Klokka nnærmar seg ti. Dei fleste gjestene har gått til ro eller reist heim. Me har hatt ein fin dag og ein fin kveld.
Dagens hhelt er svigersonen Trygve som har stått på kjøkkenet sidan klokka åtte i dag morges for å tilbereda austlandsk juleribbe etter alle kunstens reglar. I tillegg hadde me vestlandsk pinnekjøt så alle vart fornøgde, og til frokost år me Sunniva sitt nydelege surdeigsbrød.
Vesle Tage opplevde sin første julaften med litt hoste og snott i nasen, men han var blid og glad og veldig begeistra for å få Fantusbamse, dokke og nye klær. Iben song med barnekoret i kyrkja, og Hella var delvis med på songen ho og.
I morgon blir me mange til middag då og, men det kjennest ikkje som noko ein bør bli stressa av. Nå skal eg bare rydda unna julegavane og ta tidleg kveld.
Hos oss lever skjøre ting utrygt. Denne fine julekula, som eg har arva etter bestemor, låg knust i julepynten, som nok var litt for uforsiktig lagra.
Det betyr ikkje at me ikkje har nok juletrepynt. Treet er akkurat ferdigpynta nå på seine kvelden, og er fylt til trengsel av pynt frå mange ulike årtier. Noko stammar frå utlandet, og noko er heimelaga. Noko er dyrt og veldig fint. Anna får bare henga med av sentimentale grunnar. Faktisk er det framleis ganske mykje pynt igjen i kassen, men edelgrana me har kjøpt og spylt og tørka før jul, i håp om at ingen skal bli allergiske, har så mjuke glatte nåler at ting sklir av når greinene blir for fulle.
Ikkje eit einaste år rekk eg å gjera alt eg har tenkt før jul. Eg lurer på korleis «alle andre» klarer det. Eller kanskje dei ikkje klarer det dei heller?
Det har vore ein fin og travel dag med julegjester og andre som høyrer huset til. Klokka fire kom alle vaksne barn, og dei andre barna. Så fekk småjentene hjelpa til med å pynta juletre før me hadde graut med mandel, julebrus, kaffi og julekaker. Eg er djupt takknemleg for alle mine og for å få lov til å ha så mange fine folk rundt meg.
Klokka ti i kveld stod eg på kjøkkenet og pussa sølvskeier, nesten litt i smug, mens eg prøvde å få rydda alt rot av kjøkkenbordet. Eg prøvde å få litt skryt av yngste som min som kom ut med diverse frå stova. «Legg merke til kor husmoderleg mor di prøver å vera, sjølv om ho ikkje får det heilt til», prøvde eg meg med…
Svaret hans var i grunnen ganske klokt: «La oss bare embraisa at me er familien Viltersen. Me lever godt med det litt ufullkomne. Det viktigste er at me har det fint i saman.» Det har han rett i.
Det er ein gammal familiehistorie frå Harry Potter-bøkene og filmane si første tid. Endeleg fann me ein filmfamilie som likna litt på oss, sjølv om den aktuelle familien faktisk er trollmenn.»Hugs at me er oppvaksne i familien Viltersen,» er eit uttrykk alle i familien vil forstå dersom det blir sagt rundt bordet.
Nå skal morgondagens vertinne leggja seg før ho blir alt for trøytt og la julepynt vera julepynt…
Etter uveret i går vakna me til nydeleg ver i dag. Ei perlemorsky forma som ei fredsdue fløy over himmelen. Eg hadde lyst til å fotografera for å ha bevis, men fann ikkje mobilen i tide. Me får håpa og satsa på at det var eit godt teikn for jula og det nye året.
Sjølv tok eg meg ein føremiddagsrunde med barnevogn rundt Tjødnå, for eg trudde «badne» var klar for å sova litt. Det var han tydelegvis ikkje. I staden låg han i vogna og småpludra på eit språk bare han heilt kan forstå
Når eg seier til mor at nokre av barnebarna har litt vel lite behov for søvn, så svarer ho med «Du sov veldig lite du og…» Me får velja å sjå på det som di slags anvendeleg superkraft, sjølv om barn som er mykje vakne om nettene, vaknar grytidleg og har lite behov for å kvila om nettene kan vera heftig kost kor dei som skal passa på dei.
I dag ankom ein ny julegjest, Trygve. Han er pappa til han som helst vil vera vaken, så nå er me mange til å avlasta kvarandre.
Me har hatt fikk jentelunsj for fire generasjonar på Figgen hos lillesyster i dag. Det var fint. Arbeidsrommet er rydda og juletreet står på for klar til pynting. Dette kan gå bra ❤️
Ingen jjulesongar eg kjenner til startar med setningen «Når nettene blir korte». Kanskje eg må skriva den songen sjølv, for sjeldan har eg kortare netter en rett før jul. Eg er langt frå ferdig med det eg hadde tenkt å gjera, men når klokka bikkar kvart over to om natta, er det utan tvil lurt å koma seg i seng.
