bak rattet, og unngår bilkjøring så sant det lar seg gjera.

Det fine med det er jo at bilkjøring er noko verda treng mindre av, og som eit innspel i det grøne skiftet er det veldig ofte fint, og dessutan politisk korrekt å bruka sykkel, buss og tog. Det gir heilt sikkert helsegevinst og at eg aldri er frista til å ta bilen viss eg skal ut eit ærend, men at det er upraktisk kan eg ikkje snika meg unna.

Eg har aldri likt å kjøra bil og aldri vore flink til det, så for meg har det aldri vore lystbetont å ta bilen. På den tida eg tok lappen, var det til stor underhaldning i vennekretsen å observera kor mange kjøretimar eg ende opp med å måtta ha. På den tida klarte mange seg med 10-12 timar. Så flytta eg vekk og kjørte ikkje bil på mange år. Likevel, før hende det rett som det var at eg var sjåfør. Med fire barn var det praktisk å vera i stand til å sitja i førarsetet på caravellen ein gong av og til. Eg har til og med minne om at eg har henta folk på Sola flyplass og besøkt ei venninne i Stavanger kommune som sjåfør i eigen bil, men det var lenge sidan.

I dei siste åra har eg ein og annan gong kjørt bilen til kyrkja viss eg skal ha mykje med meg, og kanskje kjørt utanfor kommunegrensene 3-4 gonger kvart år. Dei gongene eg har følt at eg har måtta ta bilen og kjøra ut av mine snevre komfortsoner, har eg grua meg i dagevis og kjørt bilen med høge skuldre og høg puls. Kvar gong det har vore «utbetring» på ein vegstrekning, eller kome ei ny rundkjøring ein plass, blir det mindre fristande å kjøra den vegen. Det gjer at kjørekartet mitt har skrumpa inn.

Barna mine kan vitna om at dei gongene det var vår tur til å kjøra til ei handballturnering på Nærbø, og Leif var bortreist slik at eg måtte steppa inn, så kom deler av laget for seint til kampen fordi eg var blitt liggjande bak ein traktor eller ikkje fann Nærbøhallen. Eldstejenta hugsar og sikkert med ein framleis merkbar frustrasjon den gongen me var på grilltur med klassen hennar og foreldra deira på Holmavatn. Eg møtte opp kjempetidleg for å kjøra dit i kolonne med dei andre, men før me nådde Timekyrkja hadde alle kjørt forbi oss… Me strevde så lenge med å finna vegen at grillane var kalde før me kom fram. Dette var før mobilar og gps…

Det er fint å vera idealist og reisa kollektivt, men eg har vridd meg som ein orm av og til når ein kollega seier: «Viss me lærarar kjører kvar vår bil, treng me ikkje mange foreldre med bil for å koma oss dit». Etterkvart har eg klart å gi beskjed om at dei nok ikkje kan rekna med min bil på slike turar. Eg reknar med at eg framleis har elevar som kan fortelja om den gongen me var på Jærmuseet og dei som sat i bilen min fekk ein ganske lang omveg, fordi me måtte finna eit alternativ til at eg skulle kjøra forbi den traktoren med tilhengar som eg på ingen måte våga å kjøra forbi med andre sine barn i bilen. Ein annan kinkig situasjon er at eg ikkje har lyst til å kjøra til festar sjølv om eg ikkje har tenkt å drikka alkohol. Eg innser at det av mange blir sett på som skikkeleg sløsing av ressursar at klink edru festdeltakarar ikkje har tenkt å kjøra heim frå festen…

Her skal det ikkje svartmalast. Dei fleste som kjenner meg aksepterer dei trafikkmessige funksjonshemningane eg lever med. Sjølv er eg supertakknemleg kvar gong eg får lov til å sitja på med andre når det skal kjørast til eitt eller anna mål, samtidig må eg innrømma at eg føler meg litt som ein snyltar, sjølv om eg prøver å vera nøye på å betala for meg.

Mest av alt innser eg at det er upraktisk å ikkje kunna henta barnebarn med bil i barnehagen når det trengst, ikkje kunna besøkja foreldra mine utan å få haik med andre familiemedlemmar, ikkje kunna spontanbesøkja venner som bur eit stykke frå toglinjer og bussruter, ikkje kunna kjøra inn til sjukehuset når det måtte trengst, og so burtetter som det heitte på gammalt landsmål. Eg innser og at eg er gammal nok til å ha ein slags rest av kjønnsimmunitet. Det ville sannsynlegvis vera langt meir oppsiktsvekkjande å vera ein mann på alder med meg sjølv som ikkje våga å kjøra bil. Då ville eg kanskje aldri tillete meg å bli så pysete som eg er nå.

