Gå til innhald

Luke elleve:

Bak luke elleve skjulte det seg:

Regn og bare vegar

Fotoutstilling på Bryne Mølle

Eit lutefiskselskap

Henting på juleball

Etter å ha sovna til eit mildt sagt livsfarleg føre, så vakna me til at regnet, som hadde jobba flittig heile natta, hadde teke vekk alt saman. Det var litt trist at all den fine kvite snøen var borte, men deilig at ein kunne bevega seg ut både til fots og i bil utan å risikera liv og lemmar.

Tantebarnet mitt, Borghild, som har vore i Guatemala, saman med Ida for å overlevera innsamla pengar til Idas hjelpefond, og bygga hus til ein fattig familie, hadde i går utstilling av fotogfrafi og lysbilete på Bryne Mølle. Samtidig var det laga til kafé der, der me kunne kjøpa kaffi og kaker og gløgg i tillegg til kalenderar for å støtta prosjektet. Borghild har teke bilete med masse kjensler og sjel i. Eg gjekk og svelgde på ein klump i halsen, fordi eg vart rørt til tårer både av bileta og historiane bak. Fleire av dei eg snakka med hadde det på same måten. Eg er kjempestolt av både bileta hennar og det ho har vore med på å gjera for dei fattige i Guatemala. Eg kjøpte med meg fine englelys som mormor til Ida hadde laga til inntekt for prosjektet.

Så var det heim for å baka ei stor eplekake me skulle ha med oss til Hilde på lutefiskselskap om kvelden. Det vart ein veldig koseleg kveld med god mat og triveleg samver. Seint på kvelden henta me Halvard som hadde vore på juleball og Ingris som hadde vore på førjulsfest med medstudentane sine. Det vart ein ganske sein kveld. Kombinasjonen med å venta på seine ungar lørdag kveld og å stå tidleg opp på sundag morgon for å gjera seg klar til gudstenesta er ganske travel. Men slik får det vel bare vera ein periode. Det er ikkje så ofte det er min tur til å vera på banen som sundagsskulelærar, og eigentleg gjer eg det med stor glede.

Heidi

Luke ti

Bak luke ti fann eg

Ein hasteeksamen

Ein farleg biltur

Eit juleball

Ein strikka hundegensar i babyull

Eg vakna med framleis vond hals og tungt hovud, men nå i kveld har forkjølinga flytta seg litt meir til hoste- snuestadiet. Det er bra det er utvikling for då går det vel framover…

Det vart meir dramatisk enn me hadde tenkt med Ingrid sin eksamen. I går kveld hadde eg lese gjennom, og ho meinte sjølv det var så godt som leveringsklart. I dag hadde deler av teksten forssvunne, og eg måtte setja meg ned med henne for å rekonstruera det som var blitt borte. Så viste det seg at ho fekk printarproblem, den eine printaren gjekk tom for blekk, og den andre maskinen hadde me litt problem å lasta ned på. Plutseleg oppdaga ho at papirutgåva, den som skulle leverast på posten, måtte poststemplast klokka to, ein time før innleveringsfristen på internettinnlevering var ute. Og denne oppgåva måtte leverast i begge variantar. Då ho heldigvis oppdaga det, var det bare 25 minutt att til stemplingsfristen, og framleis var ikkje følgjeskjemaet trykt ut i rett format. Frontruta på bilen måtte skrapast, og vegen var såpeglatt, men ho rakk postkontoret med 15 minutts klaring. Det var så glatt ute at på veg til butikken etter å ha send eksamensoppgåva, fekk Ingrid ein bil i mot i ein nedoverbakke som ho ikkje fekk til å stansa for. Det stod ein parkert bil på vår side av vegen som ho måtte svinga til venstre for ikkje å skli rett inn i, og der kom det ein møtande bil som ikkje kunne stansa for oss. Heldigvis gjekk det bra. Speila dunka mot einannan, men ingen av bilane fekk skade. Eg som sat ved sida av reagerte veldig uprofesjonelt, eg lukka auga og haldt meg for øyrene i rein refleks medan Ingrid som var sjåfør haldt hovudet kaldt nok til å klara å manøvrera sjølv om bilen var på rein skli og bremsene ikkje tok i det heile tatt. Heldigvis hadde begge bilane veldig lav fart, så direkte livsfarleg var det vel ikkje. Det var likevel ei ganske ubehageleg oppleving, så eg har nekta å kjøra eller henta dei i familien som skulle ut på livet i kveld. Statusen nå er stålis med fem cm vatn oppå frå ganske friskt regnver og eit par plussgrader, og sånt føre er definitivt ikkje noko for meg…  Kjærasten min tok bilen sjølv og ofra vinglaset, og han seier at føret var minst like ille nå. Sunniva er på veg heim frå julebord på skulen sin i bilen til ein kompis. Eg skal vera glad når ho er velberga heime att, men ho sende trøystemelding frå bilen om at han er ein flink sjåfør og kjører sååå forsiktig.