I dag har eg brukt dagen på spennande salmearbeid og på å underhalda den yngste julegjesten. I dag fekk me og prøvd oss som barnevakter. Nå har han fått mor si tilbake og sjølv søtt. Det håpar me han har tenkt å gjera nokre timar til for dei siste nettene har morgonane vore så tidleg at eg ikkje har lyst til å skriva talet ein gong.
I mmorgon blir det ein ny innhaldsrik dag om alt går etter planen, så «Til rors Columbus!» I dette tilfellet betyr det: «Kom deg i seng, Heidi!»
Så er siste konvolutten opna i adventkalendaren på skulen, og julepynten teken ned frå veggane før elevane gjekk heim. Ryddigare sjeler enn meg hadde bestemt at klasseroma skulle strippast for juleting før me tok ferie slik at alt stod klart til januar »med blanke ark og farjestifter tel…» Det er sikkert ei klok avgjersle, sjølv om eg innerst inne ville likt å ha det slik til trettande dagen eller kanskje tjuande dagen. «Må me verkeleg ta vekk jula før jul?» var det nokon som spurte. Svaret var at det måtte me, men som eit kompromiss har me lagt glanspapirlenkene som hang i taket inn i skapet slik at me kan bruka dei neste jul og…
«Når me kjem tilbake, er det sånn vaaanleg skule med vanleg norsk og matte og engelsk?» spurde dei vidare, og det er det… Kvardagar er nok framleis mest haldbare i det lange løpet, men nå har me lang tid på oss til å feira, kvila og skru oss tilbake til normalen.
Me hadde ei fin samling i aulaen der elevane fekk takka av rektor Tore som skal vidare til nye oppdrag. Eg vil tru han kjende masse varme frå både små og store. Nå startar me med ny rektor etter jul, og Jone skal vera varmt velkomen.
Etter at me hadde send heim ungane og hatt ein ekstra rydderunde var det tid for høge smørbrød og feiring av juleferie. Her fekk me og avsløra hemmelege nissevenner, og eg fekk vita at det var May Bente som i smug hadde sett den fine snømannkakaokoppen på biletet, sjokolade, heimebakte julekaker, sjokolade og julekaffi på pulten min. Tusen takk. ❤️
Eg gjekk heim med rak rygg etter å til slutt få til å fakturera Time kommune for utlegg med bokproduksjon i kulturskulen. Eg har brukt mykje krefter på å utsetja den prosessen og grua meg til å gjera det. Eg fekk rydda vekk alt som ryddast skulle frå klasserom og skrivebord. Det første med veldig god hjelp frå ryddige medarbeidarar…
Det er koseleg å koma heim til eit hus det det ventar ein åtte månadar gammal baby. Det er koseleg at Halvard lagar middag og serverer lun gnoccisalat. Det er koseleg å leggja minstebarnet, å ha ein liten babykropp tett inntil seg mens barnet sovnar fredeleg. Det er òg koseleg å eta yngstedottera sitt heimebakte surdeigsbrød og sitja tett saman i sofaen og sjå på TV.
Nå har det blitt nokre timar med anna jobbing. I dag var morfar kjempeflink og tok morgonvakta frå rundt fem og to timar utover med ei opplagd liten krabat som var klar for frokostgrøt og oppdaging av livet medan mamma, mormor og onkel meir enn noko håpa på å få sova litt til.
Ei kkan alltids håpa på at den nemnde morfaren les dette som tidleg morgonlektyre og blir så smigra at han føler for å gjenta suksessen. I skulen kallar me den pedagogikken for positiv forsterkning.
Nå sskal eg unna meg den store gleda å skru av den faste morgonalarmen før natta innhentar meg. Er det dette som er den mørkaste natta i året, mon tru?
Biletet over er frå ein veldig tidleg morgontime med ein lys vaken liten gut. Han strekkjer seg nysgjerrig mot stjerna, og vil gjerne utforska alt han ser. I dag fekk eg begge endane av dagen hans. Me trener på at det skal kjennast trygt og greitt å bli lagt av nokon andre av mamma eller pappa. Slikt er greitt å kunna i tilfelle barnevakt.
Me har hatt ein veldig fin kveld rundt brettspelet Hint. Det er ikkje ofte eg og pilgrimen og alle dei fire barna våre brukar kveldstimane på å spela saman.
I morgon er det siste skuledag før jul. Dagane spring i frå meg, men eg trøyster meg med at eg heng nokonlunde med likevel.
Dei som er seks år, og dei som er tre år og for den saka si skuld, blir plutseleg veldig store når dei skal samanliknast med eit åttemånadars syskenbarn som kjem på besøk. Begge dei to store er veldig søte med han og vil gjerne vera med og passa godt på han.
Eldstejenta, som nettopp fylde seks i oktober, ville gjerne teikna han og. Ho studerte ansiktet hans nøye før ho sette i gang med blyanten. Undervegs kommenterte ho sitt eige arbeid med fløyelsstemme: «Og så må han få silkeblåe aue, for dæ he an jo…» Blåfargen på portrettet over er altså «silkeblå» om nokon måtte lura… Og mormora, velsigna vere henne i all sin manglande objektivitet, synest i grunnen at det liknar.