Dette er delvis ei bekjenning for å visa resten av verda korleis det kjennest å vera ein ukomfortabel sjåfør. Eg kjenner menneskerasen godt nok til å vita kor mange som slit med ein for meg uforståeleg aggresjon over dårlege sjåførar. Truleg får dei utløp for eit eller anna når dei sit i bilen sin og kjefter over at nokon ligg i 68 i 70-sona eller ventar femten sekund for lenge i eit vegkryss. I mitt hovud er det ikkje nok med at eg er ein farleg sjåfør fordi eg er redd, men dei som ligg bak meg blir og farlege sjåførar fordi dei mellom banninga og utskjellinga til slutt kjem til å koka over og foreta ei kjempefarleg forbikjøring… Eg prøver å sleppa forbi alle irriterte bilførarar som eg har i bilspegelen, men på smale vegar kan det godt vera eit stykke til neste eigna forbikjøringsplass, som for eksempel ein busslomme eller ein rasteplass…

For å koma til det som kan likna litt på ei happy ending, så kan eg fortelja at eg har alliert meg med mi gode venninne Astrid som slit med liknande symptom, og har kjørt lite dei siste åra. Me har lova kvarandre å ta tak og prøva å koma oss ut av uføret. Eg kan skryta av at i løpet av dei siste tre kveldane har me vore på to rehabiliteringsturar for skremte sjåførar. På sundag kjørte Astrid til den gamle kyrkjegarden på Varhaug der me var inne i kapellet, las på gamle gravsteinar, fotograferte utsikten, og sat på ein benk og åt jordbær. I dag kjørte eg til Borestranda der me gjekk tur, drakk kaffi og åt kvart vårt sjokoladehjarte frå Freia med ei sanddyne mot ryggen. Eg imponerte til og med meg sjølv med å kjøra vidare til Verdalen og Bore og ta hovudvegen heim gjennom Kleppekrossen med mange skumle rundkjøringar. Me er litt stolte av oss sjølve, og synest at nå er me i gang med noko. Eg synest framleis det er litt miljømessig tvilsomt at eg skal kjøra bil kvar dag i sommar for å bli i stand til å kjøra meir bil, men det er kanskje slik det må vera.

Ja, ja, det får vera dagens skriftemål og dagens porsjon med sjølvskryt. Ein har trass alt ein blogg å passa… Så er det på tide å få hengd opp innhaldet i trommelen på vaskemaskinen, og samla tankane i ei bøn for verda, som for tida er nesten av hengslene. I den store samanhengen er i-landsproblema våre ganske små.

Heidi

Ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land, eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du kan

Akkurat nå skjer det så mykje spennande. Eg treng ikkje ein gong å finna melodiar, dei kjem til meg på mailar.

I går fekk eg ein nydeleg melodi frå Trond Akerø-Kleven. Han hadde laga melodi til teksten under som eg la ut for bare to dagar sidan. Lydfil fekk eg og. Eg er superimponert over desse generøse komponistane som let meg dela materialet deira. Trond gir meg lov til å dela både lydfil og noter og eg er så glad. Eg gler meg til å høyra dette framført av ein songar. Trond Akerø-Kleven er mannen bak melodien som vann salmekonkurransen til jubileet i Stavanger, så han kjem sikkert fleire til å bli nærare kjende med i samband med det.

Eg har fått inn endå fleire ting å dela, så heng med i svingane. For eit priviligert menneske eg er som bare får desse melodiane i hendene når eg ønskjer meg dei. Eg er utruleg glad for at eg drog til Lia gård som rettleiar sjølv om eg i utgangspunktet lurte på om eg hadde den kompetansen dei ønska seg. For eit privilegium å få bli kjend med så mange kreative og flinke folk. Eg ser at kreativiteten verkeleg har blomstra hos fleire av dei som var der. Dette er bare kjekt.

Å bare stå i sommarregn

Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.

Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.

Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.

Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.

Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.

God natt til alle natteravner som framleis er oppe og vakne.