Og alt ein let seg lokka til å gjera… Nå strikkar eg ullgensar i mjuk babyull til vårt firbeinte familiemedlem, Oscar Otto. Genseren er i fem-seks fargar eller fleire og eg håpar han kjem til å passa. Eg har aldri strikka noko til dyr før…

Heidi

Luke ni.

Bak luke nummer ni fann eg:

Jens Bjørneboe

Engelen Egil

Ein skrivekonkurranse

Eg har problem med å leggja frå meg boka om Bjørneboe. Eg blir dregen inn i livet hans i ein så sterk grad at eg kjenner meg fortumla når eg kjem ut att. For ein type. Han er må dekka det meste av skalaen for kva eit menneske kan vera. Det er trist å lesa om dei store alkoholproblema han utvikla. I tilleg til brennevin så gjekk det med ganske store mengdar hårvatn og om nøden var ekstra stor så gjekk det på skokrem. I fylla gjorde han dei merkelegste ting og rota seg oppi utrulege situasjonar medan den økonomiske tilstanden vart meir og meir håplaus. Dessutan var han ein notorisk fyllekjørar, og etterkvart innleia han seksuelle forhold til fleire unge gutar. At kona haldt ut med han sånn omtrent til siste slutt er meg ei gåte. Ho var barnevakt for ha så godt ho evna, og hadde rutine på å henta han heim om nettene. Midt i det heile skreiv han geniale romanar og skodespel, ein av dei siste romanane han skreiv var «Haiene». Eg hugsar at eg omtrent var i trance då eg las boka, at eg sat utanfor klasseromet på den vidaregåande skulen eg gjekk på og las mellom jakkane under knaggrekka og bare håpa at friminuttet måtte vara lenge. Eg hugsar at ein av gutane i klassen kom bort og spurde kva i all vera eg las sidan eg var så totalt usosial denne dagen. Eg viste han boka og han nikka betydningsfullt og sa at den hadde han og lese. Det rare er at når eg nå les om denne boka viser det seg at innhaldet hugsar eg viss ikkje lenger, det eg hugsar er kjensla av å vera omtrent hypnotisert av ei bok i så stor grad at eg står svimmel og fortumla etter at eg har lagt frå meg boka og kjenner meg som ein gjest i mitt eige normale liv. To andre gonger i ungdomen kan eg hugsa å ha hatt tilsvarande sterke leseopplevingar. Det var så eg las «Isslottet» av Tarjei Vesaas, og då eg las «Broene brenner» av Kaj Skagen.

Då er det heldigvis ein mindre tragisk historie den om «Engelen Egil». Det er ei biletbok eg har laga saman med elevane mine på skapande skriving. Me har skrive teksten saman og kvar for oss, og lørdag for eit par veker sidan laga me bileta i form av applikasjonar. Etter at teksten er handskriven og bileta laga gjenstår det framleis eit ganske stort arbeid for å få boka ferdig. Eg kom ganske langt i går, men må tilbake ein dag i neste veke for å bli ferdig.

Og skrivekonkurransen hadde me ganske fredeleg og internt i skrivegruppa. Alle fekk fem stikkord, dei skulle skriva kvar sin tekst, alle tekstane vert lesne opp med eit anonymt nummer. Etterpå fekk alle stemma på to tekstar kvar.  Det virka ganske motiverande. Og elles så drakk me varm kakao, for ute var det kaldt.

