Under luke tjueein,
faktisk bare nokre timar inn i det nye døgnet fann eg:
Ein julesang eller eit juledikt,
eller kanskje noko som i det minste kan bli det etterkvart…
*
Det lyser ei stjerne i natta.
Ho lyser for håp og for fred.
Ho lyser for oss som leitar,
og alltid må gjera det.
*
Ho lyste ein gong over stallen,
for menn utan makt, utan ry
for slike som jobba ute
om natta ved Betlehemby
*
Ho lyste for han som var trufast
mot planen som var blitt lagt,
som støtta ei sliten kvinne
så langt som det stod i hans makt.
*
For ho som var sårbar og lydig,
som hadde fått kjenna på skam,
som måtte dra ut på vandring,
og fødde så snart ho kom fram.
*
For guten som føddest til uro
for flykten til framande land,
for han som vart himmelsk annleis
ein kvilelaus, kjempande mann.
*
Ho lyste for desse så rike,
så mektige, undrande menn,
dei som ikkje eingong visste
heilt klart kor dei skulle dra hen.
*
Me kjem med urolege hjarte
på leit etter kvile og fred
Me ber på ein rastlaus lengsel,
me aldri blir ferdige med.
*
Å Gud, ta i mot oss som leitar
som kjem hit med nølande steg,
og la oss i glimt få kvila
i lyset frå stjerna hos deg.
Heidi
I går morges høyrde eg Herbjørg Wassmo seia på radio at i jula stikk det vesle barnet inni oss hovudet fram på hjelpelaus jakt etter gleden. Då fekk eg det for meg at eg måtte skriva ein song, eller i alle fall ein tekst som handla om dette å vera liten og rastlaust leitande etter noko som me ikkje veit heilt om me torer å tru på. Det er ein prosess eg av og til bare havnar i. Eg går ein dag og veit at i kveld, eller kanskje i morgon skal eg skriva ein tekst, og framleis veit eg ikkje heilt korleis han kjem til å sjå ut.
I jula og i julesongane er det mange klisjear. Og dei små barna inne i oss er glade av klisjear, trur eg, samtidig som dei gjer oss barnsleg sinte. Me er jo eigentleg på jakt etter noko som er ekte. Eg har prøvd å ta menneska i denne historien litt ned frå det opphøgde, glansbilete, A4- perfekte, for det perfekte er ikkje lenger menneskeleg. Om eg har lukkast i dette, veit eg ikkje. Eg må nok jobba vidare, telja rytme, prøva ut, forkasta og setja inn. Og så vart dette ein veldig lang tekst slik som mykje av det eg skriv har ein tendens til å bli… Truleg er eg litt for glad i ord, og litt for lite flink i avgrensingskunsten… Men det får stå slik som dette i nokre timar i alle fall. Kom gjerne med kritikk.
Om det er smart av meg som leikar forfattar å legga ut uferdige tekstar, er eg veldig usikker på. Men det er liksom ikkje mitt image å vera smart, trur eg…
Ha ein fin dag.
Heidi
For å gjera noko heilt anna, der fann eg ei liste
1. Hur gammal är du om fem år?
54…
2. Vem var den sista du träffade?
Gjekk nettopp heim med kjærasten min. Men der eg var traff eg Inger, Arne og mange trivelege gjester.
3. Hur lång är du?
1.61
4. Vilken var den senaste film du sett?
Såg halve «Parfymen» med Ingrid på torsdag kveld, ser resten seinare.
5. Vem ringde du senast?
Onkelen min
6. Hur löd ditt senaste sms och till vem?
Til syster mi: «Ho er blitt så ivrig med handball nå.»
7. Vad är dagens planer?
Er i ferd med å avslutta dei. Har skrive julebrev, kokt julegrøt, Laga kalendarar og vore på besøk.
8. Föredrar du att ringa eller skicka sms?
Sms
9. Är dina föräldrar gifta, sambos eller skilda?
Dei har gullbryllaup på nyttårsafta
10. När såg du senast din mamma?
Då me var på dagstur til farmor for eit par veker sidan
11. Vilken ögonfärg har du?
Blå
12. När vaknade du idag?
Halv ni
13. Har du någon gång hittat en katt?
Nei, men ungane mine har funne fleire, og to av dei vart buande hos oss. Den eine har me framleis.
14. Vilken är din favoritplats?
Ein av dei er nede ved havet.
15. Vilken plats föredrar du minst?
Venterom hos legar og tannlegar.