Heidi

Menneske av pust og jord

Å ha to små overnattingsgjester er alltid eit sprell levande prosjekt. Yngstejenta er eit modig individ når det gjeld klatring og fysiske utfordringar. Ho er heller aldri redd for å seia si klare meining om ting, men ho har ein uforklarleg frykt for dyr. Sjølv om ho var van med katten vår frå ho var fødd og hadde sett han til dels fleire gonger i veka heile livet, skreik ho som ein stukken gris når han kom inn i rommet ho var i, og insisterte på å berast av ein vaksen viss ho måtte passera det fredelege dyret. Det gjer det litt enklare for henne at katten ikkje er her lenger. Som ho sjølv så lyrisk uttrykkjer det: «Cleo kviler så fint i grava si.» At det blir sagt med eit lite lettelsens smil om munnen får me heller tilgi henne.

Det siste fryktobjektet er fluer. Ho har fått for seg at fluer er kjempeskumle og hyler høgt når ho ser ei, til trass for alle forsikringane ho har fått om at dei er fredelege, snille og ganske koselege. Storesyster har heile livet synest at insekt og småkryp er spennande. Ho har fanga dei i boksar for å studera dei med forstørringsglas, og kjem gjerne berande med eit skrukketroll for at me skal sjå nærare på det. Ho er litt oppgitt over veslesyster sitt dramatiske talent. I går hadde ho ein litterær tittel klar: «Mormor, eg veit kva boka skal heita om me skal skriva ei bok om henne, – Verdens reddaste menneske…» Etter litt diskusjon var me einige om at redd bare stemmer viss det handlar om dyr, så kanskje tittelen likevel ikkje er heilt dekkjanda.

Dei la seg greitt til å sova i går kveld, men minstejenta vakna utpå natta og følte seg ikkje i form, så det vart nokre rundar med trøysting og småprat. Heldigvis var ho god som ny då morgonen kom. Eldstejenta kom og inn ein gong utpå natta for å fortelja at ho hadde mista ei tann. Dessverre var eg for trøytt og omtåka til å forstå at den tanna burde eg ta hand om. På morgonen var det nemleg sorg fordi tanna var borte. Ho hadde sove med ho på hodeputa og høyrt ein liten klikkelyd då tanna datt ned. Det ende med at me nesten måtte demontera dobbelsenga ho hadde sove i og løfta ut botnplatene og madrassar og overmadrass. Heldigvis fann me tanna, ho var heilt etter beskrivelsen veldig spiss og skarp øverst oppe. Nå ligg ho forskriftsmessig i vatn i eit eggeglas på kjøkkenbenken. Bonusen var at me fekk vaska og tørka støv under senga. Eg er redd veslesyster fekk med seg at det var ein edderkopp der, men storesyster trøysta med at han forsvann ut gjennom ein sprekk…

I dag har eg noko eg har gleda meg til å dela med dei som les her. Flinke Torbjørn Dyrud, som var med som rettleiar for komponistane på salmeverkstaden på Lia gård har laga ein nydeleg melodi til ein tekst som eg skreiv då eg kom heim der i frå. Han har send meg ei lydfil som dukka opp som ein gebursdagspresang her om dagen. Eg har fått lov av han til å dela her. Eg synest medarbeidarane mine er veldig generøse. Musikken er ikkje klar på noteark endå, men det skal koma det og. Denne teksten trykte eg nokre av versa på for nokre veker sidan. Her er alle versa, og det er bare å nynna med etter å ha lytta nokre gonger til melodien.

I teksten har eg prøvd å fanga noko om det å vera eit menneske av pust og jord som famlar mellom gåtene i tilveret og vaklar rundt midt mellom det vakre og det vanskelege. Eg har prøvd å fanga essensen i det å leva eit roleg og jordnært menneskeliv og det å faktisk tru at det finst samanhenger me bare delvis skjøner og at det finst opningar inn til alle mysteria me anar og ikkje forstår. Om eg har lukkast i dette er det kanskje ikkje opp til meg å vurdera, men dette var ein fin tekst å skriva.

Sjå til oss Gud, og vis oss veg.

En soloppgang, eit stjerneskot,
på opne havet driv ein båt,
ein vind, eit hav, ei due og ei gåte.
Eit menneske av pust og jord,
ei evig leiting etter ord,
og draumen om ein annan levemåte.

Me lever liva våre her,
veit ikkje alltid kven me er,
men dansar i for store sko og strever.
Me vaklar rundt i tvil og tru,
her er eit eg, her er eit du,
me takkar deg for livet, og me lever.