Heidi

Luke åtte

Under luke åtte skjulte det seg:

Ei forsoven yngstedotter

Fleire diktkalendrar

Ei eksamensoppgåve om aktiv læring

Tett snøfall

Heimelaga lefser

Ungdomar som sit på kjøkkenet og ler

Ei oppgåve om Kleopatra

Ein stor oppvask

Sunniva lever eit frykteleg aktivt liv. Veldig ofte har ho program frå tidleg morgon til seine kveld nokså utan kvilepausar. I dag då ho kom ned var ho rimeleg knust. For andre dagen på rad hadde ho forsove seg. Ho hadde ikkje vakna av vekkaralarmen som hadde dura og gått utan at ho hadde høyrt han. Eg sa at det må vera eit teikn på at ho er i overkat sliten og at kroppen på denne måten snik seg til den kvila han treng. Ho har aldri pleidd å forsova seg, så eg har overlatt det heile og fulle ansvaret for å koma seg i eg til skulen til henne sjølv. Ho står opp tidleg sidan hoo har litt reiseveg og skal nå eit tog, og sidan ho begynner til ulike tider veit eg aldri heilt når ho bure ha vore på beina. Det er lite kjekt å vera over ein time for sein til skulen, særle når det skjer to dagar på rad, så eg forstår at ho var frustrert og lei seg. Ho er lova litt sikkerheitsassistanse i morgon tidleg.

Ingrid har heimeeksamen i pedagogikk. Ho skal skriva om akriv læring. Det blir nok litt samtalar om temaet i heimen. På heimeeksamen har dei lov til å bruka kjelder. Det slår meg kvar gong ho skriv oppgåve kor mykje interessant det er å fordjupa seg i på fagområdet pedagogikk, og kor lite enlednign ein har til å fordjupa seg i teoriar i ein travel lærarkvardag. Sjølv om båe administrasjonen på skulen min og systemet høgare opp skal ha ros for at det faktisk blir utført ein del pedagogisk utviklingsarbeid i den bundne tida vår slik at me ikkje sovnar heilt.

Sunniva skal skriva samfunnsfagoppgåve om ein historisk person. Ho skriv om Kleopatra. Eg var ikkje klar over at Kleopatra faktisk i ein lang periode fungerte som farao over Egypt. Ein lærar så lenge ein har ungdomar i huset. Eg las oppgåva hennar. Ho påstod at ein i ei samfunnsfagoppgåve ikkje fekk karaktertrekk på stavefeil eller dårleg språk. Det høyrest litt merkeleg ut i mine øyrer. Ho skal prøva om ho får eit ledig kvarter så me kan sjå litt nærare på språket i lag før ho leverer sundag kveld. Helga hennar er full av skulejuleball og øvingshelg i teatergruppa. Eg hugsar faktisk at då eg var på hennar alder hadde eg det akkurat like travelt og at ein eller annan gong låg eg fullstendig utmatta på sofaen i ei heil helg. Det har visst ikkje skjedd meg sidan, men eg får prøva å forhindra at yngsejenta mi ikkje slit seg heilt ut med skule, teatergruppe med stor forestilling  januar, styret i teatergruppa, arbeid på restaurant og eit overblomstrande sosialt liv.

Og eg var oppriktig imponert over meg sjølv då eg faktisk gjekk i gang med lefsebaking. Det var koseleg og arbeidskrevande. Det var nok eit godt råd eg fekk av Thorbjørg å laga dei mindre enn dei eigentleg skulle vera. På den måten lot dei seg lettare kjevla papirtynne og lettare flyttast over på bakstehella.

Odd Christian er ferdig med eksamen i Bergen og heime på juleferie. Han er så helig å ha fått eit vikariat på den skulen han jobba på i fjor. Noko av det som er veldig koseleg med å ha alle ungane heime er å høyra dei le saman på kjøkkenet. Sjølv om eit par av dei kan irritera seg litt på område der dei er veldig ulike, som foreksempel graden av orden og ryddigheit, så har dei veldig masse felles humor. Så får eg heller tåla at ein viss del av humoren rett og slett handlar om meg…

Oppvasken var såpass omfattande at eg ikkje kan skriva meir her akkurat nå. Kanskje eg kjem tilbake. Elles så er eg frykteleg stolt av at eg faktisk steikte lefser, til og med heilt aleine. Det trudde eg i grunnen aldri at eg skulle koma til å gjera. Eg har sett farmor gjera det i oppveksten, og då såg det veldig vanskeleg ut. Etter råd frå Thorbjørg laga eg dei mindre enn slike som fyller heile takka. Det var lurt.