I dag fekk elevane vera med på noko kjekt. Klassekontaktane hadde oppdaga at det var eit tilbod på klassebowling, og sidan det var litt pengar på klassekontoen spurde dei oss om dei fekk lov å gi elevane denne opplevinga. Det var veldig vellukka, ungane oppmuntra og backa kvarandre opp på ein heilt nydeleg måte. Dei som hadde utforska kast med ein liten knekk i handleddet demonstrerte for dei andre som òg måtte prøva om det var betre slik.
Ferien nærmar seg med raske steg. Eg er glad for at me vart einige om å ha nokre veker med fokus på det sosiale. Me har våga å leggja «det faglege» trykket bittelitt ned, kontaltlærarane har hatt meir tid med eigne elevar og me har prioritert å bruka tid på formingsaktivitetar, song, leik, høgtlesing og ulike former for elevaktivitet. Nå er me litt slitne alle saman og ser fram til ferie og ein omstillingspause før timeplanen rullar som normalt igjen på nyåret.
Etter å ha pakka meg ut frå jobben har eg handla julegåver og laga risbollar. Nå håpar eg at ein litt tidlegare kveld enn vanleg skal gjera underverk 😁
I går lova eg å skriva litt meir om laurdagskvelden i Gamle Stavanger. Linn og Karleif har kjøpt eit gammalt verneverdig hus i den gamle bydelen. Dit var me så heldige å vera inviterte saman med mange andre hyggelege menneske. Nokre av dei kjende me frå før, nokre hadde me møtt eit par gonger og andre var heilt nye.
Der inne mellom hundrevis av englar, heilage tre kongar, blomar, kunst og dekorasjonar var det dekka langbord og tend mange lys. Den tronge gata går rett utanfor vindauget, og folk som var ute og spaserte kikka inn til oss.
Alle hadde bidrege med mat til eit rikhaldig kveldsmåltid og julesongar låg klar i tjukke hefte. Alle var utfordra til å dela eit eller anna, og med mange dyktige musikarar vart det reine konserten. Veldig fint å få vera med.
Halvard kom heim på juleferie på lørdag og kan gleda seg over at eit prosjekt han og to andre har jobba med i eit halvt år nå er kjøpt inn av NRK slik at oppdraget kjem til å halda på eit år framover. Me er lova at me skal få sjå piloten, og eg er advart om at eg strengt tatt ikkje høyrer til målgruppa.
Det er fantastisk å ha Halvard, Sunniva og Tage heime, og eg nyt at eg dei siste to dagane har hatt tid i lag med alle dei fire barna mine og alle tre barnebarna. Eg, Sunniva og Tage har vore ute på tokt i dag og fått ordna litt forskjellig. Nå blir det nokre intense dagar med jobb på dagtid og julerelatert jobbing pluss litt anna på ettermiddagar og kveldar. Det skal bli fint og intenst.
I dag får det bli kortversjonen: Tre stk barn starta dagen i femtida. I dag har v eg vore i lag med alle barna og barnebarna våre. Slikt liker me. Nydeleg kveld i gamle Stavanger hos Karleif og Linn. Får utdjupa meir seinare ❤️
Det å stå opp med yngste barnebarnet er ikkje den verste måten å starta ein dag på. Han er tillitsfull og blid sjølv om me ikkje har sett han på nesten to månadar, men han har det travelt med å oppdaga livet. Det siste har eg ei viss forståing for.
I dag hadde me julelunsj med kulturskulen på Smiegarden på Umheim. Avslutningar med kulturskulen er alltid så koselege med mange fine musikkinnslag, masse allsong og god mat. Eg liker meg veldig godt i dette skuleslaget der kreativitet og det å veksa som menneske gjennom kulturutøving. Dei siste 23 åra eller noko slikt har eg hatt ein del av stillinga mi der. Først var eg dramalærar i lag med Jan Ivar, så var eg drama- og skrivelærar og dei siste 12-13 åra bare lærar i skapande skriving og med manusansvar for 10.klasse-forestillinga. I dag var deler av lunsjen som å vera på konsert. To av mine dyktige kolleger, Torill og Øyvind framførde jærsk julevise på ein heilt ny og veldig vakker måte.
I ettermiddag har me fått to nye små overnattingsgjester i tillegg til han som kom i går. Iben og Hella er sjarmert av det vesle søskenbarnet sitt og vil gjerne hjelpa til og passa han. Sengekabalen i natt er at eg overnattar på eit av gjesteroma på loftet i lag med begge jentene. Me håpar dei tre yngste i huset ikkje skal halda kvarandre vakne, for ingen av dei kastar vekk meir tid enn nødvendig på nattesøvn, og alle er glade i å stå opp så tidleg som mogleg.
Eg må innrømma at det å sova med små pustande menneske inntil seg i grunnen er veldig koseleg. Nå sløkkjer eg lyset og satsar på ei fredeleg natt og sein frokost…