som gjer at det blir lite bloggskriving.Eg veit ikkje kva det er, men om eg blar meg tilbake, så har det vore slik kvart år. Og endå så er eg ein av kanskje nokså få menneske som eigentleg liker denne månaden. Eg liker mørket og liker å tenna bål i peisen og å tenna stearinlys. Slike kveldar er fine å vera inne i. Og visst skjer det ting heile tida som eg kunne ha skrive om, det er bare det at før eg har fått skrive det ned så har det skjedd noko nytt. Eg hadde ein fin tur til Finnøy der eg fortalde historiar og las dikt, og om kvelden reiste eg heim med hurtigbåt og tog med ei øskje på fanget med deilige cherrytomatar og egg frå Finnøy. Før eg reisteut til øynå vandra eg nokre timar i storbyen, sat på kafe og leika forfattar pluss at eg vandra rundt i butikkar og kikka på folk og på julepynt. Ei dame kom inn i ein butikk og lurte på om dei hadde englar for folk som ikkje var veldig «englete» som ikkje hadde noko nært forhold til englar, men som likevel trudde det var meir mellom himmel og jord enn folk trudde… Ekspeditrisa var veldig søt og hjelpsam, men til slutt konkluderte dei med at slike englar hadde dei nok kanskje ikkje…
Nå i helga har eg rukke julebord med jobben, lørdagsskrivekurs med elevane mine der me laga illustrasjonar til ei billedbok me har skrive, «Reisen til julestjernen» i Storstova. Det var ei kjempefin teaterforestilling av veldig proffe amatørar som fekk meg til å kjenna meg som eit barn i førjulsstemning. Etterpå rakk eg å vera med og feira Maren sin 14-årsdag. Kunstutdtillinga eg betjente er send vidare. Nå gjenstår bare rapportskriving. Eg får gå i gang med det i morgon.
Av ein eller annan grunn brukar bloggelysta å venda tilbake i desember. Dei siste åra har eg pleidd å skriva litt kvar dag. Kanskje det får bli målet i dag og?
Heidi
Eg treng desperat ein skrivar som ikkje virkar. Tyr derfor til bloggen. Denne salmen har eg skrive:
Opna oss Gud, for kjærleik,
Gud, du som var og er,
hjelp oss å verna livet,
Skapar, kom ver oss nær.
Opna oss for dine under.
Ver hos oss, Jesus Kristus,
nær oss på plaga jord.
Frels oss til mot og fridom.
Lei oss i dine spor.
Opna oss for dine under.
Pust på oss, Heilag Ande,
livet finst her og nå.
Fyll oss med håp og visdom,
vis oss kor me skal gå.
Opna oss for dine under
Opna oss Gud for livet,
gjer oss til salt og lys.
Fyll oss med mot og styrke,
her er det folk som frys.
Opna oss for dine under.
Og denne har eg oversatt
Opna oss til å leva,
midt i eit liv som er
levande, varmt og sårbart,
hjelp oss å vera der.
Opna oss for dine under.
Jesus Kristus ventar, her i gata mi.
Han har ingen venner, alle går forbi.
Jesus her er eg, einsam slik som deg,
me kan dela brødet, dela du og eg.
Jesus Kristus rasar, her i gata mi
i mot egoisme, hat og apati.
Høyr på meg Jesus, eg er sint som deg.
Me kan protestera, saman du og eg.
Jesus Kristus lækjar angst og djupe sår,
tenner håp i mørket, der kynismen rår.
Eg vil gi omsorg, Jesus slik som deg.
Trøysta dei som gret og sørgjer på min veg.
Jesus Kristus dansar her i gata vår,
dansar tru og glede, dansen går og går.
Jesus nå vil eg dansa slik som deg,
dansa mot og tillit fylgja dine steg
Jesus Kristus kallar; Kven vil vera med?
Kven vil bera håpet, kven vil skapa fred?
Jesus her kjem eg, kan du bruka meg?
Eg vil ut på gata, du skal visa veg.
Og f0rdi eg treng dei og ikkje får skrive dei ut, legg eg dei her…
Heidi
Nokre dagar
har folk hengeøyre og hundenasar
når dei ser på meg.
Dei kan til og med sildenasar og grisetryne,
eller store tåpelege smil
fordi dei nettopp har kjøpt seg ei avis
eller blomar til kjærastane sine.
Husa i gata er rosa,
heilt til det skiftar til grønt
på neste side
der Donald Duck kjem springande
med den forferdelege naboen hakk i hel.
Ole Dole og Doffen er ferdige
med hakkespettmøta sine for sommaren.
Dei smugrøyker i ei portrom
medan dei tel pengane på sparegrisen sin.
Dolly vrikkar forbi med nye høghæla sko
og ein ring på fingeren
som gjer at ho ikkje ser kor ho trør.