Heidi

Luke sju

Bak luke sju fann eg:

Meir Jens Bjørneboe

Curamed, Decadin og Paracet

Eit tastatur som ikkje virka

Mange fine dikt

Ein kveld på jobb

Eg begynte dagen med meir Bjørneboe. Problemet når eg blir fenga av ei bok er at det er så vanskeleg å leggja ho vekk. Ein blir glad i denne ustabile og utilreknelege mannen fordi det er lett å oppdaga at det bankar eit hjarte der inne som på ein måte vil alt vel. Alt blir bare så komplisert, og han kjem stadig i utakt med alle andre forsi han ikkje heilt kan tilpassa seg nokon bås. I mange år var han antroposof og levde eit tilnærma asketisk liv med ei dogmatisk kone som haldt han fast og bestemt i øyrene. Kone nummer to måtte og vera barnevakt i tillegg til alt det andre. Han utvikla store alkoholproblem, og privatlivet rota seg meir og meir til. Det er kjempetrist å lesa korleis alkoholen kan øydeleggja eit liv totalt. Men dei som kjenner meg veit at eg ikkje er den personen som hadde hatt størst problem med å tilpassa meg eit samfunn heilt utan alkohol, så objektiv er eg ikkje. Men eg vil tru det sjølvbiografiske diktet under seier mykje om korleis det var å vera Jens Ingvald Bjørneboe.

Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,
det har verken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat eller sko,
det har verken seng eller barnetro.
Det har ingen ro.

Eg vakna med vondt i halsen og tungt hovud. heldigvis fann eg Curamed i huset, og har kjøpt endå meir. Eg har veldig gode erfaringar med råmjølk mot begynnande forkjøling, men kanskje eg var litt seint ute å koma i gang. Det kjennest i alle fall ikkje betre enn det gjorde i dag morges, men stort sett har eg gjennomført alt som stod på timeplanen, så eg skal ikkje klaga.

Det viste seg at batteria i tastaturet var flate, så macen min har ikkje virka før nå. Eg fann ut at då fekk eg heller kosa meg med kalenderane mine til eg skulle på jobb i kulturskulen. Eg har jo samla dikt heile hausten, så eg har så mykje fint å skriva inn i dei. Litt ekstra sentimental har nok halsesjuka gjort meg, for då eg skreiv desse versa av Tove Ditlefsen inn i ein kalender, begynte tårene å trilla…

Først var de sød forventning

og stor, unævnelig glede

i slegt med skyer og stjerner

og allevegne til stede

*

Så blev de levende, nære

spæde selvstendige tanker,

to øjne ser spejler månen,

et hjerte der ensomt banker.

*

Mørket er blidt og varsomt,

regndråber er så rene.

Gode børn er en gave.

det er ondt at være alene.

*

Dette er bare tre vers av ganske mange. Eg anbefalar å lesa heile diktet.

Nå har eg vore på jobb og bedrive både dramaundervisning og manusskriving. Eg går mot ein relativt tidleg kveld med Bjørneboe.

Heidi

Luke seks.

Bak luke seks skjulte det seg:

Ein nydeleg snøkvit desembermorgon med sol

Ein syngande skuleklasse

Ein bokkasse

Eit stort fat med pannekaker

Mange fine dikt

Agnus Dei

Ein kunne laga filmen til «Walking in a winterwonderland» frå gatene utanfor huset vårt. Me var på befaring på den nye skulen i nabolaget, eg og dei andre kulturskulelærarane. Utanfor vindauget akte glade barn i morgonsol ned ein liten bakke, nokre av dei med nisseluer over det flagrande håret. Medan me studerte aulaen og tilstøytande rom, kom ein klasse for å ha musikk eller kanskje for å øva til ein førjulsfest. Me var der akkurat lenge nok til å få med Eyvind Skeie sin fantastisk fine adventsong: «Tenn lys, et lys skal brenne, for denne lille jord, den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor. Må alle dele håpet at gode ting skal skje, må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.» Sidan eg er i skrivepermisjon dette året, så går eg glipp av morgonsamlingane i skulen i adventtida. Det er ein av dei tinga eg lengtar litt etter, og eg er takknemlig for å ha fått ein liten smak i dag.