Sjå til oss Gud, og vis oss veg,
ver hos oss, høyr vår bøn til deg,
når avmakt kastar skuggar som blir lange.
Legg merke ut så me kan sjå
kor vegen er, kor me skal gå
me lengtar etter håp, og me er mange.

Me blandar surdeig, bakar brød,
me plantar tre og sår ut frø,
tar skoa av, trør barbeint over jorda.
Så hender det at me får sjå
mysteria me håpar på,
det hender at me finn dei rette orda.

Ein vår skal bryta fram ein gong,
med grøne blad og takkesong,
la sorg og skrik og bitter urett venda.
Kvart rop, kvar gåte skal få svar,
og me skal skilna alt som var,
i glede, lys og lovsong skal det enda.

Heidi

Lydfil laga av Torbjørn Dyrud

Å bare stå i sommarregn

I kveld har eg to små jenter på overnatting. Dei søv fredeleg i sengene sine, men eg veit at dei pleier å vakna grytidleg om morgonen, så eg gjer lurt i å koma meg i seng sjølv og om ikkje så alt for lenge. Me har først vore på Jærdagen, ein stor årleg marknad i Bryne, der det var så masse folk at me måtte gi opp øverste delen av Storgata og området rundt torget. Eg og Ingrid var einige om at det var kjekt å ha vore der, men eigentleg meir fredeleg å koma seg heim.

Eg sykla heim og skulle innom butikken for å handla med meg litt mat til helga. Då eg kom ut hadde det regna og det lukta sånn godt av gras, varm asfalt, jord og syrinar som det gjer når det regnar på denne årstida. Eg sykla heim i lett regn med den eine bereposen på styret fordi sykkelveskene var fulle. Halvvegs heime begynte posen å sprekka opp, og eg sykla så fort eg kunne og håpa eg skulle koma meg heim før is, risgraut, brød og eplejus hamna på bakken. Denne gongen gjekk det bra. Det er fint å ha flaks ein gong i mellom.

Eg nådde akkurat inn i gardsromet før overnattingsgjestene kom. Eldstejenta hadde med seg fleire heimelaga og litt forsinka bursdagspresangar til meg. Eg fekk eit lite maleri på lerret og eit risteglas med vatn, olje og glitter som laga fine effektar når me rista på det. Ho fortalde meg at synet av boblene i vatnet når glaset vart rista var veldig beroligande, og at ein sovna fortare dersom ein såg på det når ein hadde lagt seg. Kanskje eg får prøva i kveld?

Etter at me hadde ete litt middag ville jentene ut i den fine lyse sommarettarmiddagen, for det hadde for lengst slutta å regna. Me gjekk til leikeplassen i barnehagen like ved, og der møtte me ei jente som gjekk i første klasse i Stavanger som og var på overnattingsbesøk hos besteforeldre. Det er fascinerande å sjå korleis barn blir kjende med kvarandre: Først observerer dei kvarandre, så nærmar dei seg kvarandre liksom litt tilfeldig. Neste skritt er å leika ved sida av kvarandre, og plutseleg leikar dei i saman som om dei hadde kjend kvarandre alltid. Den nye jenta hadde med seg ein smilande og leiken farfar som leika gøymeleiken med alle dei tre jentene, og dei hadde det kjempekjekt i lag. Eg ser at me vaksne har litt å læra. Me var der heilt til det var på tide med laurdagsgodt og barne-TV og til regnet begynte å smådrypa igjen.

Den gode kjensla av sommarregn ein fin dag fekk meg til å tenkja på ein tekst eg skreiv for ganske lenge sidan. Eg trur det må ha vore på siste halvdelen av 90-talet. Frå Ålgård jentekor fekk eg ein spennande forespørsel om eg kunne tenkja meg å skriva ein konsert til dei i samarbeid med Sigvald Tveit. Eg vart i først omgang det som ein nå kallar star-struck og ganske sjenert overfor min langt meir rutinerte samarbeidspartnar. Men etterkvart vart samarbeidet ei veldig positiv oppleving og konserten vart fin. Dessverre har ein del av notene forsvunne, men eg har nok eit konsertopptak på kassett eller brend CD-plate ein eller annan plass.