16. Var tror du att du befinner dig om tio år?
I det same huset som nå.
17. Vad skrämde dig som barn?
At bestemor skulle døy, spøkelse og gjengangarar.
18. Vem fick dig att skratta senast?
Ståle som skreiv noko på facebook.
19. Är du för ung för att äga vinylskivor?
Nei
20. Har du stationär eller bärbar dator?
Stasjonær, men har viss fått overta ein berbar og som eg ikkje har teke i bruk.
21. Sover du med eller utan kläder på dig?
Med. Kor mykje kjem an på kor kaldt det er.
22. Hur många kuddar har du i sängen?
Mange
23. Hur många landskap har du bott i?
Mange
24. Har du någon gång spytt på fyllan?
Nei, held meg edru, er kjedeleg slik?
25. Föredrar du skor, strumpor eller barfota?
Barføtt
26. Är du social?
Ja, men trivst i eige selskap og.
27. Vilken är din favoritglass?
Softis
28. Vad skulle du göra om du vann en miljon?
Håpar eg ville hatt vett til å gje vekk.
29. Tycker du om kinamat?
Ja
30. Tycker du om kaffe?
Ja.
31. Vad dricker du till frukost?
Kaffi og vatn
32. Sover du på någon särskild sida?
På magen.
33. Kan du spela poker?
Nei
34.Tycker du om att mysa?
Ja, i svensk forstand.
35. Är du en beroendemänniska?
Ikkje utprega trur eg, men tek kanskje feil.
36. Känner du någon med samma födelsedag som din?
Ja.
37. Vill du ha barn?
Har fire og skulle gjerne hatt fleire.
38. Kan du några andra språk än svenska?
Ja, kan kanskje diskuterast om eg verkeleg kan svensk og.
39. Har du någonsin åkt ambulans?
Ja, ein gong med bestemor og to gonger med ein onkel-. Som ledsagar, heldigvis
40. Föredrar du havet eller en pool?
Havet
41. Vad spenderar du helst pengar på?
Det som måtte falla meg inn som nødvendig eller fornuftig.
42. Äger du dyra smycken?
Nei, mistar dei bare, så det kan eg ikkje ha.
23. Har du någon gång testat narkotika?
Nei
44. Vad var det senaste du stoppade i munnen?
Ein tørr kavring.
45. Vem är den roligaste människan du känner?
Eg samlar på morsomme menneske, dersom eg vart nøydt til å framheva for eksempel fire, så fekk det bli kjærasten min, Ingrid, Jan Ivar og Gunn,
i alle fall om kriteria for eit morsomt menneske er ein person som får meg til å le høgt.
46. Välj ett ärr på din kropp?
Keisarsnittarret som har vore opna fire gonger.
47. Vad har du för ringsignal?
Standard Nokia
48. Har du kvar klädesplagg sen du var liten?
Ein rødrutete overall og ein gulrutete kjole med ein kanin med bjelle på på bærestykket.
49. Flirtar du mycket?
Det vil eg ikkje tru.
50. Vart togs din profilbild för din blogg?
Ingrid tok det.
51. Kan du byta olja på bilen?
I teoien kanskje…
52. Har du fått fortkörningsböter?
Nei.
53. Vilken var den senaste bok du läste?
Ein Jens Bjørneboebiografi av Tore Rem.
54. Läser du dagstidningen?
Delvis.
55. Prenumererar du på någon veckotidning?
Nei.
56. Dansar du i bilen?
nei.
57. Vilken radiostation lyssnade du på senast?
P2
58. Vad var det senaste du krafsade ner på ett papper?
Adresser på julebrev.
59. När var du i kyrkan senast?
På gudsteneste og konsert sist sundag, på komitemøte på torsdag
Jaha…
Heidi
Bak luke sytten fann eg:
Koselege timar med julepost og kalendarar
Ein katt som ville vera med
Eit tastatur som ikkje ville vera med
Fin musikk
Julelunsj med kulturskulelærarane
Julefest med salsadansarar
Når eg sit og skriv, kjem Cleopatra, katten vår. Ho insisterer på å ligga mellom meg og skjermen. Helst vil ho ligga oppå tastaturet. Det fører vel kanskje til at det går ekstra mykje straum til det trådlause tastaturet. Ikkje veit eg, men plutseleg var batteria flate att, og det var ikkje lenge sidan sist det skjedde. Musa virka framleis, men ikkje tastane. Eg kunne bare bruka macen til å høyra musikk via linkar som låg der allereie. Eg høyrde mykje på Kristin Asbjørnsen. Ho har ein fantastisk stemme. Eg tok tastaturkrasjet som eit teikn på at eg skulle jobba utan datamaskin i går. Eg sette meg i staden til med julebrev og kalenderproduksjon. Det var koseleg.