Er det noko eg ikkje kan motstå, så er det kassar med billige bøker. Ein slik fann eg i dag og fekk med meg fem bøker for hundre kroner. Eg trur nokre av dei havnar under juletreet. Skulle eg koma på andre tankar, så er det bøker eg kjem til å ha glede av sjølv og. Med eldsteguten på plass i heimen, så skunda eg meg heim for å laga ein stabel pannekaker med bacon. Det er nemleg noko han alltid ynskjer seg, og det er jo eit ønskje som nokså lett kan oppfyllast.

Etter pannekakemiddagen enda eg opp med dikta mine. Eg har samla dikt i heile haust,eg har  leita meg gjennom diktbøkene i hylla mi, men har framleis ikkje kome lenger ut i alfabetet enn til bokstaven F. Nå bruker eg nokre av dikta i julegavekalendarar som eg lagar til utvalde venner og familiemedlemmar. Eg kostar på meg litt lyrikk her og, slik at du som les dette kan finna noko vakkert i adventkalenderen min i dag. Sidan eg er oppteken av Jens Bjørneboe akkurat nå, får det bli eit dikt av han. Snart skal eg møta nokre flotte damer heime hos Dagny.

Skriften.
Det er som å høre et eventyr

å ligge så stille om natten.

Utenfor snakker de kloke dyr,

hunden og hesten og katten.

Så kommer den tidlige demring grå

da fuglene våkner og flyr,

de stiger opp til den himmel blå.

Og skriver sin veldige skrift derpå,

som ingen mennesker kan forstå

og ingen vet hva betyr.

Jens Bjørneboe

Og der hadde eg slutta, men måtte ta med eit litet tillegg om nokre fantastiske kveldstimar eg har ein måndag var månad. Då set eg meg ned i lag med fem andre for å snakka, tenkja og be. I dag hadde Elise med seg ei plate. Ho spelte Agnus Dei (Guds lam) for oss og bad oss lytta i ettertanke for å opna oss for Gud. Det var fint. Eg ville unna alle å ha ein guddommeleg himmel over det heilage allminnelege livet me lever med heile oss.

Heidi

Luke fem

Bak luke fem skjulte det seg:

Frokost med Henrik og Eva Mari

Deilig togtur gjennom vinternorge

Jens Bjørneboe

Snødekte gater

Improvisert middag med to adventlys og åtte rundt bordet

Peparkakebaking

Ein stykk odelsgutt heim på juleferie

*

Nybakte rundstykker med kokte egg og sild til frokost. Så pakka me oss inn i mange lag yttertøy og gav oss på heimveg. Kjensla av å stå og frysa og venta på bussen gav meg plutseleg eit veldig fysisk minne av dei vintrane eg budde i Oslo. Det var to spesielt kalde vintrar og eg reiste mykje med buss. Plutseleg hugsa eg heilt tydeleg at dei bussane sjeldan var i rute

*

For meg er det noko nære på ein heilt optimal sundag å sitja på toget mesteparten av dagen og sjå ut på eit skikkeleg vinterlandskap med sol og snø og skog og alt anna som kan tenkjast å finnast på julekort med tema «white christmas». Det er kjempekoseleg å ha kjærasten min sitjande på setet ved sida av og lesa og lesa i Bjørneboebiografien medan me drikk kaffi frå termosen og skreller klementiner. Bjørneboe var eit veldig samansett menneske. Han var driven av mykje rart med ei slags eksistensiell trong til å vera ærleg. Han passa ikkje inn i nokon bås og hadde nok eit komplisert sinn samtidig som han hadde ein slags trong til å leva reint og ekte. Biografen maktar å gje eit veldig samansett bilete av ein veldig samansett person. Eg har lese ca 800 sider, og har framleis mange sider å sjå fram til. Eg såg at snøen i løpet av det siste døgnet hadde lagt seg her og, så nå er det viss full vinter i heile landet.