Av alt eg har skrive av tekstar opp gjennom åra, det har etterkvart blitt veldig mange, er det nokre eg er spesielt glad i. Den teksten eg har lyst til å dela i dag er ein av dei. I konserten var dette eit solonummer, eg meiner bestemt at det var Eir Inderhaug som song han som innleigd stjernesolist. Eg synest i grunnen at det er litt trist at denne songen ikkje har blitt brukt. Eg kjenner etterkvart så mange dyktige komponistar, så viss nokon får lyst eller føler seg kalla til å laga ein ny melodi til denne songen, så ville eg blitt glad. Eg tenkjer meg ein roleg og enkel melodi med fred og sommar i. Kanskje litt inspirert av svenske folketonar? Her er teksten i alle fall. Eg synest at han står seg utan melodi og, eg har lese han opp fleire gonger når eg har hatt diktprogram ein eller annan stad. For meg som vestlending er sommarregn ein viktig del av sommaren. Regnet i teksten kjem aleine utan den iskalde nordvesten som gjer at ein må koma seg inn for å få på regntøy og støvlar. Her snakkar me om sommarregn som kjem rett ned, og ein temperatur som gjer at ein kan kosta på seg å stå der, midt i dei gode sommarregnluktene og verkeleg bli klissvåt…

Å bare stå i sommarregn

Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.

Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.

Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.

*

Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.

Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.

Heidi

24.mai

I dag fekk eg to koselege venninnebesøk. Først kom Laila med fint kort, håndboren oppvaskklut frå Japan med kattar på og ei nydeleg kokebok om bringebær og andre norske råvarer ein kan laga god sommarmat av. Me drakk kaffi og åt sein frokost ute i hagestova.

I kveldinga kom Hilde med to heimelaga presangar og fint heimelaga kort. Eg fekk rabarbrasyltetøy i eit stort glas og granskotsirup i eit lite glas. Begge deler passa veldig godt, for eg hadde vore innom ostemarknaden som var i Storgata i anledning Jærdagen og kjøpt eit stykke vellagra hollandsk ost og eit stykke chiliost. Med litt kjeks, eit par ekstra ostar, jordbær, grøne druer og paprika i tre fargar blei det eit nydeleg måltid.

Mellom dei to besøka jobba eg og Sissel nokre timar med den boka me lagar i kulturskulen med tekstar frå skapande skriving og bilete frå kunstfag. Det var veldig kjekt å få sjå dei fine bileta frå kunstfagelevane.

Samarbeid er kjekt. På danseforestillinga om to veker skal danse-elevane mellom anna dansa til ein tekst skriven av skrive-elevane. Mi kanskje litt lite objektive meining er at Time kulturskule er kjempeflinke med tverrfagleg arbeid. Det er ein av grunnane til at det er så kjekt å jobba der. I sånn rundt rekna 25 år har eg hatt deler av stillinga mi i kulturskulen. Først var eg dramalærar, og så var eg både dramalærar og skrivelærar i ein del år før eg slutta som dramalærar. Ein av grunnane til det var at to ettermiddagar/kveldar på jobb vart i meste laget kombinert med vanleg lærarjobb på dagtid.

Det fine med kulturskulen er at det kreative og musiske står i sentrum. Det har eg likt spesielt godt i din periode der eg synest at desse verdiane har vore litt for nedprioriterte i vanleg skule. Heldigvis synest eg å ana at pendelen gjer seg klar til å slå tilbake.

På Bryne er det Jærdagar denne helga. Desse marknadsdagane var absolutte favorittar i barndomen. Som vaksen opplever eg nok ikkje heilt det same entusiasmekicket, men det er jo kjekt at det skjer noko utanom det vanlege.

På min korte oste-ekspedisjon i Storgata møtte eg eit seks år gammalt barnebarn som var kjempelei seg. Ho hadde mista pengetaska si med pengar i, og pengar er ein sjeldan ting å bera med seg i desse kortfinansierte tidene. Heldigvis fann me lommeboka under eit sykkelstativ, men pengane var borte… Kanskje var det den første harde leksa i å leva med at gleda med pengar kan visa seg å vera kortvarig. Heldigvis blir det som regel ei lukkeleg ordning på den slags når ein framleis er bare seks år…

I dag sende nokon meg ein nydeleg melodi innspelt på piano. Kanskje eg får lov til å dela her etterkvart.

Heidi

Framleis stas

Eg kan like godt innrømma det. Det er framleis stas å fylla år sjølv etter at ein har bikka 60 og andre usannsynleg høge tal. Det er koseleg å vakna, gripa etter mobilen og få dei første helsingane frå slekt og venner. Det er ikkje så verst å få kaffi, bokgave og gode ord på senga heller.