Heldigvis for henne
trør ho rett inn i armane til heldige Anton,
som nettopp har møtt ein millionær
med grisenase og frakk med pelskrage,
som bare fekk lyst til å gje han to millionar.
Nå kan Dolly få diamantring
på den andre handa og,
Ho kan gløyma dei kvardagslege tankane
om at ho kanskje snart burde søkja seg jobb ein plass.
Klodrik snoflar rundt i nærleiken med den fjollete rosa topplua si,
og får Mikke Mus,
som er på veg til eit viktig møte med Politimeister Fix,
til å kikka opp frå notatblokka si.
Høgt oppe over taka på høghusa svingar Magica seg
med ein sveitt tiøring i handflata si .
Langt der nede ser ho Langbein spasera gjennom gata
med sin gamle ven Klaus
han er som alltid litt nedtrykt
med den store trekragen rundt halsen sin.
Langbein skal på eksamensfest til Ferdinand.
Han har vurdert å stiva seg opp på eit par supernøter ,
men har klart å ståtti mot innfallet.
Det ville vera flautt for Ferdinand
om han stod der i dei gamle ullunderkleda sine,
så ein får strama seg opp som best ein kan.
Bestemor Duck køyrer forbi i traktoren
med lange svarte gummistøvlar .
Ho har møkkagreipet klar,
på kjøkkenet ligg det ei høne i gryta
og fire eplepaiar med vaniljefyll
står klare i varmluftsomnen.
Det er framleis håp for verda.
Heidi
Pust på meg Heilage Ande
Blås meg nedover gata
så eg er på rett plass
og møter dei eg skal møta
Ver den kvite dua
som eg kan fylgja etter.
Vis meg mine vegar,
ikkje gløym å bruka meg.
Varm hjartet mitt nok
til at eg kan vera ute i kaldeveret,
og gjer hovudet mitt kaldt nok
til at eg kan bera klare tankar
til å bruka det
eg ikkje visste
at eg visste.
Ver krafta som eg ikkje kan stå i mot,
og vakt mine innfall
så dei ikkje legg seg heilt på tvers
og stengjer for det gode.
Ver kjærleiken eg ikkje har ord for
og stifinnar for lengten min.
Ver stemmen som kviskrar,
og meg ro til å høyra etter.
Ver i pusten min
så han fell til ro
når eg treng kvile
og pustar fort nok
når det er det som trengst.
Ver i hendene mine når eg foldar dei
eller strekkjer dei ut for å gripa
eller for å ta i mot.
Gjer meg open nok til å romma deg,
og fast nok til å helda deg fast.
Lær meg å telja dagar,
og stans meg når eg jagar vind,
Fyll min tome tanke.
Ver i mine tome sansar.
Ver flammen på hovudet mitt
og elden i hjartet mitt
Opna meg for små og store under.
Gjer meg til ein reiskap
for din fred og for din uro.
La meg bu i dagane mine,
og gi meg mot til å opna dei for andre.
Bruk meg Heilage Ande.
Fyll meg og gjer meg heil.
Heidi
Venninna mi skal vigslast til diakon. Ho har ny grøn skjorte med rundsnipp og kvit alba. Ein av diakonane prøver å læra henne korleis ho skal knytta belte rundt livet. Ho seier at i dag vil ho ikkje læra akkurat det for tankane er så fulle. Ho vil bare ha hjelp til å knytta og læra det ein annan gong. Me øver på seremonien. Eg kjenner meg så heldig som får lov til å vera med. Det kjennest som om ei viktig brikke fell ned på rett plass i livet hennar. Det er ei kort bønnestund i sakristiet før prosesjonen, biskopen finn ikkje notatane sine og er lettare stressa, men smiler og seier at då er me klare.
Så går me inn i prosesjon. Først konfirmantar med kvite kappar og svarte munkehetter nedover ryggen. Dei ber prosesjonskorset, bibelen og lysestakane. Så kjem dei to dåpsfylgja, dei leke forbedarane, diakonane, presten, prosten og biskopen. Eg er kledd i blomstrete kjole med lilla skjorte over og lurte først på om eg var litt for fargesterk, men dei geistlege plagga er til dels ganske fargesterke dei og. Me som skal vera med på forbøna sit framme i koret på stolar langs veggen slik forlovarane gjer det i bryllaup.
Biskopen held tale for venninna mi om å gå inn i tenesta og formanar om at hensikten er å vera i ferdige gjerningar og gå vegen som opnar seg, ikkje å imponera Gud. Venninna mi sit på ein stol med opne sansar. Andletet hennar er alvorleg og fortel meg at dette er noko ho går inn i heilt utan atterhald og med eit varmt hjarte. Så går me fram ein og ein og les bibeltekstar som er knytta til diakonviksling i Den Norske Kyrkja. Endå så van eg er med å lesa høgt, er det så høgtideleg at eg blir nervøs for å snubla i orda i dei ganske innfløkte setningane eg skal lesa.