*

Vel heime så var huset fullt av ungdomar som hadde vore ute med skeiser og termos med kakao. Nå var dei klare for å baka peparkaker av ferdigdeigen me kjøpte på ikea, men først var dei svoltne. Syster dukka og opp som ei veldig koselg overrasking, men kva skulle me servera alle saman til middag? Me gjekk gjennom fryseboksen og varma det me fann av restar og ein ferdigpizza. Det vart så bra så.Midt i det heile hoppa og spratt det ein glad og opprømt mops som klarte å tissa i sofaen. I kveld glimta han ikkje akkurat til som veldig stoverein, men me får håpa me kjem dit ein dag om ikkje så lenge. Nå har kjærasten min vore på stasjonen og henta ein eldsteson som er ferdig med eksamen og skal vera vikar på den skulen han var på i fjor i morgontidleg. Vilde skal og overnatta. Nå har dei akkurat rydda kjøkkenet etter bakinga og forhåpentlegvis fått peparkakeelgar og peparkakerevar i kakeboksen. Nå er eg klar for kakeboksen, ehhh loppekassen sjølv. Det har vore ei intens helg.
Heidi

Luke fire

Bak luke fire fann eg:

Ein grytidleg morgon

Ein togtur inn i soloppgangen

Eit besøk hos svigerforeldra mine

Ein sekstiårsdag

Rapping for ein gjeng advokatar

Peparkaker med blåskimmelost

Bak luke fire skjulte seg som forventa ein grytidleg morgom med ei vekkerklokke som ringte halv seks. Ei snill og trøytt Ingrid kjørte oss til det tidlege morgontoget. Har innteke kaffi frå termos og brød med gulost. Akkurat nå testar eg ut kjærasten min sin ipad, eller kva det nå er det heiter. Eit strikketøy og 1400 sider Jens Bjørneboebiografi ventar. Om ein time går sola opp.

*

Og det gjorde ho, og toget tok oss heilt til Lysaker. På austlandet låg snøen kvit og rein.

Svigerfar feira ankomsten vår med å fyra i edomnan for første gong i vinter. Han gjorde det sitjande på ein stol for ikkje å missa balansen medan han siterte dikt på norsk og russisk og så skulle eg gissa kven som hadde skrive det. Eg klarte ikkje å gissa Per Sivle medan han telde seg ned frå ti til null sjølv om han peikte mot pannen med peikefingeren og sa pang pang medan han telde. Svigermor  varma pizza og varmde te og så sat me og såg på at mørket la seg rundt huset sjølv om det framleis var tideleg ettermiddag.

*

Hos Astrid og Einar var det dekka fine bor til nokonog tretti personar. Me fekk nydeleg skalldyrrett til forrett, andebryst til hovudrett og heimelaga marengs til dessert. På skjenken var det pynta med dorullnissar Joffe hadde laga med hovud som var foto av brørne Harboe. Eg fekk sagt at eg ønska meg sånne til jul . Eg og Eva Mari hadde tenkt ut at me måtte finne på noko heilt spesielt for å hylla skatterettsadvokatsvogeren vår på 60-års-dagen. Den sjølvsagte løysinga vart «ein svigerinnerapp! Ein svigerinnerapp? Ein sigervigervigervigerinnerapp.» Dei andre gjestene var humrekor etter intrikate klappesignal frå oss. Me snubla litt i teksten og performancen vår vart ikkje akkurat glattpolert, men på ein måte var det vel litt av greia at det ikkje skulle vera det heller… Det vart ein på alle måtar hyggeleg 60-årsdag.

*

Då me kom heim til Eva Mari og Henrik sånn litt utpå natta, var nokre av oss klare for litt nattmat. Eva Mari introduserte meg for den pikante og livsfarlege retten peparkaker med blåskimmelost med mandarinbåtar til. Livsfarleg fordi denne litt spesielle samansetjinga smakte heilt himmelsk og samstundes har eit innhald av kalorier og karbohydrat eg ikkje vil snakka høgt om… Men alle hobbygourmetjegarar: Prøv det!

Heidi

Luke tre

Bak luke 3 skjulte det seg

ein malande katt

og

ein firmafest.