Veret var framleis varmt og nydeleg. Det passa godt, for føremiddagen på sjette trinn var sett av til orienteringsløp i Sandtangen. Dei sprang to og to med kart og skulle finna ti postar i ein stjerneformasjon. Nokre av oss vaksne sat på ein benk midt i området og gav dei nye utfordringar kvar gong dei kom tilbake og hadde funne ein post. Det var ei ganske behageleg pedagogoppgåve i det fine solskinet. Eg tenkjer ofte på kor fint det er at me vaksne på trinnet har ulike styrker og interesser. Hadde eg hatt eineansvar på trinnet kunne det fort ha skjedd at både orientering, programmering og turnopplæring kunne fått ganske stemoderlege forhold sjølv om det står oppførd i dei læreplanane me er forplikta på. Det hender eg tenkjer at elevane våre får eit ganske breitt samla undervisningstilbod. Sjølvsagt hender det og at eg blir litt sliten når eg tenkjer på alt det me optimalt sett helst skulle fått til, men med positivt fokus trur eg ikkje at barna i dagens skule har det så verst. I alle fall ikkje på dagar i mai der sola skin og dei får vera ute og ha det kjekt.

Ettermiddagen gjekk med til å førebu og øva på forestillinga me skal visa for dei andre elevane på skulen den nest siste skuleveka. Det fylde meg plutseleg med skikkeleg gladkjensle å sjå rundt 60 sjetteklassingar dansa og synga av full hals: «Here comes the sun», «Cover me in sunshine,» og andre sommarlåtar med stor entusiasme. Det hender at det plutseleg begynner å svinga skikkeleg av ein skuletime. Det var det absolutt tilløp til i dag. Det vart og ein is på kvar av ungane sidan eg trass alt fylde år i dag, og sidan det var sånn rundt rekna 25 grader ute. Dette er ikkje situasjonar som kryssar kvarandre veldig ofte. For å fylgja opp den første setningen min i dag, det er rett og slett ganske hyggeleg når så mange elevar og kolleger kjem for å gratulera med dagen og gi gode klemmar.

Etter skuletid spurta eg heim på sykkelen. Heime hadde Leif laga brokkolisalat, bakt rundstykke og steikt karbonadar. Me hadde kjøpt is og jordbær, som smakte nesten som dei norske, og mor og far kom med rabarbragrøt, kake og wienerbrød. Så hadde den næraste storfamilien felles middag i eit hus som ikkje var heilt rydda etter dei to forrige helgebesøka, men pytt, pytt… Medan me åt opna himmelen seg, og regnet auste ned. Etter veker med fint, varmt og tørt ver var det faktisk ganske forfriskande og deilig, men me håpar at finveret kjem tilbake, og at sommaren ikkje er over for i år.

I dag hadde eg eit kjekt oppdrag. Eg fekk vera med og opna kunstutstillinga til Sissel på Frida Hansens hus i Stavanger. Sissel har utvikla sin eigen teknikk der ho lagar collagar basert på serviettpapir. Det er og grunnlaget for bordpynten over. Eg var invitert til å lesa nokre dikt og seia litt om utstillinga. Eg tenkte eg kunne la dei som har lyst få lov til å lesa det eg hadde skrive for denne hendinga. Eg håpar det gir nokon lyst til å ta turen dit, for bileta er verkeleg fine.
*

Til opning av kunstutstillinga
Pust av himmel  av Sissel Ruud

Men bileta til Sissel er mykje meir enn restar av gamle serviettar. På ein del av bileta kan ein i glimt ana det nokre av serviettane sitt tidlegare livet som serviett, i andre er det heilt umogleg å sjå som det er umogleg å kjenna igjen larven i sommarfuglen. I sitt nye liv er dei blitt solsikker, lys i mørke, myrull, vår, vinter og jærlandskap og andre fine motiv som me som er glade i landskapet vårt og naturen kan finna ro og glede i. I bileta er det både lys og mørke. Dei er Sissel sine forteljingar som ho vil dela med oss i dag. Nå skal de snart få nyta pust av himmel. Det kan gjera godt å bli pusta på. Då Gud laga det første mennesket av jord la han seg på kne og pusta det inn i nasen slik at det kunne pusta sjølv. Me som bur her me bur har blitt pusta på av både kalde nordavindar og varme sommarvindar og veit at det er energi i begge variantane.