Så var det ut i det usannsynleg kalde veret. Her me bur kan det vera frykteleg kaldt med bare eit par minusgrader fordi det kan blåsa så kaldt, og luftfuktigheita gjer at kulda går gjennom marg og bein. Me åt deilig tacosuppe heime hos Inger, og etterpå var det deilig moltekrem, krumkaker, lefse og gome. Eg vurderer sterkt å koka gome før jul, men ikkje sei det til kjærasten min. Han synest eg har nok å gjera før jul, og som den austlendingen han er, så kan han ikkje utstå gome… Eg satsar på at han ikkje har tid til å lesa her så tett innpå jul.
At eg omgåst ein gjeng pasjonerte salsadansarar kunne jo ha sagt ein heil del om meg. At det i grunnen ikkje gjer det i det heile tatt, treng eg jo ikkje skriva. Men det vart ein koseleg kveld sjølv om danseferdigheitane ikkje er noko av det eg heiser høgast opp i flaggstonga. Seine kveldar og julerot. Det er meg på denne årstida. Eg trivst viss godt med det sidan det alltid er slik det blir. Og sånn får det få vera.
Eg minner om at alle med ein konsulent i magen, eller mellom øyrene kan henda, jan klikka på «Luke fjorten» i menyen og koma med ein kommentar om eit eller fleire av dei sju dikta der. Så sant det på den eine eller andre måten blir ei diktsamling etterkvart, skal eg trekkja ut tre av dei som har hjulpe meg med tilbakemeldingar til å få ei gratis diktsamling i posten eller i handa…
Heidi
Bak luke seksten skjulte det seg:
Ein dag i boktrykkarbransjen
Møte i kulturkomiteen
Julesnø
Skrivekursavslutning med spådomar i kinderegg
På kulturskulen har me ein veldig fin maskin til å binda inn bøker med. Slike bøker med plastomslag og spiralrygg. Etter ein del timars innsats låg 45 eksemplar klare av biletboka «Engelen Egil», som skriveklassen min har laga. Boka handlar om himmelbyen, om alle englebarna som bur der, om den strenge Hr Engel som ikkje synest at englebarn skal tygga tyggis og le høgt, og om den snille og omsorgsfulle Thorbjørg i himmelkantina som tek vare på dei. Det viser seg at Teddy, bamsen til engelen Egil ikkje er ein vanleg bamse. Nokon har gitt han eit steinhjarte. Det vil seia at han er blitt levande, men det vil og seia at han er blitt ond. Egil blir frykteleg lei seg den dagen han ikkje finn bamsen sin…
Som om ikkje det var nok kultur, så hadde me møte i kulturkomiteen om det som skal skje på den store glaskunstfesten sundag 30 januar i beste motsoltid. Plutseleg gjekk det opp for meg kor stort arrangementet er, og kor pass mykje ansvar eg har for det heile. Eg skal fortelja, administrera ungar og innleigd tusenkunstnar og tryllekunstnar. Det blir nok bra.
Det snødde store delar av dagen og vart ganske glatt. Eg klarte til og med å detta i ei bratt trapp. Måtte klamra meg til rekkverket for å koma meg opp, nesten synd at ingen fekk nyta synet for alt det var verd… Natta før drøymde eg at eg var ute og jogga/ sprang og at det kjendest herleg. For meg var det ein veldig sjelde draum, men Ingrid seier at ho ofte har springedraumar. Det er slike draumar der ein spring langt og fort utan å bli sliten, nesten som han i Ivo Caprino- filmen som skal til Verdens Ende for å henta vatn til prinsessa sin te. Satsar på at det er ein draum som varslar ei ny og sprekare framtid. Sven Serigstad, here I come…
Og ein gong lærde eg å spå i kinderegg, av og til tek eg fram gamle kunstar…
Og dersom nokon ikkje har oppdaga sjansen til det, så kan dei gå inn på luke 14 og kommentera dikta mine. Ei eller annan diktsamling blir det nok til slutt. Då skal eg trekka ut tre av dei som har hjulpe meg med tilbakemeldingar i prosessen, og senda dei ei gratis diktsamling. Heidi prøver seg på marknadsføring. Er redd det blir som den der serien i «Senkveld». «Harald gjer ting han ikkje kan…