Etter at kosekatt nummer ein Venus, vart sjuk og måtte avlivast, har katt nummer to, Cleopatra blitt meir og meir kjælen og heimekjær. Ein kunne mest tru ho hadde rykka inn i ei rolle som akkurat er blitt ledig. Nå i kulda virkar ho ekstra kosete, og ho har lagt seg til ein vane som er sjarmerande, men samtidig ganske utfordrande; Når ho er inne vil ho ligga på skrivebordet mitt under den gode varme skrivebordslampen og mala. Dette er i og for seg vel og bra, men problemet blir at ho kjem litt i vegen for hendene mine når eg sit og skriv. Dersom eg trekkjer det trådlause tastaturet mot høgre, går det bra å skriva likevel, sjølv om eg må kikka opp mot venstre for å sjå skjermen. Verre er det når ho gjer sitt beste for å få merksemd,og reiser seg opp og skuggar for skjermen. Ho legg seg inntil meg og mjauar og maler, eller rett og slett insisterer på å ligga oppå tastaturet. Når ho blir kasta ned, er ho på plass att etter 30 sekund. I dag sat eg og las i ei bok eg skal laga om til teater medan ho skreiv for meg. Ho spaserte oppå tastaturet og skreiv ei heil linje i eit einaste langt framandarta ord på noko som i beste fall er kattespråket. Det er nok ikkje lett for ein katt å få ein konkurrent i heimen i form av ein mopsevalp Ho viser visse teikn på sjalusi, så me passar godt på dei to når dei er i det same romet, men direkte aggressiv verkar ho ikkje. Oscar derimot hoppar, sprett og dansar og vil gjerne bort og snusa. Han veit ikkje sitt eige beste. Sjølv om dei er omtrent like høge, overgår ho han i tiande potens i motorikk, spenst og smidigheit. Cleopatra yndar å spasera på takmønet, og står på flate golvet og hoppar ut takluka. Vesle Oscar på si side står usikker og ventar på at nokon skal løfta han opp dersom det skulle koma eit trappetrinn i vegen, og han er framleis ikkje i stand til å hoppa opp eller ned av ein stol…

Firmafesten var ei forestilling på teateret, men me vart langt meir delaktige enn me hadde trudd. Då me kom fekk me utdelt namn og stilling i firmaet Nordkraft, sjølv var eg Susann Sandland, it- sjef. Skodepelarane møtte oss i foajeen og ønska velkomen til firmafest. Det er eit av dei mest finurlege og merkelege teaterstykka eg nokon gong har vore på. Det var ei blanding av såpeopera med ekte operainnslag, realityshow der me sjølv var deltakarar og firmafest med talar, karaoke, personalrevy, fyll og avsløring av hemmelege pikanterier. I pausen var det allsong i foajeen der tilsynelatande meir eller mindre berusa skodespelarar spelte gitar og saksofon og song i mikrofon. Underfundige greier. Både eg og kjærasten min og Ingrid likte stykket veldig godt. Det varte i heile to og ein halv time. Det vart steikt pølser på scenen, og me såg oss sjøle på storskjerm i deler av forestillinga.

Nå er det pakking og godnatt. Om alt går som planlagd, så må luke 4 opnast grytidleg og der inne kjem me til å finna ein togtur inn i soloppgangen,

Men framleis er det 3.desember.
Heidi

Luke to

Bak luke 2 fann eg desse elementa:

Ein uoppdaga mail,

ein gjenfrosen søppeldunk,

ein uventa telefon,

eit fantastisk glasmaleri,

eit bestillt operamanus,

ei lysande stjerne,

ei spøkelsesorteljing rundt blafrande eld

ein skremd polsk ballettdansar.

I kronologisk ordning hadde det seg slik:

Eg fann ein mail frå forlaget der eg har hatt ein omsetjingsjobb. Dei etterlyste bearbeidinga av ein tekst eg trudde eg var ferdig med. Eg vart lettare stressa og forstod ingenting… Var det ein viktig mail eg ikkje hadde fått? Etter litt detektivarbeid fann eg forklaringa. Eg har ein emailadresse eg mest aldri brukar, av ein eller annan grunn hadde eg send ein mail til oppdragsgjevar frå denne, og dermed låg mailen eg skulle ha lese for to veker sidan i ein postkasse eg ikkje har opna… Uff… Fekk forståing i frå oppdragsgjevar, og så var det bare å gå i gang med arbeidet, for nå har eg verkeleg dårleg tid på meg. Men i dag gjekk arbeidet lett og inspirert, så eg skal nok koma i mål. Eg fekk og skrive ein hummmm- rapp til bruk i helga, men den kan eg ikkje skriva om her i fall feil vedkomande mot all formodning skulle lesa bloggen min…