I denne utstillinga er det både streif av himmel og stenk av jord som det står i ein salme. Livet består av begge

 delar. Eg synest det er mykje ro og trøyst og i desse bileta og ro og trøyst er noko me kan trenga.

Trøysta ligg i lufta

Trøysta ligg i lufta,
ho dirrar i trøystens dal,
alt er mjukt og fullt av mild skodde, lukt av bjørkeblad,
mose, vintereple og kvitt lav.

Godt å bare vera der.
Så kan me ta fjelltoppane ein annan dag.


Det var fint å vera i Frida Hansens hus. Vel heime att hadde eg tid til å lesa dei gilde helsingane på mobilen og svara på dei. Intensjonane mine er å svara på alle saman, men eg rakk ikkje alt i kveld. Dersom nokon har send ei helsing dei ikkje har fått svar på, takkar eg her og nå. Ein kan seia mykje rart om facebook, men dei er ganske gode på bursdagar.

Og snart renn 23.mai ut i havet av tid som er over, ser eg. Eg trur det er sånn ca akkurat passe at den datoen dukkar opp med tolv månadars mellomrom.

Heidi

For alt som ein gong var

Denne rare og fine kjensla av å høyra saman med nokon du nesten hadde gløymt at du høyrer saman med er noko som av og til innhentar meg på ein uventa måte.

I dag var me i kyrkja på Ålgård for å ta farvel med mi tante Ada. Då me kom inn i kyrkja var det fin musikk, og det blei vist lysbilete med bilete frå eit levd menneskeliv. Eg blei teken med til stova til farmor og farfar, eg vart minna om kor søte syskenbarna mine var då dei var små, og om korleis livet såg ut på sytti – og åttitalet. Eg kjende igjen menneska, smila og tider som har gått forbi og ikkje er her lenger.

Onkel Harald var den glade onkelen som gjekk på gymnaset på Bryne, budde på hybel og ofte var innom oss då eg og broren min var små. Eg hugsar då me var hos farmor og han kom på besøk med studiekameratar frå NTH og dei var vaksne og ungdomar på same tida og lo av alt.

Tante Ada frå Vardø var den som introduserte den eksotiske retten pizza for oss i Solåsvegen ein gong for lenge sidan. Dei hadde budd lenge i utlandet og var komne heim på besøk hos oss og hadde blitt kjende med rettar i frå den store verda. Far min, som skulle til byen i anleding eit eller anna med jobben fekk i oppdrag å prøva å få tak i ein paprika. Den slags eksotiske grønsakar hadde dei ikkje på forbruken på Ålgård. Han kom fram med utført oppdrag, ein knallgrøn paprika som skulle pryda den aller første pizzaen nokon i familien min hadde smakt.

Då eg var atten, eller var det kanskje sytten, reiste eg og Anne Mette til Aberdeen for å besøkja Ada og Harald som budde der ein periode. Me vart tekne svært godt i mot og tekne med på sightseeingturar og familieliv. Syskenbarna mine, i alle fall Hilde hadde lært seg å snakka engelsk med skotske r-ar noko som gjorde inntrykk. Lars Helge, Hilde og Håvard var yngre enn oss, og det å ha yngre syskenbarn syntest eg alltid var så kjekt. Me hadde tre på Ålgård og fem i Grimstad. Etterkvart flytta dei av syskenbarna mine som hadde hatt store deler av oppveksten i USA heim til Norge. Det var stor stas å visa fram ekte amerikanske syskenbarn til dei andre ungane på Solås. Gutane hadde til og med med seg baseballutstyr og sette i gang baseballkamp i akebakken heime. Etterkvart fekk me tre små syskenbarn i Vats og. Dei var så pass mykje yngre enn oss at eg hadde rukke å få to barn sjølv før den yngste vart fødd.

Akkurat som på klassefesten hadde eg i dag ein litt uventa følelse av at desse folka høyrer eg heime saman med. Det var fint å sjå syskenbarn, onklar og tante igjen. Det er litt trist at det ofte blir triste situasjonar som fører oss saman, men i fjor klarte me å få til eit koseleg slektstreff på garden der farfaren min vaks opp, og det nest eldste syskenbarnet mitt bur nå.