Så kneler ho på knefallet framfor altaret, og me er ti personar som stiller oss tett, tett opp til henne med høgre handa på hovudet hennar. Så skal me be for henne og tenesta ho skal inn i. Biskopen les den offisielle bøna høgt, og me andre står tett i tett i bøn for det som er og koma skal. Det er mest så lufta dirrar rundt oss. Så ber me Fadervår, og eg trur aldri eg har stått så tett innpå så mange andre og bedd Fadervår høgt. Etter denne bøna knelar alle forbedarane saman med venninna mi på altarringen medan kyrkjelyden syng ei bøn.
Etter vigslinga er alle inviterte til kyrkjekaffi der ho får utdelt malteserkorset, vigslingsbrev og gode ord. Saman med familieog andre gode venninner som er samla i anledning dagen, dreg me heim til henne etterpå til lammelår og kransekake. Det er fint å få følgja nokon i høgtid. Eg høyrde eingong at definisjonen på høgtid er «den høge tida». Tida som stig opp over den vanlege tida og som blir ståande som fjelltoppar me alltid vil få auge på når me ser oss tilbake.
Når dei andre må reisa blir eg att. Me drikk krydderte og går tur med hunden, først ein tur i kveldsmørket og så ein i novemberlyset neste dag. Så set eg meg på bussen som skal ta meg til toget mitt. Me reiser gjennom eit haustlandskap delvis dekka av rim. I ein åker ser eg ein katt springa gjennom det høge graset med ei mus i munnen. På toget sviktar varmeanlegget i vogna mi, og me sit fullt påkledde og hutrar. Me rekk å få gratis varm kakao frå restaurantvogna før dei får fiksa det og me langsomt kan kle av oss yttterkåper, skjerf, hansker og luer. Ho som sit framfor meg er truleg musikar på eit eller anna plan, for ho sit med ei bunke noter på fanget som ho syng seg gjennom. Ho syng så lågt at det kankje er bare meg som høyrer det påheile toget, og kanskje høyrer eg det bare fordi eg er slik at eg ikkje klarer å la vera å bruka øyrene mine. Det har snødd langs store deler av strekninga, og det kvite lyser mot den mørknande ettermiddagen og kvelden. Etter mest elleve timar på reise kjem eg heim att og blir henta på stasjonen. Heime har det heldigvis ikkje lagt seg snø endå. Det kan venta litt.
Heidi
Eg har lese denne boka av Elizabeth Gilbert, som så mange snakkar om for tida. Det er ei sjølvbiografisk bok som fortel om Elizabeth som bryt opp frå eit liv som ho oppdagar at ho ikkje ynskjer å leva, og eit ekteskap ho kjenner seg stengt inne i. Ho dreg ut i verda for å prøva å finna fred med seg sjølv. I boka fylgjer me henne til Italia for å læra italiensk og eta italiensk mat, til India for å meditera, og til Bali for å gå i lære hos ein balinesisk medisinmann. Alt dette er djupast sett ei reise for å finna meininga med livet og sjelero.
Eg trur det er ei viktig bok, mellom anna fordi ho tek den åndelege dimensjonen ved livet opp på djupaste alvor. Eg trur det er ein straum i vår tid at folk oppdagar at det ikkje er gitt at ein har det bra med seg sjølv, sjølv om ein ytre og materielt sett burde vera glad og tilfreds. Kanskje er det slik at nokre menneske har meir uro og lengt i seg enn dei fleste andre. Kanskje er det slik at desse er meir på leit enn dei fleste og har lettare for å opna seg for åndelege og religiøse dimensjonar.
Ikkje veit eg, men det slo meg litt at det kanskje etterkvart blir meir stovereint att å snakka om åndelege ting. Eg trur og har erfart at i kyrkja finst det mykje av det same som forfattaren og mange andre leiter etter i India, på Bali og i ulike religiøse retningar. Eg tenkjer at me som står midt i dette landskapet kanskje ikkje har vore flinke nok til å formidla dette, at me ikkje vågar å stå fram som ein stad som har det aller djupaste å by på, at me heller konkurrerer med underhaldningsbransjen og kosebransjen om å laga det glatt og ufarleg i kyrkja. Ikkje veit eg. Eg vågar jo å tru at me har eit godt alternativ om me vågar å vera menneske som viser at me er vesen av kjøt og blod, tru og lengt, kvardag, vind og livskraft. Eller noko slikt…
Som alltid når eg ikkje har skrive blogg på lenge, så har eg så mykje å skriva om at eg ikkje klarer velgja og ikkje kjem i gang. Men nå kjem eg snart tilbake. – Trur eg.
Heidi