Ute var det grøssande kaldt i dag og. Det ligg tjukk skeiseis allereie, og det kan eg aldri hugsa at me har hatt før ved inngangen av desember. Dei dagane Ingrid er inne på universitetet er eg hundeluftar. Vesle hoppande glade Oscar Otto, som elles dansar av glede når han får koma ut, var ikkje begeistra for å måtta ut i hagen for å tissa. Etterpå var han iskald på labbane og skalv av frost. Då eg skulle ut med matavfallet, var loket på søppeldunken heilt fastfrose, og måtte tinast opp med ein varm klut.

Telefonen ringde, og ein stemme i den andre enden sa: «Hei, det er Mia». Mia er nabojenta frå eg vaks opp. Eg har bare snakka med henne ein gong på telefon på dei tretti åra sidan eg flytta heimefrå. Det var ein spesiell telefon å plutseleg få.

I januar skal me feira det store nye glasmaleriet som Per Odd Aarrestad har laga over heile fondveggen i kyrkja vår, den veggen som til nå har vore ei einaste stort teltforma vindauge. Fargane er sterke, sterkt oransje, sterkt gult og ulike blåfargar. I dag var dei på trinn tre av fire monteringstrinn. I den sterke ettermiddagssola fekk romet eit heilt nytt preg. Først nytte me synet, og så sette me oss ned til eit nytt komitemøte om glaskunstfesten 30.januar. Veggen med glasmaleriet gjer at kyrkja vår plutseleg liknar ein del på ishavskatedralen i Tromsø.

Eg var innom biblioteket, mellom anna for å sjekka om dei hadde eit barneteatermanus som skal vera gitt ut i bokform. Denne var ikkje å oppdriva verken her eller på andre terminalar. Derimot hadde dei ein operavariant i Bergen, så nå er denne bestilt til meg og skal hentast inn frå Bergen. Det er sikkert ikkje kvar dag det lokale biblioteket bestiller librettoar til operabruk, så det er jo fint at dei får testa ut den varianten av og til. Opera har eg ingen planar om å setja opp, men eg reknar med at manuset kan bearbeidast til barneteater.

På handleturen min kom eg over ei stjerne laga av kvistar med små elektriske lys i. Ho var sett ned til halv pris. Den som har nytt kjøkken treng ei ny adventstjerne til det nye kjøkkenet. Det seier jo seg sjølv. Så nå har eg adventstake og adventstjerne både i stova og på kjøkkenet. Nå trengst det bare ein skikkeleg rydde-og vaskerunde så skal det bli bra. Når eg skal få tid til akkurat det, er framleis eit ope spørsmål.

På skrivekurset sit me alltid i ring på golvet og snakkar og har eit par ringleiker før skrivetimen tek til. Eg har lova jentene at ein gong skal eg fortelja spøkelseshistoriar for dei. Dei bad meg tynt om det kunne bli i dag. Me sløkte lyset i romet, og lyset på gangen og sette eit brennande stearinlys i midten av ringen: Så fortalde eg om dei døde sin gudsteneste natt til julaftan. Det vesle tapre lyset blafra som eit lite bål, og stemninga vart magisk. Eg må bare passa meg for å ikkje skremma vitet av elevane mine. Eg elskar å fortelja spøkelseshistorier, og kan bli så ivrig at eg har problem med å begrensa meg.

Etter at eg hadde send heim elevane og lese tekstane deira gjenstod rydding og lesing av dagens tekstar. På veg ned til personalromet på strømpeleisten, for å legga på plass ei fyrstikkeske eg hadde lånt, ser eg Alina, den polske danselæraren vår. Eg seier eit muntert hei når eg er ein meter frå henne. Ho støkk så ho skrik høgt og hoppar til. Ho var sikker på at ho var heilt aleine i bygningen og hadde ikkje høyrt meg koma… Eg kan støkka på same måten sjølv av og til, så nå var det bare å klemma, trøysta og beklaga.

Og slik går nu dagan.

I dag har det vore 2. desember. Og framleis rekk eg å rydda litt før datoen endrar seg.

Heidi