Det vart ein fin avskjedssermoni. Ada hadde hatt Alzheimers i 12-13 år, ein brutal sjukdom som stel meir og meir av eit menneskeliv. Eg sender varme tankar i dag til Harald, Lars Helge, Hilde og Håvard. Det var fint å få ha desse timane i lag med dykk.

Ein av tekstane som vart lesne i kyrkja i dag var teksten om at det finst tider for glede og tider for sorg.
Eg har laga ein salme ein gong i lag med Hilde Svela med denne teksten som utgangspunkt. Eg limer inn ei lenke til denne. Måtte me ta i mot tidene våre og gjera dei om til noko fint kvar gong me kan.

https://www.google.com/search?q=det+finnest+ei+tid+Hilde+Svela+youtube&rlz=1C5CHFA_enNO893NO893&oq=det+finnest+ei+tid+Hilde+Svela+youtube&aqs=chrome..69i57j0i546i649j0i512i546j0i546i649l2.20902j0j4&sourceid=chrome&ie=UTF-8#fpstate=ive&vld=cid:b44d5d2b,vid:nxAUOG83940,st:0

Heidi

Å tenkja langt fram

I dag har me hatt den første av dei to planleggingskveldane me pleier å ha kvart år på denne tida for å leggja planar for neste skuleår…

Tida går så forskrekkeleg fort, og det er heilt ubegripeleg at me allereie er så langt. Det følest alltid rart å ta fatt på timeplanar for neste år, men eg har innsett at nok eit skuleår er på tampen.

Nå er det under to veker til me pakkar trinnet med oss og dreg på leirskule til Evjetun, og før me tek ferie har me ei forestilling å visa fram som me nettopp har begynt å øva på. Det blir intense og viktige veker, og så er det ryddinga som kan vera ein styrkeprøve for dei av oss som ikkje liker å kasta noko som helst og som i grunnen er flinkare til det meste anna enn til det å rydda. Og så er det duka for lang ferie, det har dei rett i dei som seier at ein skulle vore bjørn om vinteren og lærar om sommaren.

Eg trur neste skuleår skal bli veldig bra. Me er ein fin gjeng som saman skal losa elevane gjennom det siste og viktige året på barneskulen. Av og til blir ein litt overvelda over alt ein skal få til, men mest av alt er eg takknemleg over utsiktene til å få henga med ein runde til.

Me har så lange lyse kveldar mot slutten av mai, og akkurat nå syng fuglane så fint utanfor vindauget mitt. Biletet over er frå Orrestranda klokka litt over halv ti i går.

Heidi

20.mai

2.pinsedag

Etter koseleg frokost med Eva Mari og Henrik for dei til Stavanger for å dra på stranda i lag med Oscar, Maren og barna. Eg visste at eg hadde mykje å gjera med avslutninga av boka frå kunstfag og skapande skriving, og skulle setja meg ned med ipaden for å ordna det. Ipaden viste seg å vera søkk borte, og etter ein leiteaksjon fann eg ut at eg fekk sykla bort til skulen for å sjå om eg kunne ha gløymt han der. Det hadde eg…

Eg sette meg ned for å skriva i hagestova. Der var det så godt og varmt at ipaden til slutt gav beskjed om at han måtte kjølast ned før eg kunne fortsetja å jobba. Så fekk det bli nokre timars jobbing inne i staden.

Etterkvart kunne eg til mi store lette rekna meg som ferdig, og eg feira med å leggja meg i hengekøya ute i sola og lesa «De» av Helle Helle. Boka fekk eg anbefalt av Sunniva då ho var heime. Det minna meg litt om Tove Ditlevsen sine bøker, men var i ein litt meir minimalistisk stil.

Då me hadde ordna til kveldsmat ringde det på døra. Det var Stig og Oddny som har feira pinsehelga på gamle trakter. Det var utruleg fint å få besøk og ein lang prat med dei.

Om kvelden tok eg og Eva Mari ein liten solnedgangstur ned til stranda for tredje gongen denne langhelga. I kveld vart det Orrestranda.

For ei utruleg vakker pinse-og 17.mai-helg me har hatt. Dette skal me kunna leva på lenge. Tenk at det finnest menneske som bur på stadar der det normale er at vêret er slik som dette veke etter veke. På nokre punkt i livet er me jærbuar lite bortskjemde og lette å gleda.

Og i morgon er det skule att og kvardag igjen. Kanskje ein burde begynna turen mot senga og natta?

Heidi